7753
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7753
Rekordhøg elproduksjon i mars
statistikk
2000-05-11T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetmars 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Rekordhøg elproduksjon i mars

Produksjonen av elektrisk kraft var i mars rekordhøg med 13 955 GWh. Dette er 21,2 prosent høgare enn tidlegare produksjonsrekord for denne månaden. Elforbruket var i mars 12 277 GWh, ein auke på 3,8 prosent samanlikna med tilsvarande månad i 1999.

 Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i mars. 1979-2000. GWh

Produksjonen av elektrisk kraft i mars på 13 955 GWh var 2 983 GWh eller heile 27,2 prosent høgare enn for same månad i fjor. Til samanlikning har den gjennomsnittlege elproduksjonen for mars månad dei siste 10 åra vore om lag 11 225 GWh. Den totale elproduksjonen dei tre første månadene i år var 39 813 GWh mot 33 761 GWh i tilsvarande periode i 1999. Produksjonen til no i år er også den høgaste elproduksjonen som er målt for denne perioden. Den høge elproduksjonen i mars månad og til no i år kan blant anna sjåast i samanheng med den relativt høge fyllingsgraden i vassmagasina. Dei siste 12 månader er det produsert 128 699 GWh elektrisk kraft. Det er ein auke på 9,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Innhaldet i vassmagasina var i midten av mars (måndagen i veke 11) 53,3 prosent av total magasinkapasitet. Dette er 4,8 prosentpoeng høgare enn for tilsvarande veke i 1999 og 5,3 prosentpoeng høgare enn medianen på same tidspunkt i perioden 1982-1991.

 Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh

Høgt elforbruk og eksportoverskot

Bruttoforbruket av elektrisk kraft var i mars rekordhøgt med 12 277 GWh , som er 446 GWh eller 3,8 prosent høgare enn den tidlegare rekorden frå mars i fjor. Til no i år er forbruket av elkraft 36 951 GWh. Dette er ein auke på 3,4 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Forbruket av elektrisk kraft i kraftintensiv industri var i mars 2 867 GWh, som er ein auke på 207 GWh samanlikna med mars i fjor. Denne oppgangen i elforbruket i kraftintensiv industri kan delvis forklarast med at statistikken no dekkjer denne næringa betre.

Utvekslinga av elektrisk kraft gav i mars eit eksportoverskot på 1 678 GWh, mot eit importoverskot på 859 GWh i tilsvarande månad i fjor. Verdien av eksportoverskotet i mars i år var 159,5 millionar kroner. Eksportoverskotet var størst til Sverige med 1 404 GWh, medan eksportoverskotet til Danmark var 325 GWh. Til no i år har Noreg eksportert meir elektrisk kraft enn det som er importert. For dei tre første månadene i år var eksportoverskotet 2 863 GWh. Også her var eksportoverskotet størst til Sverige med 2 272 GWh, medan eksportoverskotet til Danmark var 714 GWh.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB