6474_not-searchable
/befolkning/statistikker/innvbef/arkiv
6474
Innvandrarar sikrar folkeveksten
statistikk
2003-06-05T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
innvbef, Innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre, utenlandsfødte, fødeland, statsborgerskap, botid, innvandringsbakgrunn, landbakgrunn, innvandring, immigrasjon, innvandrere, innflytting,Befolkning, Folketall, Innvandrere, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre1. januar 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Innvandrarar sikrar folkeveksten

Den absolutte folketilveksten var på 28 200 personar eller 0,6 prosent frå 1. januar 2002 til 1. januar 2003. Det var personar med innvandringsbakgrunn som medverka mest til dette. For personar utan innvandringsbakgrunn var befolkningsveksten nær null.

Ved inngangen til 2003 talde innvandrarbefolkninga i Noreg om lag 332 800 personar, og dette utgjer 7,3  prosent av heile folkemengda.

Som innvandrar reknast personar som anten sjølv har innvandra til Noreg eller som er barn av to utanlandsfødde foreldre . Innvandrarbefolkninga vert delt inn i gruppene førstegenerasjonsinnvandrarar utan norsk opphav og personar fødde i Noreg av to utanlandsfødde foreldre . Førstegenerasjonsinnvandrarar utan norsk opphav er fødde i utlandet av foreldre som òg er fødde i utlandet . Dei med ein av foreldra fødde i Noreg inngår dermed ikkje i innvandrarbefolkninga . Det same gjeld dei som er fødde i utlandet av norskfødde foreldre .

I 2002 auka innvandrarbefolkninga i Noreg med 22 100 personar, av desse er 17 200 nettoinnvandring av førstegenerasjonsinnvandrarar. Den største prosentvise auken finn ein jamvel hjå personar som er fødde i Noreg av to utanlandsfødde foreldre. Denne gruppa auka frå 51 500 til 55 500 personar, altså med 7,8 prosent.

Av einskildgrupper stod personar med irakisk opphav for den største veksten med 2 800. I tillegg auka talet på personar med opphav frå Somalia og Bosnia-Hercegovina sterkt med høvesvis 2 400 og 2 300 personar.

Som for dei fleste føregåande åra, var personar med opphav frå Pakistan og Sverige dei to største innvandrargruppene i Noreg per 1. januar 2003. Ved årsskiftet budde det 25 500 personar med pakistansk opphav i landet. Desse utgjer no 8 prosent av innvandrarbefolkninga. Dersom ein skil ut førstegenerasjonsinnvandrarane som ein eigen kategori, er det flest svenskar og danskar.

Dei ti største nasjonalitetsgruppene. Førstegenerasjonsinnvandrarar
og personar fødd i Noreg av to utanlandsfødde foreldre. 1. januar 2003
Førstegenerasjonsinnvandrarar     Personar fødd i Noreg av to utenlandsfødde foreldre
I alt  277 262     I alt 55 531
Sverige 21 945     Pakistan 10 976
Danmark 18 019     Vietnam 5 246
Irak 14 578     Tyrkia 4 007
Pakistan 14 570     Sri Lanka 3 690
Bosnia-Hercegovina 13 572     Somalia 2 936
Vietnam 11 698     India 2 233
Iran 11 058     Marokko 2 144
Somalia 10 753     Bosnia-Hercegovina 1 926
Storbritannia 10 461     Irak 1 859
Tyskland 10 027     Jugoslavia 1 780

Samanliknar ein innvandrarar frå vestlege land med innvandrarar frå ikkje-vestlege land, utgjer dei 99 000 som kjem frå vestlege land 30 prosent av alle innvandrarar.

Dei siste 10 åra auka innvandrarbefolkninga med 72 prosent. Ser ein vekk ifrå personar frå Nord-Amerika og Oseania veks alle gruppene i denne tiårsperioden. Den største auken finn ein hjå personar frå Aust-Europa. Folketalet for denne gruppa nær tredobla seg dei siste ti åra. Talet på personar frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika vart nær fordobla i denne perioden.

Innvandrarbefolkninga 1.januar 2003. Dei største gruppene

Større del gifte i innvandrarbefolkninga

Samanliknar ein innvandrarane med nordmenn sine sivilstandsmønster synar det seg at det finst noko færre ugifte og noko fleire gifte mellom innvandrarane i høve til nordmenn. Samstundes finst det færre enkjer/enkjemenn, færre skilde, men fleire separerte sett i høve til folketalet. Jamvel ser ein forskjellar mellom dei einskilde innvandrargruppene. Forskjellar i sivilstandsmønster har samanheng med alderssamansetninga i dei ulike gruppene, men òg forskjellar i ekteskapspraksis og ulikt innslag av sambuarskap.

Jamn kjønnsfordeling

Ved årsskiftet var innvandrarbefolkninga samansett av like mange menn og kvinner (165 300 menn og 167 500 kvinner). Her finn ein naturlig nok òg store skilnader mellom dei einskilde landa. Det er til dømes eit klårt fleirtal av menn med opphav frå Irak, Storbritannia og Marokko, med høvesvis 62, 58 og 57 prosent. Eit stort kvinneoverskott finn ein hjå innvandrarar frå Thailand, Filippinane og Russland der respektive 84, 75 og 71 prosent er kvinner.

Det er store forskjellar i alderssamansetninga mellom innvandrarar frå vestlege og ikkje-vestlege land. Dei ikkje-vestlege er gjennomsnittleg yngre enn befolkninga elles. Av alle innvandrarane under 30 år, er 84 prosent ikkje-vestlege. Ei forklaring på at det ikkje finst så mange vestlege innvandrarane i dei unge aldersgruppene kan vere at mange av dei vestlege innvandrarane er gift med personar utanfor innvandrarbefolkninga. Barna deira vert då ikkje rekna med i innvandrarbefolkninga.

Dei fleste bur i Oslo

Nær ein tredjedel av alle som inngår i innvandrarbefolkninga, bur i Oslo. Deretter følgjer Bergen, Stavanger, Bærum og Trondheim.

Innvandrarbefolkninga i Oslo auka med 6 900 personar frå året før, og innvandrarar utgjer no 21,2 prosent av folketalet i hovudstaden. Av desse har 80 prosent ikkje-vestleg bakgrunn.

Den største mengda innvandrarar totalt i Oslo finn ein i bydel Søndre Nordstrand. Her er 38 prosent innvandrarar. Bydelane Gamle Oslo og Stovner følgjer deretter med 36 prosent. Færrast innvandrarar finn ein i bydelane Grefsen-Kjelsås (8,5 prosent) og Nordstrand (8,0 prosent).

Busetjingsmønstret mellom vestlege og ikkje-vestlege innvandrarar er jamvel svært ulike. Ikkje-vestlege innvandrarar er overrepresenterte i bydelane Romsås, Stovner og Furuset. I desse bydelane er over 93 prosent av innvandrarane ikkje-vestlege. Også Grorud, Søndre Nordstrand og Hellerud har ei stor mengd ikkje-vestlege innvandrarar. Mange av dei ikkje-vestlege innvandrarane i desse bydelane er svært unge. På Romsås utgjer ikkje-vestlege innvandrarar 47 prosent av alle under 20 år. Færrast innvandrarar frå ikkje-vestlege land finn ein på Vinderen der mindre enn 40 prosent av alle innvandrarane kjem frå ikkje-vestlege land.

I absolutte tal er det Søndre Nordstrand som har flest ikkje-vestlege innvandrar. Av dei 12 400 innvandrarane som bur i bydelen er 11 400 ikkje-vestlege. Furuset ligg i så måte med 8 900 ikkje-vestlege innvandrarar på andre plass, og Gamle Oslo rangerer på tredje plass. Her bur det 8 200 ikkje-vestlege innvandrarar.

I høve til mengd innvandrarar er det bydelane Vinderen, Bygdøy-Frogner og Uranienborg-Majorstuen som har høgast del vestlege innvandrarar. Over 50 prosent av innvandrarane i desse bydelane har vestleg bakgrunn. Og i høve til absolutte tal er det i Uranienborg-Majorstuen, St. Hanshaugen-Ullevål og Bygdøy-Frogner ein finn flest vestlege innvandrarar. Av dei 3 800 innvandrarane som bur på Uranienborg-Majorstuen har 2 800 vestleg bakgrunn. På St. Hanshaugen-Ullevål og Bygdøy-Frogner bur det 1 900 vestlege innvandrarar.

Variert opphaldstid i Noreg

Førstegenerasjonsinnvandrarar kan delast inn i tre forskjellige grupper når det gjeld opphaldstid i Noreg. Om lag ein tredjedel av alle førstegenerasjonsinnvandrarane har budd i Noreg i mindre enn 5 år. Ein tredjedel har budd i Noreg mellom 5 og 14 år, og den siste tredjedelen har budd i Noreg i over 15 år.

Mellom dei som har lengst butid i Noreg er det ein god del med europeisk bakgrunn. Danskar og svenskar toppar med høvesvis 9 600 og 6 100 personar i statistikken over dei som har budd i Noreg i meir enn 20 år (53 prosent av danskane og 28 prosent av svenskane). Pakistanarar ligg på tredje plass med 5 500 personar (38 prosent). Frå Storbritannia og Tyskland er det høvesvis 4 900 og 4 000 med like lang butid. På den andre enden av skalaen finn ein dei med bakgrunn frå Afghanistan og Sudan. Frå desse landa er det svært få som har budd lenge i Noreg.

Blant dei som har kortast butid i Noreg (frå 0-4 år) finn ein innvandrarar frå Irak og Somalia, men òg svenskane ligg høgt opp - på andre plass.

Tabeller: