6480_not-searchable
/befolkning/statistikker/innvbef/arkiv
6480
22 000 fleire med innvandrarbakgrunn
statistikk
2000-11-13T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
innvbef, Innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre, utenlandsfødte, fødeland, statsborgerskap, botid, innvandringsbakgrunn, landbakgrunn, innvandring, immigrasjon, innvandrere, innflytting,Befolkning, Folketall, Innvandrere, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre1. januar 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

22 000 fleire med innvandrarbakgrunn

Ved det siste årsskiftet utgjorde innvandrarbefolkninga i Noreg 282 500 personar, eller 6,3 prosent av folkemengda. I 1999 var auken på 22 000 personar - den største auken på eit år nokon gong.

Slik Statistisk sentralbyrå definerer innvandrarbefolkninga, er 238 500 førstegenerasjonsinnvandrarar og 44 000 andregenerasjonsinnvandrarar.

Av enkeltgrupper stod jugoslavar for den største auken i året med 6 000 personar. Deretter følgde irakarar og somaliarar med respektive 2 200 og 1 400.

 Innvandrarbefolkninga 1. januar 2000. Dei største gruppene

Ved å inkludere andregenerasjonsinnvandrarane i innvandrarbefolkninga, blir personar med bakgrunn frå Sverige den største innvandrargruppa i Noreg med 23 200. Pakistanarane kjem på andreplass og danskane på tredje.

På dei ti siste åra har innvandrarbefolkninga auka med 114 100, eller 46 prosent av den samla folketilveksten i Noreg. Talet på personar frå ikkje-vestlege land auka i denne perioden med 96 000. I dei resterande gruppene blei det på 1990-talet 15 400 fleire frå Norden, 4 000 fleire frå Vest-Europa elles (unnateke Tyrkia), og 1 200 færre frå Nord-Amerika og Oseania.

Dei ti største nasjonalitetsgruppene. Første- og
andregenerasjonsinnvandrarar. 1. januar 2000
Førstegenerasjonsinnvandrarar   Andregenerasjonsinnvandrarar  
I alt 238 462 I alt 44 025
1 Sverige 22 375 1 Pakistan 9 604
2 Danmark 17 551 2 Vietnam 4 284
3Jugoslavia 13 402 3 Tyrkia 3 236
4 Pakistan 13 227 4 Sri Lanka 2 698
5 Bosnia-Hercegovina 11 587 5 Jugoslavia 2 064
6 Vietnam 11 106 6 India 1 957
7 Storbritannia 10 576 7 Somalia 1 874
8 Iran 9 151 8 Marokko 1 710
9 Tyskland 8 621 9 Danmark 1 312
10 USA 7 323 10 Iran 1 203

Personer med ikkje-vestleg bakgrunn utgjer no to tredelar av innvandrarbefolkninga og 4,2 prosent av folketalet i alt.

Jamn kjønnsfordeling

Av innvandrarbefolkninga i Noreg var det ved det siste årsskiftet 140 800 menn og 141 700 kvinner, altså ei jamn fordeling mellom kjønna. Eit stort kvinneoverskott finn vi blant innvandrarane frå Thailand, Filippinene og Russland der respektive 83, 73 og 70 prosent er kvinner.

Stabil del norske statsborgarar

Drygt 120 000 eller 42 prosent av innvandrarbefolkninga hadde norsk statsborgarskap ved inngangen til 2000. Delen gjekk så vidt ned frå året før på grunn av stor innvandring av utanlandske statsborgarar i 1999. Den største delen norske statsborgarar er det i grupper som har budd lenge i Noreg. Så mange som 84 prosent av vietnamesarane og 82 prosent av ungararane har norsk statsborgarskap. I den andre enden er berre 2 prosent av bosniarane norske statsborgarar, og årsaka til det er at dei ikkje har budd her i landet så lenge.

Dei fleste bur framleis i Oslo

Ein tredel av alle som inngår i innvandrarbefolkninga, bur i Oslo. Deretter følgjer Bergen, Stavanger, Bærum og Trondheim. Innvandrarbefolkninga i Oslo auka med 5 000 personar frå året før, og utgjer no 18,7 prosent av folketalet. Den klart største gruppa i innvandrarbefolkninga i hovudstaden er personar med pakistansk bakgrunn (17 400).

Tabeller: