6478_not-searchable
/befolkning/statistikker/innvbef/arkiv
6478
Mange nye irakiske innvandrarar
statistikk
2001-10-29T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
innvbef, Innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre, utenlandsfødte, fødeland, statsborgerskap, botid, innvandringsbakgrunn, landbakgrunn, innvandring, immigrasjon, innvandrere, innflytting,Befolkning, Folketall, Innvandrere, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre1. januar 2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Mange nye irakiske innvandrarar

Etter fleire år med mange asylsøkjarar frå Irak, har denne gruppa komme inn blant dei ti største nasjonalitetsgruppene i Noreg. Personar med bakgrunn frå Irak er no den sjuande største gruppa.

Innvandrarbefolkninga i Noreg talde ved inngangen til 2001 om lag 297 700 personar og utgjorde 6,6 prosent av heile befolkninga. Dette er ein auke på 0,3 prosentpoeng sidan same tidspunkt i fjor.

I 2000 auka innvandrarbefolkninga i Noreg med 15 200 personar. Av desse var 11 400 førstegenerasjonsinnvandrarar. Av enkeltgrupper stod personar med irakisk bakgrunn for den største veksten med 4 700 personar.

Dei ti største nasjonalitetsgruppene. Førstegenerasjonsinnvandrarar og personar fødde i Noreg av to utanlandsfødde foreldre. 1. januar 2001
  Førstegenerasjonsinnvandrarar   Personar fødde i Noreg av to utanlandsfødde foreldre
I alt    249 904    I alt 47 827
Sverige 22 100    Pakistan 10 027
Danmark 17 728    Vietnam 4 649
Pakistan 13 554    Tyrkia 3 483
Jugoslavia 13 001    Sri Lanka 3 043
Bosnia-Hercegovina 11 775    Jugoslavia 2 468
Vietnam 11 231    Somalia 2 202
Irak 11 212    India 2 037
Storbritannia 10 342    Marokko 1 849
Iran 9 645    Iran 1 371
Tyskland 8 923    Danmark 1 321

 Innvandrarbefolkninga 1. januar 2001. Dei største gruppene

Som dei fleste føregåande åra, var personar med bakgrunn frå Pakistan og Sverige dei to største innvandrargruppene i Noreg per 1. januar 2001. Ved årsskiftet budde det 23 600 personar med pakistansk bakgrunn og 23 000 personar med svensk bakgrunn i landet. Dersom ein skil ut førstegenerasjonsinnvandrarar som ein eigen kategori, toppar svenskar og danskar suverent lista dei siste tiåra.

Talet på personar med bakgrunn frå Asia har auka mest sidan året før, og no er talet oppe i 101 600 personar, medan talet på personar frå Nord- og Mellom-Amerika held fram med å gå ned. Personar med bakgrunn frå Aust-Europa, Asia medrekna Tyrkia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika (såkalla ikkje-vestleg bakgrunn) utgjer no 68 prosent av innvandrarbefolkninga.

43 prosent er norske statsborgarar

Drygt 129 000 personar, eller 43 prosent, av innvandrarbefolkninga hadde norsk statsborgarskap ved inngangen til 2001. Samanlikna med same tidspunkt året før, er dette ein auke på berre 1 prosentpoeng. Dei fleste nasjonalitetsgruppene hadde om lag same prosentdel norske statsborgarar som i fjor. Unntaket er personar med bakgrunn frå Bosnia og jugoslavar med ein auke i delen norske statsborgarar med respektive 7 og 9 prosentpoeng.

Ein femtedel av befolkninga i Oslo er innvandrarar

Innvandrarbefolkninga i Oslo auka med vel 4 000 personar frå året før, til 98 800, og utgjer no 19,4 prosent av folketalet i hovudstaden. 68 prosent av desse har bakgrunn frå land i den såkalla tredje verda, dei fleste frå Pakistan. Delen ikkje-vestlege innvandrarar er størst i bydelane Gamle Oslo og Søndre Nordstrand.

Endra nemningar i innvandrarrelatert statistikk

Statistisk sentralbyrå sin bruk av nemningar i innvandrarrelatert statistikk er knytt til Standard for innvandrargruppering (Statistisk sentralbyrå 1994). I denne standarden inngår sju kategoriar der to av dei, første- og andregenerasjonsinnvandrarar, inngår i avgrensinga for "innvandrarbefolkninga".

Etter ei høyring om nemninga "andregenerasjonsinnvandrar" har Statistisk sentralbyrå vedteke at "andregenerasjonsinnvandrar" blir bytt ut med nemninga "person fødd i Noreg av to utanlandsfødde foreldre". Den nye nemninga blir brukt frå og med denne frigjevinga.

Tabeller: