7755
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7755
Høg produksjon av elkraft
statistikk
2000-04-13T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetfebruar 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høg produksjon av elkraft

Produksjonen av elektrisk kraft var i februar 12 573 GWh. Det er ein auke på 15,3 prosent samanlikna med tilsvarande månad i 1999. Forbruket av elektrisk kraft var 11 969 GWh, som er ein auke på 5,5 prosent frå februar i fjor.

 Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i februar. 1979-2000. GWh

Produksjonen av elektrisk kraft var i februar rekordhøg med 12 573 GWh, og var 0,8 prosent høgare enn den tidlegare rekorden frå 1996. Den truleg viktigaste årsaka til den høge elproduksjonen i februar var at fyllingsgrada i vassmagasina var relativ høg gjennom heile månaden, samt at nedbør over normalen for det meste av landet har gjeve eit større tilsig av vann og auka kraftreserver i form av snø. Elproduksjonen i dei sju mest produserande fylka utgjorde 72,1 prosent av den totale produksjonen i februar. Det var Hordaland som var det fylke som produserte mest elkraft. Elproduksjonen dei siste 12 månadene var 125 716 GWh, som er ein auke på 6,5 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor.

Fyllingsgrada i vassmagasina var i midten av februar (måndag i veke 7) 65,0 prosent av total magasinkapasitet. Dette er 7,0 prosentpoeng høgare enn for tilsvarande veke i 1999 og 5,0 prosentpoeng høgare enn medianen for denne veka i perioden 1982-1991.

 Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh

Rekordhøgt elforbruk

Forbruket av elektrisk kraft i kraftintensiv industri var i februar rekordhøgt med 2 549 GWh. Dette er ein auke på 4,1 prosent samanlikna med februar i 1999, og er 49 GWh eller 2,0 prosent høgare enn den tidlegare rekorden frå februar 1986. Auken i elforbruket var størst i produksjonen av kjemiske råvarer med 9,1 prosent. Auken i forbruket av elkraft i kraftintensiv industri dei siste 12 månader var 616 GWh, til 31 254 GWh . Dette er ein auke på 2,0 prosent samanlikna med tilsvarande periode i 1999.

Sjølv med temperatur over normalen for heile landet i februar, var elforbruket det nest høgste som er målt for denne månaden, berre 0,8 prosent lågare enn rekorden. Elforbruket i anna forbruk enn kraftintensiv industri var i februar 5,8 prosent høgare enn for tilsvarande månad i fjor. For dei siste 12 månadene var anna forbruk enn i kraftintensiv industri 90 356 GWh. Dette er ein nedgang på 0,6 prosent.

Noreg eksporterte 782 GWh elektrisk kraft i februar og importerte 178 GWh. Dette gjev eit eksportoverskot på 604 GWh. Verdien av eksportoverskotet var 62,3 millionar kroner. Eksportoverskotet var størst til Sverige med 420 GWh, medan eksportoverskotet til Danmark var 235 GWh.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB