6314_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
6314
Over 4,7 millionar - med polsk hjelp
statistikk
2007-08-16T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Folketall, Flytting, Fødte og døde, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Folkemengde og befolkningsendring2. kvartal 2007

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Over 4,7 millionar - med polsk hjelp

Vi vart 13 100 fleire her i landet i andre kvartal i år og runda 4,7 millionar omkring 1. juni. Innflyttingsoverskottet frå utlandet stod for 60 prosent av tilveksten, og ein tredel av dette sytte polske statsborgarar for.

Fødselsoverskott, nettoinnflytting og folketilvekst. 2. kvartal 1987-2007

Folketalet 1. juli var 4 704 600. Folketilveksten var klart høgare enn i tidlegare år og dobbelt så høg som han var i andre kvartal fram mot slutten av 1990-talet. Tilveksten i folketalet på 13 100 er 2 000 høgare enn han var i andre kvartal i fjor. Fødselsoverskottet har vore på same nivå før, medan nettoinnflyttinga aldri har vore så stor. Ho er opp til fem gonger så høg som på 1990-talet og 36 prosent større enn til den same tida i fjor. I den same perioden i fjor vart òg nettoinnflyttinga rekordstor.

Størst folketilvekst i sentrale strok

57 prosent av folketilveksten kom i Akershus, Rogaland, Oslo og Hordaland. Det var berre i Sogn og Fjordane og i nokon mon i Nordland at folketalet gjekk ned, og det var det innanlandske flyttetapet som sto for denne utviklinga.

Innvandring, utvandring og nettoinnvandring, etter statsborgarskap. 1. og 2. kvartal 2007

Flest polske statsborgarar til Noreg

Av dei 10 400 personane utan norsk statsborgarskap som flytta til landet i andre kvartal, utgjorde europeiske statsborgarar 69 prosent.

Framleis var det klårt flest polske statsborgarar som kom til Noreg, nettoinnvandringa av polakkar var på 2 600. Andre store grupper var tyske og litauiske statsborgarar, med tett oppunder 500 nettoinnvandringar kvar seg. Personar frå Burma er ei aukande gruppe og utgjorde i andre kvartal den fjerde største gruppa, med ei nettoinnvandring på mest 400.

12 500 personar flytta til Noreg og 4 600 flytta ut i andre kvartal 2007, noko som gav ei nettoinnflytting på 7 900, 2 100 fleire enn i fjor.

Nettoinnflytting. Innanlandsk og frå utlandet i prosent av folkemengda. 2. kvartal 2007

Dei polske statsborgarane stod for ein tredel av nettoinnflyttinga av utalandske statsborgarar til landet også i første halvår, medan det mellom dei andre største statsborgarskapa ikkje var så store skilnader i storleik. Skilnaden finn ein i flyttestraumane, til dømes flytta det 2 000 med svensk statsborgarskap inn og 1 030 ut, medan det for burmesarane sin del er slik at 500 flytta inn og berre mindre enn fem ut. Figuren for første halvår viser desse skilnadene.

Høgast fødselsoverskot i Oslo

I andre kvartal 2007 vart det født 15 200 born, noko som er 50 fleire enn i andre kvartal i fjor.

10 000 personar døydde, 170 fleire enn i fjor. Berre to av fylka hadde eit fødselsunderskott i andre kvartal, Oppland (70) og Hedmark (30). Størst var fødselsoverskottet i Oslo, med 1 400. 241 av dei 431 kommunane i landet (56 prosent) hadde fødselsoverskott i andre kvartal.

Størst innanlandsk flyttetap i hovudstaden

Alle fylka i landet hadde eit innflyttingsoverskott frå utlandet, høgast i Rogaland med 1 200. Sju fylke hadde innanlandsk flytteoverskott, høgast i Akershus med 870, følgt av Østfold med 450. Det største innanlandske flyttetapet hadde Oslo med 790, følgt av Nordland med 320. Flyttetapet i Oslo er det største sidan 2002.

187 av kommunane (43 prosent) hadde innanlandsk nettoinnflytting i andre kvartal, størst hadde Drammen (220), fire andre hadde omkring 150 - Tønsberg, Arendal, Fredrikstad og Skedsmo. Største innanlandske flyttetapet hadde - bortsett frå Oslo - Bergen (410) og Stavanger (210). For Bergen og Stavanger er dette, med mogleg unntak frå ein periode på 1970-talet, dei høgaste tala nokosinne. Sett i høve til folketalet hadde Råde og Deatnu Tana den største innanlandske nettoinnflyttinga med 1 prosent kvar seg, medan Nesna, Loppa og Tingvoll hadde det største innanlandske flyttetapet, med omkring 1,5 prosent kvar seg.