6476_not-searchable
/befolkning/statistikker/innvbef/arkiv
6476
Fleire innvandrarar frå Asia - flest nye frå Irak
statistikk
2002-09-19T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
innvbef, Innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre, utenlandsfødte, fødeland, statsborgerskap, botid, innvandringsbakgrunn, landbakgrunn, innvandring, immigrasjon, innvandrere, innflytting,Befolkning, Folketall, Innvandrere, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre1. januar 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Fleire innvandrarar frå Asia - flest nye frå Irak

Innvandrarbefolkninga i Noreg talde ved inngangen til 2002 om lag 310 700 personar, og dette utgjer 6,9 prosent av heile folkemengda. Dette er ein auke på 0,3 prosentpoeng sidan i fjor.

I 2001 auka innvandrarbefolkninga i Noreg med 13 000 personar. Av desse var 9 300 førstegenerasjonsinnvandrarar. Av einskildgrupper stod personar med irakisk opphav for den største veksten med 1 300. Det kom 1 200 personar med opphav frå Somalia, 1 000 frå Pakistan og 900 frå Afghanistan.

Som for dei fleste føregåande åra, var personar med opphav frå Pakistan og Sverige dei to største innvandrargruppene i Noreg per 1. januar 2002. Ved årsskiftet budde det 24 600 personar med pakistansk og 22 800 personar med svensk opphav i landet. Dersom ein skil ut førstegenerasjonsinnvandrarane som ein eigen kategori, er det flest svenskar og danskar som for dei siste tiåra. Ser vi nærare på dei ti største gruppene av førstegenerasjonsinnvandrarar i høve til året før, har gruppa med irakisk opphav no vorte den fjerde største gruppa.

Dei ti største nasjonalitetsgruppene. Førstegenerasjonsinnvandrarar og
personar fødde i Noreg av to utanlandsfødde foreldre. 1. januar 2002
Førstegenerasjonsinnvandrarar Personar fødde i Noreg av to utanlandsfødde foreldre  
I alt  259 221     I alt 51 483
Sverige 21 900     Pakistan 11 000
Danmark 17 800     Vietnam 4 900
Pakistan 14 000     Tyrkia 3 700
Irak 12 200     Sri Lanka 3 400
Bosnia-Hercegovina 11 800     Jugoslavia 2 700
Jugoslavia 11 800     Somalia 2 500
Vietnam 11 500     India 2 100
Iran 10 400     Marokko 2 000
Tyskland 9 400     Iran 1 500
Somalia 8 700     Irak 1 400

Tendensen når det gjeld kva verdsdelar personar med innvandraropphav kjem ifrå, er uendra dei siste åra. Talet på personar med opphav frå Asia aukar framleis i størst grad, over halvdelen i fjor kom frå Asia, og denne gruppa utgjer 108 900 personar. Talet på personar med innvandraropphav frå Nord- og Mellom-Amerika held fram med å gå ned.

Innvandrarbefolkninga 1. januar 2002. Dei største gruppene

Framleis fleire personar med innvandraropphav til Oslo

Oslo hadde ein auke på ikring 4 000 personar. Det er 102 900 personar med innvandraropphav i Oslo. Dette utgjer 20,1 prosent av folketalet i hovudstaden. Kvar tredje innvandrar i Noreg bur i Oslo, og av desse har 69 prosent opphav frå land i Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika og Tyrkia. Delen ikkje-vestlege innvandrarar er størst i bydelane Søndre Nordstrand, Gamle Oslo, Stovner og Romsås.

45 prosent er norske statsborgarar

140 700 personar, eller 45 prosent, av innvandrarbefolkninga hadde norsk statsborgarskap ved inngangen til 2002. Samanlikna med året før, er dette ein auke på 2 prosentpoeng. Dei fleste nasjonalitetsgruppene hadde om lag same prosentdel norske statsborgarar som i fjor. Unnateke er personar med opphav frå Bosnia. Denne gruppa hadde ein auke i mengda norske statsborgarar med 23 prosentpoeng.

Kven er innvandrarbefolkninga?

Innvandrarbefolkninga omfattar personar som har to foreldre som er fødde i utlandet, eller meir presist; personar som ikkje har foreldre eller besteforeldre som er fødde i Noreg.

Innvandrarbefolkninga vert delt inn i gruppene førstegenerasjonsinnvandrarar utan norsk opphav og personar fødde i Noreg av to utanlandsfødde foreldre. Førstegenerasjonsinnvandrarar utan norsk opphav er fødde i utlandet av foreldre som òg er fødde i utlandet. Statistisk sentralbyrå har vedteke at "andregenerasjonsinnvandrar" vert bytt ut med nemninga "person fødd i Noreg av to utanlandsfødde foreldre".

Dei med ein av foreldra fødd i Noreg inngår dermed ikkje i innvandrarbefolkninga. Det same gjeld adopterte frå utlandet, og dei som er fødde i utlandet av norskfødde foreldre.

Tabeller: