7757
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7757
Høgt elforbruk i kraftintensiv industri
statistikk
2000-03-09T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetjanuar 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høgt elforbruk i kraftintensiv industri

I januar var forbruket av elektrisk kraft 12 715 GWh, medan forbruket i kraftintensiv industri var 2 745 GWh. Dette er ein auke på 1,3 prosent samanlikna med tilsvarande månad i 1999 for begge forbruksområda. Produksjonen av elkraft var 13 295 GWh, ein auke på 11,9 prosent.

 Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i januar. 1979-2000. GWh

Bruttoforbruket av elektrisk kraft i januar var det nest høgaste som er målt for denne månaden, 0,3 prosent lågare enn rekorden for denne månaden i 1996. Elforbruket dei siste 12 månadene var 121 001 GWh, ein auke på 83 GWh eller 0,1 prosent. Forbruket av elektrisk kraft i kraftintensiv industri var rekordhøgt i januar med 2 745 GWh, opp 35 GWh samanlikna med den tidlegare januarrekorden frå i fjor. Auken i forbruket var størst i produksjonen av kjemiske råvarer med 8,9 prosent jamført med same månad i 1999. Elforbruket i produksjonen av aluminium og andre metallar hadde ein auke på 1,4 prosent, medan det var ein nedgang i elforbruket i produksjonen av jern, stål og ferrolegeringar.

Eksporten av elektrisk kraft var i januar 807 GWh, medan importen var 227. Dette gjer eit eksportoverskot på 580 GWh, mot eit importoverskot på 670 GWh for same månad i fjor. Verdien av eksportoverskotet var 76,2 millionar kroner.

 Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh

Høy elproduksjon og innhald i vassmagasina

Dei siste fem åra har veksten i produksjonen av elektrisk kraft i januar månad vore på gjennomsnittleg 3,1 prosent. Veksten i produksjonen frå januar i fjor til januar i år på 11,9 prosent var dermed klart høgare enn gjennomsnittet for perioden. Produksjonen av elektrisk kraft i januar på 13 295 GWh er det nest høgaste som er målt i denne månaden. Berre i 1996 var produksjonen høgare. Elproduksjonen dei siste 12 månadene var 124 061 GWh, ein auke på 5,9 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor.

Innhaldet i vassmagasina var i midten av januar 74,6 prosent av total magasinkapasitet. Det er 7,9 prosentpoeng høgare enn for tilsvarande veke i fjor og 4,0 prosentpoeng høgare enn medianen på same tidspunkt (måndagen i veke 3) i åra 1982-1991.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB