6304_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
6304
Framleis stor folketilvekst
statistikk
2008-11-20T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Folketall, Flytting, Fødte og døde, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Folkemengde og befolkningsendring3. kvartal 2008

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis stor folketilvekst

Folketalet i Noreg auka med 17 900 personar i 3. kvartal. To tredelar av tilveksten var innflyttingsoverskott frå utlandet, men fødselsoverskottet voks meir enn nettoinnvandringa når ein samanliknar med 3. kvartal førre året.

Folketalet 1. oktober i år var 4 787 000. Folketilveksten på 17 900 er den høgaste som er registrert i eit 3. kvartal, og var 900 høgare enn i 2007.

19 1501 personar flytta til Noreg og 7 300 flytta frå Noreg i denne perioden, noko som gav ei nettoinnvandring på 11 8501 personar. I tredje kvartal førre året var nettoinnvandringa 11 600, medan ho i tidlegare år var opp mot 6 000 på sitt høgaste.

Fødselsoverskott, nettoinnflytting og folketilvekst, 3. kvartal 1987-2008.

Fødselsoverskott, nettoinnflytting og folketilvekst, 1.-3. kvartal 1987-2008

Polske statsborgarar held fram med å kome til Noreg

Av dei 16 300 personane utan norsk statsborgarskap som flytta til landet i tredje kvartal, utgjorde europeiske statsborgarar 67 prosent. Framleis var det klårt flest polske statsborgarar som kom til Noreg. Det var 3 450 polske statsborgarar som flytta til Noreg, og 420 som flytta frå Noreg i 3. kvartal.

Førre året kom det 3 850 polske statsborgarar til landet i same kvartal, medan 300 flytta ut. Nettoinnvandringa av polakkar gjekk difor ned med 500 frå førre året. Medan det kom færre polske statsborgarar til landet i tredje kvartal enn det som var snittet for dei to fyrste kvartala i år, var det fleire svenske og tyske statsborgarar som kom enn det som var snittet for dei to fyrste kvartala.

Mange fødde

Det vart født 15 900 born i 3. kvartal, noko som er 600 fleire enn i same kvartal i fjor. Ein må mange år attende for å finna tilsvarande høge tal.

9 800 personar døydde, snaue 100 færre i høve til same periode i fjor. Fødselsoverskottet på 6 100 er 12 prosent høgare enn i same kvartal førre året. Berre to av fylka hadde eit fødselsunderskott i tredje kvartal, Hedmark og Oppland . Størst var fødselsoverskottet i Oslo, med 1 500 personar.

I dei tre fyrste kvartala i 2008 vart det født 46 550 born, medan talet på døydde var 30 900. Fødselsoverskottet er dermed på 15 650, 16 prosent høgare enn til same tid i fjor.

Innvandring, utvandring og nettoinnvandring, etter statsborgarskap. 1.- 3. kvartal 2008

Størst folketilvekst i sentrale strok

40 prosent av folketilveksten i tredje kvartal kom i Akershus og Oslo, og 23 prosent i Rogaland og Hordaland. I Sogn og Fjordane, Nordland og Finnmark gjekk folketalet ned, på grunn av innanlandsk flyttetap.

Ni fylke med innanlandsk flyttetap i tredje kvartal

Alle fylka i landet hadde eit innflyttingsoverskott frå utlandet, høgast i Oslo med 3 100. Ti fylke hadde innanlandsk flytteoverskott, høgast i Akershus med 650. Ni fylke hadde innanlandsk flyttetap, høgast i Nordland med 600. Sett i høve til folketalet hadde Finnmark det største innanlandske flyttetapet. Oslo hadde óg eit innanlandsk flyttetap, med 70.

Ser ein på dei tre fyrste kvartala av 2008, hadde Oslo det høgaste innflyttingsoverskottet frå utlandet med 8 600. Ti fylke hadde innanlandsk flytteoverskott, høgast i Akershus med 1 800. Ni fylke hadde innanlandsk flyttetap, høgast i Nordland med 1 150.

Nettoinnflytting. Innalandsk og frå utlandet i prosent av folkemengda. 3. kvartal 2008

Folketalet auka i 263 kommunar i dei tre fyrste kvartala

Folketalet auka i 263 av landets kommunar i dei tre fyrste kvartala, medan det gjekk ned i 163 kommunar. Sett bort frå dei fire største byane hadde Bærum den største auken i folketalet. Folketalet i denne kommunen auka med 1 300. Sett i høve til folketalet var det likevel i Flå (Buskerud) at folketalet auka mest. Største tapet hadde Målselv (Troms) med 140, men i høve til folketalet var det Kvalsund (Finnmark) som hadde største tapet. Som i tidlegare år er det i dei sentrale kommunane at folketalet aukar, medan dei mindre sentrale stroka gjerne har både flyttetap og fødselsunderskott. Trondheim og Ullensaker (Akershus) hadde største innanlandske flyttevinsten med 600 kvar seg, medan Stavanger hadde største innanlandske flyttetapet med 400.

Bergen feira i 3. kvartal at dei såg innbyggjar nummer 250 000, og likeins gjorde dei i Grimstad med nummer 20 000. I fjerde kvartal vil venteleg Kristiansand runda 80 000, og dei 14 kommunane på Romerike 250 000.

Fødselsunderskott i mange innlandskommunar i dei tre fyrste kvartala

I alt 226 av kommunane hadde eit fødselsoverskott, medan 190 hadde eit fødselsunderskott. Største fødselsunderskottet hadde Eidskog (Hedmark) med 40. Fem av dei ti kommunane med størst fødselsunderskott var i Sør-Hedmark og ni av dei ti kommunane med størst fødselsunderskott var i Hedmark og Oppland.

Dei 10 kommunane med størst og minst flyttevinst 1.-3. kvartal 2008
  Samla flyttevinst (270 i alt)   Innanlands flyttevinst (147 i alt)   Flyttevinst frå utlandet (414 i alt)  
1 0301 Oslo 8 650 1601 Trondheim  616 0301 Oslo 8 632
2 1201 Bergen 2 140 0235 Ullensaker  614 1201 Bergen 1 863
3 1601 Trondheim 1 510 0602 Drammen  464 1103 Stavanger 1 393
4 1103 Stavanger  979 0106 Fredrikstad  321 1601 Trondheim  894
5 0219 Bærum  883 0226 Sørum  278 0219 Bærum  820
6 0602 Drammen  816 1201 Bergen  277 1102 Sandnes  608
7 0235 Ullensaker  773 1247 Askøy  226 1001 Kristiansand  563
8 0106 Fredrikstad  671 0627 Røyken  223 0220 Asker  478
9 1001 Kristiansand  615 0806 Skien  213 1902 Tromsø  470
10 0220 Asker  595 0104 Moss  195 1106 Haugesund  369
  Samla flyttetap (154 i alt)   Innanlands flyttetap (280 i alt)   Flyttetap til utlandet (10 i alt)  
1 1924 Målselv -135 1103 Stavanger -414 1824 Vefsn -37
2 1824 Vefsn -98 1805 Narvik -188 0827 Hjartdal -5
3 1805 Narvik -94 1924 Målselv -146 1657 Skaun -3
4 0533 Lunner -76 1401 Flora -130 1835 Træna -2
5 2021 Kárájohka Karasjok -76 1804 Bodø -127 1740 Namsskogan -2
6 1231 Ullensvang -60 1102 Sandnes -117 1825 Grane -2
7 1411 Gulen -53 2003 Vadsø -116 1627 Bjugn -2
8 1551 Eide -52 1149 Karmøy -115 2021 Kárájohka Karasjok -1
9 2017 Kvalsund -48 0231 Skedsmo -112 1736 Snåsa -1
10 1640 Røros -48 1563 Sunndal -112 1665 Tydal -1
Dei 10 kommunane med størst og minst fødselsoverskott og folketilvekst 1.-3. kvartal 2008
  Fødselsoverskott (226 i alt)   Fødselsoverskott i høve
til folketalet/1 000 (226 i alt)
  Folketilvekst (263 i alt)   Folketilvekst i høve til
folketalet/1 000 (263 i alt)
 
1 0301 Oslo 4 254 2027 Unjárga Nesseby 9,3 0301 Oslo 12 904 0615 Flå 44,1
2 1201 Bergen 1 099 1122 Gjesdal 9,1 1201 Bergen 3 239 0941 Bykle 37,0
3 1601 Trondheim 1 008 1529 Skodje 9,1 1601 Trondheim 2 518 0235 Ullensaker 35,6
4 1103 Stavanger  760 0229 Enebakk 8,5 1103 Stavanger 1 739 0226 Sørum 34,9
5 1102 Sandnes  504 1121 Time 8,5 0219 Bærum 1 281 0612 Hole 33,4
6 1902 Tromsø  497 1119 Hå 8,4 0602 Drammen 1 022 1529 Skodje 32,8
7 0219 Bærum  398 1120 Klepp 8,3 1902 Tromsø  997 1256 Meland 31,3
8 1001 Kristiansand  379 1124 Sola 8,3 1102 Sandnes  995 214 ås 31,1
9 1804 Bodø  266 1102 Sandnes 8,1 1001 Kristiansand  994 1816 Vevelstad 30,9
10 0231 Skedsmo  208 1662 Klæbu 8,1 0235 Ullensaker  958 1018 Søgne 28,6
  Fødselsunderskott (190 i alt)   Fødselsunderskott i høve
til folketalet/1 000 (190 i alt)
  Folketap (163 i alt)   Folketap i høve til
folketalet/1 000 (163 i alt)
 
1 0420 Eidskog    -40 1915 Bjarkøy -19,6 1924 Målselv -135 2017 Kvalsund -44,5
2 0528 østre Toten -32 1252 Modalen -13,9 1824 Vefsn -78 1252 Modalen -36,1
3 0423 Grue -31 0121 Rømskog -12,3 1805 Narvik -78 1917 Ibestad -32,4
4 0403 Hamar -29 1748 Fosnes -11,6 2021 Kárásjohka Karasjok -74 1857 Værøy -29,6
5 0520 Ringebu -26 1571 Halsa -10,8 1411 Gulen -67 1411 Gulen -28,4
6 0426 Våler -25 1917 Ibestad -10,6 1231 Ullensvang -61 1825 Grane -27,3
7 1566 Surnadal -25 2014 Loppa -9,9 1640 Røros -58 2021 Kárásjohka Karasjok -25,8
8 0418 Nord-Odal -24 1738 Lierne -9,5 0536 Søndre Land -55 1828 Nesna -23,4
9 0425 åsnes -24 1151 Utsira -9,4 1627 Bjugn -52 1723 Mosvik -23,1
10 0534 Gran -24 1265 Fedje -8,4 Tinn/Lødingen/Bø (N.) -50 1927 Tranøy -22,8
1  Korrigert 21. november 2008.