6472_not-searchable
/befolkning/statistikker/innvbef/arkiv
6472
349 000 personar i innvandrarbefolkninga
statistikk
2004-05-26T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
innvbef, Innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre, utenlandsfødte, fødeland, statsborgerskap, botid, innvandringsbakgrunn, landbakgrunn, innvandring, immigrasjon, innvandrere, innflytting,Befolkning, Folketall, Innvandrere, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre1. januar 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

349 000 personar i innvandrarbefolkninga

Ved inngangen til 2004 var innvandrarbefolkninga i Noreg på om lag 349 000 personer. Dette tilsvarte 7,6 prosent av den totale folkemengda. Innvandrarbefolkninga auka med 16 100 personar, eller 4,9 prosent, i 2003. Til samanlikning var auken for heile den norske befolkninga 25 200.

Per 1.1.2004 var det drygt 289 000 førstegenerasjonsinnvandrarar utan norsk bakgrunn og nær 60 000 personar fødde i Noreg av to utanlandsfødde foreldre i innvandrarbefolkninga. Førstegenerasjonsinnvandrarar er personar som sjølv har innvandra til Noreg, og dei er fødde i utlandet av foreldre som òg er fødde i utlandet.

Gruppa av førstegenerasjonsinnvandrarar auka med drygt 11 800 personar, eller 4,3 prosent. Dette er atskillig lågare i høve til 2002, men litt høgare i høve til 2001, når ein ser på den absolutte veksten. Gruppa av personar fødde i Noreg av to utanlandsfødde foreldre auka med 4 300 personar, eller 7,8 prosent. Dette er om lag som for dei to føregåande åra.

Innvandrarbefolkninga etter landbakgrunn. Prosent. 1.1.2004

Innvandrarbefolkninga etter vestleg/ikkje-vestleg landbakgrunn. 1.1.1980-1.1.2004

Fleire personar med ikkje-vestleg bakgrunn

Samansettinga i innvandrarbefolkninga har endra seg mykje sidan 1980. Den vestlege innvandrarbefolkninga har auka frå om lag 65 000 i 1980 til 99 300 i 2004, medan den ikkje-vestlege innvandrarbefolkninga har auka frå 29 500 i 1980 til 249 600 i 2004. I 1980 stod personar med ikkje-vestleg opphav for 31 prosent av innvandrarbefolkninga. No, ved inngangen til 2004, stod personar med ikkje-vestleg bakgrunn for 72 prosent.

Ser ein på kor innvandrarbefolkninga har sin bakgrunn, er det klart flest frå Asia med 40 prosent. Deretter fylgde personar med bakgrunn frå Aust-Europa med 16 prosent, Norden med 15 prosent, Afrika med 12 prosent og Vest-Europa med 10 prosent.

Innvandrarbefolkninga 1. januar 2004. Dei ti største gruppene

Flest frå Pakistan

Totalt for innvandrarbefolkninga var det flest personar med bakgrunn frå Pakistan med 26 300, etterfølgt av dei med bakgrunn frå Sverige med 22 900, Danmark med 19 300 Vietnam med 17 400 og Irak med 17 300.

Skil ein ut førstegenerasjonsinnvandrarane som ei gruppe, var det flest frå Sverige med 21 900, Danmark med 17 900, Pakistan og Irak med 14 900, og Bosnia-Hercegovina med 13 300.

Dei ti største nasjonalitetsgruppene. Førstegenerasjonsinnvandrarar
og personar fødd i Noreg av to utanlandsfødde foreldre. 1. januar 2004
Førstegenerasjonsinnvandrarar       Personar fødd i Noreg av to utenlandsfødde foreldre      
I alt  289 104 I alt 59 836
Sverige 21 890 Pakistan 11 412
Danmark 17 922 Vietnam 5 552
Pakistan 14 874 Tyrkia 4 251
Irak 14 856 Sri Lanka 3 969
Bosnia-Hercegovina 13 271 Somalia 3 420
Somalia 12 166 Irak 2 439
Vietnam 11 862 Marokko 2 291
Iran 11 634 India 2 289
Tyskland 10 515 Serbia og Montenegro 2 230
Storbritannia 10 325 Bosnia-Hercegovina 1 945

Ser ein på personar fødde i Noreg av to utanlandsfødde foreldre ligg personar med pakistansk opphav på topp med 11 400 personar. Vietnamesarar er nummer to med 5 600 personar. Vidare talte tyrkarar 4 300, srilankarar 4 000 og somaliar 3 400 personar. Personar med svensk og dansk bakgrunn talte høvesvis berre 1 000 og 1 400 personar. At det er så få fødde i Noreg av danske og svenske foreldre samanlikna med dei andre store innvandrargruppene, kjem blant anna av at danskar og svenskar i langt større grad får barn med ein person med norsk opphav, og at når dei dannar par og får barn med ein frå same land, flytter dei langt oftare enn andre tilbake til opphavslandet.

Danskar med lang - afghanarar med kort butid

Det er stor variasjon i lengda på opphaldet for dei ulike gruppene av førstegenerasjonsinnvandrarar. Det er flest danskar som har budd i Noreg 20 år eller meir med 9 650, noko som tilsvarar nesten 54 prosent av danskane. Mellom dei andre store gruppene var det òg ein høg part amerikanarar (50 prosent), britar (48 prosent), pakistanarar (39 prosent), tyskarar (38 prosent) og finnar (35 prosent) med butid 20 år eller meir.

Ser ein på den motsette sida av skalaen finn ein afghanarar kor 90 prosent har budd i Noreg 4 år eller kortare. Deretter fylgjer russarar med 70 prosent, irakarar 69 prosent, etiopiarar 63 prosent, somaliarar 60 prosent, kroatar 54 prosent og thailendarar 53 prosent. Russarar og thailendarar har dei siste åra busett seg i Noreg grunna ekteskap med ein norsk mann, medan dei andre gruppene har busett seg primært av verje årsaker (flyktningar eller opphald på humanitært grunnlag), eller gjennom familieattendeføring med personar som har fått vern i Noreg.

Mange vietnamesarar med norsk statsborgarskap

Om lag 46 prosent av personane i innvandrarbefolkninga har norsk statsborgarskap, men det er stor variasjon mellom dei ulike gruppene. Heile 90 prosent av dei med vietnamesisk bakgrunn har norsk statsborgarskap. Òg mellom dei med opphav frå Sri-Lanka, Pakistan, Marokko og Tyrkia har over 70 prosent norsk statsborgarskap. Jamt over er det mange med norsk statsborgarskap mellom dei ikkje-vestlege gruppene med lang butid i Noreg. Mellom dei med vestleg bakgrunn er det få som har norsk statsborgarskap, trass lang opphaldstid.

Ulik alderssamansetning

Gruppa med personar over 60 år er langt lågare for innvandrarbefolkninga i høve til heile den norske befolkninga. For personar fødde i Noreg med to utanlandsfødde foreldre er gruppa med personar 60 år eller eldre nær 0 prosent. Derimot er det mange barn i denne gruppa. 35 prosent er 4 år eller yngre og 77 prosent er 14 år eller yngre. Hjå førstegenerasjonsinnvandrarane er det relativt få barn samanlikna med heile den norske befolkninga, men i aldersgruppa 25-44 år er det ein langt høgare del i høve til heile folkemengda.

1 av 5 i Oslo høyrer til innvandrarbefolkninga

114 000 av personane som høyrer til innvandrarbefolkninga bur i Oslo, og dette er nær ein tredel av innvandrarbefolkninga i Noreg. Innvandrarbefolkninga tilsvarar 21,8 prosent av Oslos befolkning. Personar med ikkje-vestleg bakgrunn står for 17,6 prosent av folkemengda i Oslo og dei med vestleg bakgrunn for 4,3 prosent. Dei største innvandrargruppene i Oslo er pakistanarar med 19 000, somaliar med 7 000, svenskar med 6 800 og srilankarar med 6 700 personar.

Det er flest personar som høyrar til innvandrarbefolkninga i høve til folkemengda i Søndre-Nordstrand med 38 prosent. Deretter fylgjer Alna med 34 prosent, Gamle Oslo og Stovner med 33 prosent og Grorud med 31 prosent. Lågast part finn ein i bydelane Nordstrand med 10 prosent, Vestre Aker og Nordre Aker med 11 prosent og Ullern med 12 prosent.

Tabeller: