84329_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
84329
Høg folkevekst - som dei siste åra
statistikk
2012-08-16T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Folketall, Flytting, Fødte og døde, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Folkemengde og befolkningsendring2. kvartal 2012

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Høg folkevekst - som dei siste åra

Folketalet auka med 14 600 personar, til 5 017 500 busette per 1. juli 2012. Folkeveksten var den fjerde høgaste veksten som nokon gong har vore registrert i 2. kvartal.

Fødselsoverskot og nettoinnflytting. 1. og 2. kvartal 1988-2012

Fødselsoverskot, nettoinnflytting og folkevekst, 2. kvartal 1987-2012

Samanlikna med tilsvarande kvartal tidlegare år har folkeveksten halde seg høg frå rundt 2006. Årsaka til veksten er det store innvandringsoverskotet frå utlandet som stendig har stått for ein større del av den totale folkeveksten dei siste åra. I 2. kvartal 2012 blei det født 350 færre born, medan 200 fleire døde. Dette førte til at fødselsoverskotet blei redusert med 550 frå 2. kvartal i fjor. Oppland var det einaste fylket som ikkje hadde vekst i folketalet.

Det var 15 600 innflyttingar til Noreg og 6 400 utflyttingar i 2. kvartal. Dette er 750 færre innflyttingar og 150 færre utflyttingar samanlikna med 2. kvartal året før. Dette ga eit samla flytteoverskot på 9 200, ned frå 9 800 året før.

Med høg folkevekst i både 1. og 2. kvartal, voks folketalet med 31 600 i første halvår. Dette er ein nedgang på 1 000 frå året før, men like fullt den tredje høgste veksten nokon gong.

Oslo og Rogaland hadde høgast fødselsoverskot

Av fylka her i landet var det Oslo som opplevde det høgaste fødselsoverskotet i 2. kvartal. Det blei født 2 600 born, og med 1 600 fleire fødde enn døydde hadde Oslo størst fødselsoverskot av fylka. Sett i høve til folketalet hadde Oslo òg høgast fødselsoverskot på 2,6 per 1 000 innbyggjarar. Etter Oslo følgde Rogaland med eit fødselsoverskot på 1,9 - 850 fleire fødde enn døydde. Det blei født fleire enn det døydde i alle fylka med unntak av i Hedmark, Oppland og Telemark.

Flest polakkar og litauarar som innvandra

På grunn av flytteoverskot voks talet på personar med polsk og litauisk statsborgarskap med respektive 2 000 og 1 450. Det flytta nær 2 400 polakkar og bortimot 1 600 litauarar til Noreg i 2. kvartal 2012. Om lag 400 polakkar og 130 litauarar flytta frå Noreg i det same kvartalet.

Dei andre gruppene av utanlandske statsborgarar med størst nettoinnvandring i 2. kvartal var dei med somalisk og eritreisk statsborgarskap, med respektive 750 og 400 fleire inn- enn utflyttingar.

Nettoinnflytting. Innalandsk og frå utlandet i prosent av folkemengda. 2. kvartal 2012

Innvandring, utvandring og nettoinnvandring, etter statsborgarskap. 2. kvartal 2012

Samanlikna med 2. kvartal i fjor var islendingar og estlendarar ikkje lenger med på lista over dei ti gruppene med størst nettoinnvandring. Dei to sistnemnde gruppene var nummer 11 og 12, medan dei med rumensk og spansk statsborgarskap er blant dei ti største gruppene i 2. kvartal. Dei var nummer 11 og 17 i 2. kvartal 2011. Det var òg ein viss oppgang i nettoinnvandringa av portugisiske og greske statsborgarar, men tala er framleis låge og ligg på 98 og 66 personar.

I 2. kvartal hadde Rogaland størst flytteoverskot andsynes utlandet med 1 200 fleire inn- enn utvandringar. Sett i høve til folketalet var det Møre og Romsdal, saman med Rogaland, som hadde størst overskot. I Møre og Romsdal var det 670 fleire inn- enn utvandringar i 2. kvartal. Alle fylka hadde flytteoverskot andsynes utlandet.

I fyrste halvår var det eit samla innflyttingsoverskot frå utlandet på 22 900, og som stod for 72 prosent av heile folkeveksten.

Størst innalandsk flyttevinst for Akershus og Østfold - størst flyttetap for Oslo

I 2. kvartal 2012 hadde Akershus ein innalandsk flyttevinst på 1 200, medan Østfold hadde ein vinst på 600. Oslo hadde størst innalandsk flyttetap både i tal, og sett i høve til folketalet, med 1 350 fleire ut- enn innflyttingar. Saman med Oslo var det Oppland, Hordaland, Sogn og Fjordane, og fylka frå Sør-Trøndelag og nordover, som opplevde flyttetap i 2. kvartal.

Når ein ser på alle flyttingar under eitt, både innalandske og frå og til utlandet, var det berre Oslo av fylka som hadde flyttetap i 2. kvartal 2012.