53397_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
53397
Nest høgaste folkevekst nokosinne
statistikk
2011-11-17T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Folketall, Flytting, Fødte og døde, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Folkemengde og befolkningsendring3. kvartal 2011

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nest høgaste folkevekst nokosinne

Vi er no 4 973 000 personar i Noreg, 65 000 fleire enn for eit år sidan. Folkeveksten var om lag 150 lågare i høve til tredje kvartal førre året, likevel er veksten den nest høgaste i noko kvartal nokosinne. Nettoinnvandringa stod for 70 prosent av folkeveksten.

Folketalet voks med 20 050 i tredje kvartal i år. Berre veksten på 20 200 i tredje kvartal i fjor, har vore større enn i år. I åra fram mot 2004 voks folketalet med 7 000-8 000 i same kvartal, så veksten dei siste par åra har vori opptil tre gonger så høg som då. Det var berre små endringar i år frå same kvartal i fjor; litt fleire både av inn- og utvandringar, det vart født litt færre og litt fleire døydde.

Innvandring, utvandring og nettoinnvandring etter statsborgarskap. 3. kvartal 2011

Framleis stor polsk og baltisk innvandring - men ikkje svensk

Polakkane var den klart største gruppa av utalandske statsborgarar som innvandra, med 3 150 flyttingar til Noreg. Det er 300 fleire samanlikna med førre året. På grunn av at 200 færre polakkar flytta ut av landet i år enn i fjor, steig nettoinnvandringa frå 2 250 til 2 750. Ser ein på innvandringa frå Estland, Latvia og Litauen samla, var ho på 2 800 i år. Sidan berre 100 utvandra, var nettoinnvandringa på 2 700, noko som er 250 høgare enn førre året. Nettoinnvandringa frå Polen og Baltikum var i alt dermed på 5 450, eller 39 prosent, av den samla nettoinnvandringa. For svenskane var utviklinga motsett; det var 1 850 som innvandra, 300 færre i høve til førre året. Det var 1 700 svenskar som flytta frå landet, 300 fleire samanlikna med i fjor. I alt var nettoinnvandringa av svenskar dermed berre om lag 150, medan ho var 750 førre året. Filippinarane er no den tredje største gruppa når det gjeld nettoinnvandring, 800 flytta inn og 200 ut i tredje kvartal.

Framleis mange fødde

Talet på fødde minka med 100 i tredje kvartal i høve til tredje kvartal i fjor. I fjor minka det med 100 mot året før det igjen, men det ligg framleis på eit høgt nivå med over 16 000. Dette er mellom 1 000 og 1 500 høgare enn det var fram mot år 2005. Oslo hadde det største fødselsoverskotet av fylka i tredje kvartal med 1 650, medan både Akershus, Rogaland og Hordaland hadde om lag helvta av det. Hedmark var det einaste fylket i landet med fødselsunderskot.

Talet på døde har vore stabilt dei seinare åra, og sjølv om det døydde 200 fleire i tredje kvartal i år enn i fjor - 10 000 mot 9 800 - var talet høgare i åra fram til og med 2003.

Fødselsoverskot, nettoinnvandring og folketilvekst., 3. kvartal. 1987-2011

Størst flytteoverskot i Oslo

Ser ein på alle flyttingar under eitt, er det fire fylke som har stor nettoinnflytting - Oslo, Akershus, Hordaland og Sør-Trøndelag. På grunn av skilnader i fødselsoverskotet i fylka, står nettoinnflyttinga for meir enn 80 prosent av folkeveksten i Sør-Trøndelag, medan ho berre står for snautt helvta i Rogaland. Berre Nordland av alle fylka hadde ei samla nettoutflytting i tredje kvartal.

Når det gjeld innvandring, er det to område som dominerer biletet. Til Oslo og Akershus innvandra i alt 8 000 i tredje kvartal (5 200 til Oslo og 2 800 til Akershus), medan 4 600 innvandra til Rogaland og og Hordaland (om lag 2 300 kvar seg). Nettoinnvandringa - når ein har trekt frå utvandringa - er størst i Oslo med sine 2 300, føre Akershus og Hordaland. Alle fylka har nettoinnvandring frå utlandet, og sett i høve til folketalet er det ikkje i Oslo ho er størst, men det er Sør-Trøndelag som hårfint ligg på fyrsteplassen.

Oslo har òg størst innalandsk tilflytting med over 10 000, men fordi om lag like mange flyttar ut er nettoinnflyttinga frå andre fylke i landet berre 200. I alt ni fylke har innalandsk nettoinnflytting, størst i Akershus med 700. Størst i høve til folketalet er ho i østfold og Sør-Trøndelag. I alt ti fylke såg ei nettoutflytting til dei andre fylka, størst i Nordland med 550, men i høve til folketalet var ho størst i Finnmark. Det er to område som har ei stor innalandsk nettoutflytting; Nord-Noreg med 1 100 og Sogn og Fjordane/Møre og Romsdal med 500. Trøndelag har derimot ei nettoinnflytting på 500.

Nettoinnflytting. Innalandsk og frå utlandet i prosent av folkemengda. 3. kvartal 2011

Folketalet har vaksi i dei fleste kommunane

Folketalet har vaksi i 309 av de 430 kommunane i landet dei tre fyrste kvartala i år, medan talet har gått ned i 112 kommunar. Når det gjeld fødselsoverskotet, er det som venteleg kommunane med dei største byane som har dei største overskota i absolutte tal. Men relativt sett er fødselsoverskotet høgast i rogalandskommunane og på Vestlandet elles. Seks av dei ti kommunane med relativt sett høgast overskot ligg i Rogaland. Blant kommunane med størst underskot finn vi fleire hedmarkskommunar, og mellom dei byane Hamar og Kongsvinger. Sett i høve til folketalet er underskotet stort i mange kommunar i Nord-Noreg, men òg i Hordaland.

Når det gjeld flytting, hadde mest alle kommunane ein flyttevinst frå utlandet. Det var berre åtte kommunar som hadde eit flyttetap til utlandet. Fjaler kommune står i ei særstilling, fordi ein vidaregåande skule der har elevar frå heile verda, og desse melder inn- og utvandring i samband med skulegangen. Den innalandske flyttevinsten er ikkje så stor sjølv i dei største kommunane, men med unntak av byane er det Eidsvoll og Ullensaker, som har størst vinst. Innalandsk flyttetap er stort i mange kommunar i Nord-Noreg, men dei tre kommunane med størst tap er Stavanger, Bergen og Tromsø.

Dei 10 kommunane med størst og minst flyttevinst 1., 2. og 3. kvartal 2011
 
  Samla flyttevinst (319 i alt)   Innanlands flyttevinst (172 i alt)   Flyttevinst frå utlandet (418 i alt)  
 
1    0301 Oslo 7 692    0301 Oslo  368    0301 Oslo 7 324
2    1201 Bergen 1 660    0704 Tønsberg  367    1201 Bergen 2 039
3    1601 Trondheim 1 628    0106 Fredrikstad  288    1601 Trondheim 1 496
4    0106 Fredrikstad  840    1102 Sandnes  253    1103 Stavanger 1 123
5    0219 Bærum  790    0220 Asker  244    0219 Bærum  858
6    0220 Asker  747    0403 Hamar  212    0602 Drammen  594
7    0704 Tønsberg  712    0101 Halden  199    0106 Fredrikstad  552
8    0602 Drammen  673    0237 Eidsvoll  193    0220 Asker  503
9    1102 Sandnes  639    0235 Ullensaker  190    1902 Tromsø  443
10    0235 Ullensaker  568    0624 øvre Eiker  185    1504 ålesund  419
             
 
  Samla flyttetap (108 i alt)   Innanlands flyttetap (250 i alt)   Flyttetap til utlandet (8 i alt)  
 
10    1938 Lyngen -39    1432 Førde -100    
9    1850 Tysfjord -40    1824 Vefsn -101    
8    1729 Inderøy -41    1228 Odda -106    1144 Kvitsøy -1
7    1867 Bø -43    2003 Vadsø -108    1915 Bjarkøy -1
6    1824 Vefsn -50    1922 Bardu -115    2017 Kvalsund -2
5    1228 Odda -50    1563 Sunndal -144    0833 Tokke -2
4    1822 Leirfjord -52    2012 Alta -147    0811 Siljan -3
3    1563 Sunndal -56    1902 Tromsø -259    0935 Iveland -8
2    1922 Bardu -78    1201 Bergen -379    1822 Leirfjord -9
1    1429 Fjaler -127    1103 Stavanger -676    1429 Fjaler -128
 
Dei 10 kommunane med størst og minst fødselsoverskott og folketilvekst 1., 2. og 3. kvartal 2011
 
      Fødselsoverskot (228 i alt)   Fødselsoverskot i høve til folketalet/1 000
(228 i alt) (Norge=3,2)
      Folkevekst (309 i alt)   Folkevekst i høve til folketalet/1 000
(309 i alt) (Norge=10,7)
 
 
1     0301 Oslo 4 569     1119 Hå 10.0     0301 Oslo 12 261     0618 Hemsedal 40.2
2     1201 Bergen 1 166     1216 Sveio 9.7     1201 Bergen 2 826     1818 Herøy 32.1
3     1601 Trondheim  894     0618 Hemsedal 9.3     1601 Trondheim 2 522     1523 ørskog 31.1
4     1103 Stavanger  762     1151 Utsira 9.3     1103 Stavanger 1 209     1021 Marnardal 28.3
5     1102 Sandnes  433     1122 Gjesdal 8.9     0219 Bærum 1 156     1114 Bjerkreim 27.9
6     1902 Tromsø  416     1432 Førde 8.4     1102 Sandnes 1 072     0214 ås 27.5
7     0219 Bærum  366     1531 Sula 8.3     0220 Asker  955     1017 Songdalen 27.2
8     1001 Kristiansand  337     1835 Træna 8.2     0106 Fredrikstad  921     1146 Tysvær 26.6
9     1804 Bodø  246     1120 Klepp 8.1     0602 Drammen  846     1742 Grong 26.3
10     0220 Asker  208     1114 Bjerkreim og 1142 Rennesøy 7.9     0704 Tønsberg  800     0615 Flå 26.0
                 
 
      Fødselsunderskot (186 i alt)       Fødselsunderskot i høve til folketalet/
1 000 (186 i alt)
      Folketap (112 i alt)       Folketap i høve til folketalet/1 000
(112 i alt)
 
 
                 
10     0428 Trysil, 0515 Vågå og 0826 Tinn -21     1234 Granvin -9.5     1416 Høyanger og 1938 Lyngen -45     1635 Rennebu -19.8
9     1535 Vestnes -25     1816 Vevelstad -9.6     1822 Leirfjord -47     1755 Leka -20.4
8     0423 Grue -29     2014 Loppa -10.2     1228 Odda -49     1822 Leirfjord -21.8
7     0420 Eidskog -30     1265 Fedje -10.2     1635 Rennebu -52     1234 Granvin -23.2
6     0815 Kragerø -31     1233 Ulvik -10.7     1850 Tysfjord -53     0941 Bykle -23.3
5     0402 Kongsvinger -33     1815 Vega -11.0     1563 Sunndal -56     1850 Tysfjord -26.5
4     1867 Bø -33     0940 Valle -11.7     1922 Bardu -59     1723 Mosvik -27.1
3     0536 Søndre Land -35     1867 Bø -11.8     0536 Søndre Land -69     1867 Bø -27.2
2     0425 åsnes -42     1917 Ibestad -12.0     1867 Bø -76     1915 Bjarkøy -33.6
1     0403 Hamar -43     1915 Bjarkøy -12.6     1429 Fjaler -133     1429 Fjaler -45.7
 

Tabeller:

 Eldre tabeller