7749_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7749
Elproduksjonen høgare enn nokosinne
statistikk
2000-07-13T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetmai 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Elproduksjonen høgare enn nokosinne

Produksjonen av elektrisk kraft var rekordhøg i mai med 11 288 GWh, ein auke på heile 28,0 prosent samanlikna med mai 1999. Forbruket av elkraft var 9 121 GWh. Dette er ein auke på 0,2 prosent frå mai månad i fjor.

 Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i mai. 1979-2000. GWh

Produksjonen av elektrisk kraft i mai var 21,5 prosent høgare enn den tidlegare rekorden for mai månad og var 2 447 GWh eller 27,7 prosent høgare enn gjennomsnittleg elproduksjon for denne månaden dei siste 10 åra. For perioden januar til mai i år har produksjonen av elkraft også vore rekordhøg med 62 719 GWh, noe som er ein auke på 20,9 prosent i forhold til same periode i 1999 og ein auke på 15,8 prosent samanlikna med tidlegare rekord for perioden frå 1996. Produksjonen dei siste 12 månadene var 133 499 GWh. Dette er ein auke på 15 101 GWh samanlikna med tilsvarande 12-månadersperiode i fjor. Den høge produksjonen av elkraft kan til dels forklarast med det relativt høge tilsiget og innhaldet i vassmagasina.

Innhaldet i vassmagasina var i midten av mai 49,9 prosent av total magasinkapasitet. Det er 7,7 prosentpoeng høgare enn for tilsvarande veke i fjor og 13,1 prosentpoeng høgare enn medianen på same tidspunkt (måndagen i veke 20) i åra 1990-1999.

Norsk elproduksjon baseres i hovudsak på vasskraft. For dei siste 12 månader utgjorde vasskraftproduksjonen omkring 99,4 prosent av total elproduksjon, medan vindkraft og varmekraft utgjorde resten. Produksjonen av elkraft i dei andre nordiske landa er sett saman på ein annan måte. I 1999 utgjorde vasskraft 46,8 prosent og kjernekraft 46,6 prosent av Sveriges totale elproduksjon. I Danmark baseres elproduksjonen i hovudsak på varmekraft og den utgjorde 91,9 prosent i 1999, medan vindkraft utgjorde 8,1 prosent. Dette gjer at Danmark har den største del vindkraftprodusert elektrisitet i Norden. I Finland sto vasskraft for 19,4 prosent av total produksjon av elektrisk kraft i 1999, medan varmekraft og kjernekraft utgjorde respektive 47,8 og 32,8 prosent (Elmarknaden 2000, Energimyndigheten, Sverige).

Elforbruket fortsett å auke

Forbruket av elektrisk kraft var i mai 9 121 GWh. Dette er ein auke på 0,2 prosent samanlikna med tilsvarande månad i fjor. Til samanlikning har den gjennomsnittlege veksten i elforbruket for mai månad dei siste 10 åra vore 1,7 prosent. Hittil i år har elforbruket vore rekordhøgt med 56 613 GWh, som er ein auke på 3,5 prosent samanlikna med den tidlegare rekorden for perioden. Forbruket dei siste 12 månadene var 122 730 GWh.

 Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh

Framleis høg eksport av elkraft

Den høge veksten i elproduksjonen samanlikna med veksten i elforbruket har gjeve eit rekordhøgt eksportoverskot for mai månad. I mai var nettoeksporten av elektrisk kraft 2 167 GWh. Til samanlikning var det eit importoverskot på 279 GWh i same månad i fjor. Verdien av eksportoverskotet i mai var 168,2 millionar kroner. Hittil i år har Noreg eksportert 6 714 GWh og importert 608 GWh. Dette gjer eit eksportoverskot på 6 106 GWh, som er det høgste eksportoverskotet av elkraft for denne perioden sidan 1991.

Tabeller: