90308_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
90308
Framleis høg innvandring og folkevekst
statistikk
2012-11-16T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingFødte og døde, Befolkning, Folketall, Flytting, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false
Befolkningsstatistikken for november 2012 gir en oversikt over befolkning og befolkningsvekst i Norge. Tallene viser økning i folketallet og innvandring til landet.

Folkemengde og befolkningsendring3. kvartal 2012

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis høg innvandring og folkevekst

Folketalet auka med 20 600, til 5 038 100 busette personar, i 3. kvartal 2012. Folkeveksten var 600 høgare enn i same kvartal i fjor. Samla var det 24 200 personar som innvandra, mens 10 000 utvandra. Nettoinnvandringa på 14 200 er den høgaste vi har hatt i noko kvartal.

Fødselsoverskot, nettoinnflytting og folkevekst. 3. kvartal. 1987-2012

Innvandring, utvandring og nettoinnvandring etter statsborgarskap. 3. kvartal 2012

Innvandringa held fram på det same høge nivået som dei to siste åra. Samanlikna med samsvarande kvartal i tidlegare år, har folkeveksten aldri vore så høg. Veksten er to til tre gongar så høg som i tida fram til og med 2006. Det blei født16 200 born, mens 9 800 personar døydde i 3. kvartal. Fødselsoverskotet på 6 400 personar held seg dermed like høgt som sidan 2008.

I samsvar med dei seinare åra auka folketalet mest i Oslo og Akershus, samt i Rogaland og Hordaland. Oppland hadde den minste veksten både i reine tal og i høve til folketalet.

 

Folketalet auka med 52 300 i dei tre første kvartala i år. Dette er om lag det same som i dei tre første kvartala førre året.

Oslo hadde høgast fødselsoverskot

I 3. kvartal er nok ein gong Oslo fylket med det høgaste fødselsoverskotet, også i høve til folketalet. Det blei født 2 700 born, medan 1 050 personar døydde. Hedmark og Oppland hadde det lågaste fødselsoverskotet, og samla blei det født berre 15 fleire enn det døydde i desse to fylka.

Flest polakkar, litauarar og svenskar innvandra

Mellom utalandske statsborgarar som har innvandra, var det framleis flest polakkar, litauarar og svenskar i 3. kvartal. Samstundes kom det dobbelt så mange statsborgarar frå Romania i 3. kvartal som i 2. kvartal 2012.

Svenske statsborgarar var klårt den største gruppa som utvandra frå Noreg, slik at dei enda opp med ei nettoinnvandring på berre 150. Nettoinnvandringa av polske og litauiske statsborgarar låg samla på 3 900 personar, noko som er meir enn ein firedel av den samla nettoinnvandringa. Nettoinnvandringa av 360 spanske statsborgarar gir dei ein samla tiandeplass.

Største nettoinnvandringa hadde Hordaland, tett føre Akershus og Sør-Trøndelag.

Nettoinnflytting. Innalandsk og frå utlandet i prosent av folkemengda. 3. kvartal 2012

Innalandsk nettoinnflytting i kommunane. Per 1 000 innbyggjarar. 3. kvartal 2012

Ni fylka hadde innalandsk nettoinnflytting

Ni av fylka hadde innalandsk nettoinnflytting, medan ti hadde nettoutflytting. Største nettoinnflyttinga hadde Sør-Trøndelag med 700 personar, medan Akershus låg rett etter. Desse to fylka skilde seg ut. Det er særleg i innlandet, på Nordvestlandet og i Nord-Noreg, at det er nettoutflytting. I tillegg var det nettoutflytting i Rogaland. Størst innalandsk nettoutflytting hadde nok ein gong Nordland med 600 personar. I Nordland er samstundes nettoutflyttinga størst i høve til folketalet, saman med Sogn og Fjordane. Størst samla flytteaktivitet, inn i og ut av fylket, finn vi i Oslo. Minst 5 prosent av innbyggjarane kom anten til eller drog frå fylket i 3. kvartal.

Blomster, diplom og feiring

I Sør-Trøndelag blei det feira at dei runda 300 000 innbyggjarar i 3. kvartal. I Tromsø feira dei innbyggjar nummer 70 000, og i Lillesand at dei vart 10 000. Radøy vil feira at dei har runda 5 000 personar. Røyken og Finnøy såg ut til å runda høvesvis 20 000 og 3 000 innbyggjarar, men stoppa ørlite opp dei siste dagane slik at dei laut venta til litt inn i 4. kvartal.

Heile 216 kommunar har hatt eit fødselsoverskot til no i år. Ser ein det i høve til folketalet, er det særleg kommunane på Jæren og elles i Rogaland at overskotet er høgt. 200 kommunar hadde fødselsunderskot, og blant desse finn vi mellom andre fleire kommunar i Hedmark. I høve til folketalet er underskotet stort i fleire nordnorske kommunar. Folketalet auka i 301 kommunar, medan det gjekk ned i 120 kommunar. Med unntak av dei folkerikaste kommunane, var det nok ein gong Skedsmo som fekk størst vekst.

165 kommunar hadde ei innalandsk nettoinnflytting, mellom dei fleire kommunar i Akershus. Fredrikstad hadde største vinsten. Blant 257 kommunar med innalandsk nettoutflytting finn vi fleire kommunar i Nord-Noreg og Nordvestlandet, men Stavanger og Oslo skil seg klårt ut som dei med det største tapet. Den store nettoinnvandringa frå utlandet vog mykje opp for det innalandske flyttetapet i mange kommunar. Soleis fekk særleg Oslo, men og Stavanger, stor samla nettoinnflytting. Berre sju kommunar i landet hadde ei nettoutvandring til utlandet.

Dei 10 kommunane med størst og minst flyttevinst 1., 2. og 3. kvartal 2012
 
 Samla flyttevinst (321 i alt) Innalands flyttevinst (165 i alt) Flyttevinst frå utlandet (419 i alt) 
 
10301 Oslo3 5310106 Fredrikstad 5350301 Oslo4 527
21201 Bergen2 2680219 Bærum 5081201 Bergen2 317
31601 Trondheim1 7981102 Sandnes 4351103 Stavanger1 824
40219 Bærum1 4111601 Trondheim 3221601 Trondheim1 476
51102 Sandnes1 1311121 Time 2950219 Bærum 903
60106 Fredrikstad 8930217 Oppegård 2571102 Sandnes 696
71001 Kristiansand 7690237 Eidsvoll 2460602 Drammen 605
81103 Stavanger 6481001 Kristiansand 2201001 Kristiansand 549
90231 Skedsmo 6240233 Nittedal 2021902 Tromsø 533
100220 Asker 5880627 Røyken 1921504 ålesund 532
       
 Samla flyttetap (100 i alt) Innalands flyttetap (257 i alt) Flyttetap til utlandet (7 i alt) 
100536 Søndre Land-321703 Namsos-96  
90935 Iveland-330819 Nome-96  
81820 Alstahaug-331702 Steinkjer-105  
71511 Vanylven-371820 Alstahaug-1051920 Lavangen-1
61443 Eid-401401 Flora-1060441 Os-1
50520 Ringebu-422003 Vadsø-1090632 Rollag-1
40419 Sør-Odal-431504 ålesund-1600121 Rømskog-2
30941 Bykle-451805 Narvik-1901717 Frosta-3
21424 årdal-540301 Oslo-9960418 Nord-Odal-5
11837 Meløy-771103 Stavanger-1 1761004 Flekkefjord-6
 
Dei 10 kommunane med størst og minst fødselsoverskott og folketilvekst 1., 2. og 3. kvartal 2012
 
 Fødselsoverskot
(216 i alt)
 Fødselsoverskot i høve til folketalet /
1 000 (216 i alt) (Norge=3,1)
 Folkevekst (301 i alt) Folkevekst i høve til folketalet /
1 000 (301 i alt) (Norge=10,5)
 
 
10301 Oslo4 5161142 Rennesøy10,50301 Oslo8 0472023 Gamvik49,6
21201 Bergen1 1301034 Hægebostad9,61201 Bergen3 3981252 Modalen45,9
31601 Trondheim 9771120 Klepp9,41601 Trondheim2 7751724 Verran45,5
41103 Stavanger 6760935 Iveland9,20219 Bærum1 8091142 Rennesøy44,4
51102 Sandnes 5421121 Time8,71102 Sandnes1 6731256 Meland34,5
60219 Bærum 3981119 Hå8,61103 Stavanger1 3241121 Time32,9
71902 Tromsø 3681124 Sola8,31001 Kristiansand1 0761429 Fjaler30,7
81001 Kristiansand 3071102 Sandnes8,00106 Fredrikstad 9841129 Forsand30,3
91804 Bodø 2461130 Strand8,01902 Tromsø 9431216 Sveio30,0
101247 Askøy 2061247 Askøy7,90231 Skedsmo 8002017 Kvalsund28,7
         
 Fødselsunderskot
(200 i alt)
 Fødselsunderskot i høve til folketalet /
1 000 (200 i alt)
 Folketap (120 i alt) Folketap i høve til folketalet /
1 000 (120 i alt)
 
101867 Bø   -231867 Bø    -8,50536 Søndre Land og 1413 Hyllestad   -391571 Halsa    -16,5
90432 Rendalen-231845 Sørfold-8,50941 Bykle-402022 Lebesby-17,0
80538 Nordre Land-261928 Torsken-9,00432 Rendalen-421234 Granvin-17,3
70423 Grue-301859 Flakstad-10,11848 Steigen-421265 Fedje-17,4
60901 Risør-301755 Leka-10,51511 Vanylven-430432 Rendalen-21,4
50807 Notodden-311917 Ibestad-10,61424 årdal-451943 Kvænangen-24,9
40403 Hamar-382017 Kvalsund-10,90419 Sør-Odal-461413 Hyllestad-26,7
30815 Kragerø-430432 Rendalen-11,70520 Ringebu-511151 Utsira-36,7
20425 åsnes-441633 Osen-12,71837 Meløy-740941 Bykle-41,2
10428 Trysil-531265 Fedje-15,60428 Trysil-751856 Røst-42,0
 
 

Tabeller

1. Dei 10 kommunane med størst og minst flyttevinst 1., 2. og 3. kvartal 2012

2. Dei 10 kommunane med størst og minst fødselsoverskott og folketilvekst 1., 2. og 3. kvartal 2012