7751_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7751
Høg produksjon av elkraft
statistikk
2000-06-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetapril 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høg produksjon av elkraft

Produksjonen av elektrisk kraft var i april rekordhøg med 11 618 GWh. Dette er ein auke på 25,1 prosent samanlikna med april i fjor. Elforbruket var 10 439 GWh, noe som inneber ein nettoeksport av elkraft i april på 1 179 GWh.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i april. 1979-2000. GWh.

Produksjonen av elektrisk kraft på 11 618 GWh i april var 12,6 prosent høgare enn den tidlegare rekorden for denne månaden frå 1989, og er 21,0 prosent høgare enn den gjennomsnittlege elproduksjonen for april månad dei siste 10 åra. Produksjonen av elkraft var størst i Nordland med 1 450 GWh, som utgjer 12,5 prosent av total elproduksjon i april. Den totale produksjonen av elektrisk kraft dei fire første månadene i år var 51 431 GWh mot 43 045 GWh i tilsvarande periode i 1999. For dei siste 12 månader var produksjonen av elkraft 131 032 GWh, ein auke på 11,5 prosent samanlikna med tilsvarande 12 månaders periode i fjor.

Fyllingsgraden i vassmagasina var i midten av april 39,1 prosent av total magasinkapasitet. Dette er 4,2 prosentpoeng lågare enn for tilsvarande veke i fjor, men 0,8 prosentpoeng høgare enn medianen på same tidspunkt (måndag i veke 16) i åra 1990-1999.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh.

Høgt eksportoverskot

Eksporten av elektrisk kraft i april var 1 276 GWh, medan importen var 97 GWh. Dette gjer eit eksportoverskot på 1 179 GWh, mot eit importoverskot på 602 GWh for same månad i fjor. Eksportoverskotdelen av den totale elproduksjonen i april var 10,1 prosent. Verdien av eksportoverskotet i april var 122,7 millionar kroner. Importen av elkraft frå Sverige og Danmark var i april respektive 50 GWh og 1 GWh, medan eksporten til desse landa var respektive 1 000 GWh og 276 GWh. Hittil i år har Noreg eksportert 4 041 GWh meir elektrisk kraft enn dei har importert. Eksportoverskotdelen av total elproduksjon hittil i år er 7,9 prosent.

Framleis høgt forbruk

Forbruket av elektrisk kraft i april var 10 439 GWh, som er ein auke på 5,6 prosent samanlikna med tilsvarande månad i 1999. Dette er også det høgste elforbruket som er målt for denne månaden, og er 3,3 prosent høgare enn den tidlegare rekorden. For dei fire første månadene i år var elforbruket 1 772 GWh eller 3,9 prosent høgare enn for dei fire første månadene i fjor. Dei siste 12 månader var elforbruket 122 608 GWh, som er ei auke på 1,0 prosent samanlikna med tilsvarande periode i 1999. Forbruket av elektrisk kraft i kraftintensiv industri var i april 2 738 GWh., som er ein auke på 9,5 prosent samanlikna med tilsvarande månad i fjor. Denne auken kan delvis forklarast med at statistikken nå dekkjer denne næringa betre.

Tabeller: