6300_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
6300
Nedgang i folkeveksten
statistikk
2009-05-20T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Folketall, Flytting, Fødte og døde, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Folkemengde og befolkningsendring1. kvartal 2009

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i folkeveksten

I fyrste kvartal 2009 voks folketalet med 13 000, og 1. april var det registrert 4 812 000 busette i Noreg. Folkeveksten i fyrste kvartal var 21 prosent mindre enn same kvartal 2008, men han var likevel den nest største veksten som er registrert i dei tre fyrste månadene noko år.

Fødselsoverskott, nettoinnflytting og folketilvekst, 1. kvartal. 1983-2009

Innflyttingsoverskottet frå utlandet på 9 600 stod for tre firedelar av folkeveksten. Det vart registrert 16 600 flyttingar til Noreg frå utlandet i 1. kvartal, 300 færre enn året før. 7 000 flyttingar frå Noreg var 2 500, eller 56 prosent, fleire enn førre året.

Talet på fødde - 14 800 - var det same som året før. Talet på døydde var 11 000, også dét det same som førre året. Dette gav eit fødselsoverskott på 3 300 i 1. kvartal både i 2008 og 2009.

Halvert nettoinnvandring av polakkar og tyskarar - men islendingane kom

For dei fleste nasjonane var det små endringar i innvandringstala, men nokre skilde seg ut. Såleis kom det 1 200 færre polske statsborgarar til landet i fyrste kvartal samanlikna med året før, og 1 000 fleire reiste ut. Dermed gjekk nettoinnvandringa ned frå 4 000 til 1 800. Tyske statsborgarar hadde ei liknande utvikling, slik at nettoinnvandringa deira gjekk ned frå 1 000 til 600. Andre store grupper, som svenske og litauiske statsborgarar, hadde ei uendra nettoinnvandring. Statsborgarar frå land der flukt er ein viktig utvandringsårsak, som Eritrea, hadde ein vekst i nettoinnvandringa frå 100 i fjor til 400 i år, og Afghanistan gjekk frå 200 til 300. For fyrste gong er statsborgarar frå Island inne på lista over dei som har størst nettoinnvandring; medan talet i fjor var 0, var det i år 200. I alt innvandra det personar frå nær 150 statar til Noreg.

Innvandring, utvandring og nettoinnvandring, etter statsborgarskap. 1. kvartal 2009

Folketalet voks i alle fylka

I fyrste kvartal voks folketalet mest i Oslo, med 3 400. Dei fire fylka Oslo, Akershus, Rogaland og Hordaland stod for 65 prosent av folkeveksten i landet. I tre av fylka - Hedmark, Sogn og Fjordane og Finnmark - voks folketalet med mindre enn 40.

Størst fødselsoverskott i Oslo

Oslo var i ei klasse for seg når det gjeld fødselsoverskott. Fødselsoverskottet på 1 300 i Oslo stod for to femtedelar av det samla fødselsoverskottet i landet. Innlandsfylka Hedmark og Oppland, saman med Vestfold og Telemark, hadde eit fødselsunderskott.

Samla flyttetap berre i Finnmark

Oslo hadde det største samla flytteoverskottet, 2 100. Berre Finnmark hadde flyttetap i 1. kvartal når ein ser på alle flyttingar under eitt - innanlandske og flyttingar til og frå utlandet. Frå Finnmark flytta det 24 fleire ut enn inn. Også i høve til folketalet var det samla flytteoverskottet størst i Oslo.

Størst innanlandsk flyttetap i Nordland

Oslo og Akershus var dei to fylka - av i alt seks - som hadde stor flyttevinst i høve til dei andre fylka i fyrste kvartal, størst for Oslo med 800. Tolv fylke hadde flyttetap til andre fylke, Nordland størst med 300. Vest-Agder gjekk i balanse. Sett i høve til folketalet hadde Finnmark det største innanlandske flyttetapet, følgd av Sogn og Fjordane.

Flyttevinst frå utlandet i alle landsdelane

Alle 19 fylka hadde - som vanleg dei seinare åra - ein flyttevinst frå utlandet. Størst var han i Oslo med 1 300, men Oslo vart tett følgd av Rogaland med sine 1 100. Flyttevinsten frå utlandet på i alt 9 600 vog mykje opp for fødselsunderskott og for innanlandske flyttetap i mange av fylka.

Nettoinnflytting. Innalandsk og frå utlandet i prosent av folkemengda. 1. kvartal 2009

Folketalet voks i 240 kommunar

Folketalet voks i 240 av kommunane i fyrste kvartal, medan det gjekk ned i 180 kommunar. Sett bort frå dei fire største byane hadde Sandnes, med 400 personar, den største veksten i folketalet. Sett i høve til folketalet var det likevel i Træna (Nordland) at folketalet voks mest. Største tapet hadde Kongsvinger med 58, men i høve til folketalet var det Gamvik (Finnmark) og deretter ei rekkje kommunar i Nord-Noreg som hadde største tapet. Av dei 50 kommunane med størst folketap var 29 i Nord-Noreg. Som i tidlegare år er det i dei sentrale kommunane at folketalet veks, medan dei mindre sentrale stroka gjerne har både flyttetap og fødselsunderskott.

Fødselsunderskott i mange Hedmarkskommunar

I alt 193 av kommunane hadde eit fødselsoverskott, medan 209 hadde eit underskott. Størst overskot hadde Gjerdrum (Akershus). Helvta av dei ti kommunane med største fødselsoverskottet i høve til folketalet ligg i Rogaland. Største fødselsunderskottet hadde Kongsvinger. Helvta av dei ti kommunane med største fødselsunderskottet låg i Hedmark. Seks av dei ti kommunane med størst fødselsunderskot sett i høve til folketalet finn ein i Nord-Noreg.

Dei 10 kommunane med størst og minst flyttevinst
  Samla flyttevinst(256 i alt)       Innanlands flyttevinst(141 i alt)       Flyttevinst frå utlandet(366 i alt)  
1 Oslo 2 111     1 Oslo  791     1 Oslo 1 320
2 Bergen  593     2 Bergen  214     2 Stavanger  437
3 Trondheim  513     3 Trondheim  152     3 Bergen  379
4 Stavanger  352     4 Sola  121     4 Trondheim  361
5 Bærum  248     5 Tromsø 81     5 Sandnes  231
6 Sandnes  241     6 Ullensaker 80     6 Bærum  170
7 Drammen  215     7 Bærum 78     7 Drammen  144
8 Kristiansand  203     8 Nittedal 78     8 Fredrikstad  143
9 Sola  182     9 øvre Eiker 75     9 Kristiansand  135
10 Tromsø  161     10 Stange 73     10 ålesund  126
  Samla flyttetap (153 i alt)       Innanlands flyttetap (273 i alt)       Flyttetap til utlandet(32 i alt)  
1 Malvik -33     1 Asker -125     1 Bø -9
2 Karmøy -33     2 Stavanger -85     2 Orkdal -5
3 Farsund -33     3 Karmøy -65     3 Malvik -4
4 -33     4 Farsund -50     4 Fyresdal -3
5 Karlsøy -31     5 Ski -43     5 Modalen -3
6 Høyanger -31     6 Nesodden -41     6 Hurdal -3
7 Risør -30     7 Voss -41     7 10 kommunar -2
8 Selje -27     8 Røyken -39     8 16 kommunar -1
9 Røyken -27     9 Førde -39      
10 Inderøy/Hemne -26     10 Risør/Kongsvinger -38      
Dei 10 kommunane med størst og minst fødselsoverskott og folketilvekst
  Fødselsoverskott (193 i alt)        Fødselsoverskott i høve til folketalet/
1 000 (193 i alt) (landet=0,70)
       Folketilvekst (240 i alt)        Folketilvekst i høve til folketalet/
1 000 (240 i alt) (landet=2,70)
 
1 Oslo 1 284      1 Gjerdrum 4,0      1 Oslo 3 395      1 Træna 54,9
2 Bergen  274      2 Bokn 3,7      2 Bergen  867      2 Austrheim 24,1
3 Trondheim  218      3 Audnedal 3,7      3 Trondheim  731      3 Nesna 17,9
4 Stavanger  200      4 Hå 3,6      4 Stavanger  552      4 Ulstein 15,7
5 Sandnes  143      5 Leka 3,4      5 Sandnes  384      5 Sund 14,2
6 Bærum  100      6 Klepp 3,4      6 Bærum  348      6 Gjerdrum 13,7
7 Kristiansand 98      7 Froland 3,3      7 Kristiansand  301      7 Værøy 12,2
8 Tromsø 98      8 Sogndalen 3,1      8 Tromsø  259      8 Sirdal 12,1
9 Bodø 94      9 Tysvær 3,0      9 Sola  230      9 Audnedal 11,0
10 Askøy 70      10 Alta 3,0      10 Drammen  223      10 Eidfjord 10,6
  Fødselsunderskott (209 i alt)        Fødselsunderskott i høve til folketalet/
1 000 (209 i alt) (landet=0,70)
       Folketap (180 i alt)        Folketap i høve til folketalet/
1 000 (180 i alt) (landet=2,70)
 
1 Kongsvinger -33      1 Ibestad -8,3      1 Kongsvinger -58      1 Gamvik -18,5
2 Grue -28      2 Jondal -5,9      2 Høyanger -35      2 Ibestad -16,7
3 åsnes -27      3 Grue -5,5      3 Risør -33      3 Måsøy -15,3
4 Sandefjord -25      4 Torsken -5,5      4 Bø (Nordland) -32      4 Berg -13,8
5 Gran -24      5 Tysfjord -5,4      5 Selje -31      5 Karlsøy -12,6
6 Porsgrunn -24      6 Berg -5,3      6 Karlsøy -30      6 Beiarn -12,3
7 Notodden -23      7 Evenes -5,2      7 Bø (Telemark) -30      7 Båtsfjord -12,1
8 Odda -22      8 Salangen -5,0      8 Farsund -30      8 Fedje -11,7
9 Elverum -20      9 Rollag -4,9      9 Aure -28      9 Bø (Nordland) -11,3
10 Stange -20      10 Osen -4,9      10 Eidskog -27      10 Tjeldsund -11,3