6316_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
6316
Truleg 4,7 millionar før sankthans
statistikk
2007-05-22T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Folketall, Flytting, Fødte og døde, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Folkemengde og befolkningsendring1. kvartal 2007

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Truleg 4,7 millionar før sankthans

Det er sannsynleg at folketalet i Noreg vil passere 4,7 millionar alt før sankthans i år. Vi vart 10 400 fleire i 1. kvartal, og 1. april talde vi 4 691  500. Folketilveksten i 1. kvartal har dei to siste åra vore klart høgare enn tidlegare år. I år kjem 7 500, eller nær tre firedelar av veksten, av innflyttingsoverskottet frå utlandet.

Tilveksten i folketalet på 10 400 er 1 300 høgare enn i 1. kvartal i fjor og 4 000 høgare enn i noko anna år før EU og EØS-området vart utvida med Polen og ni andre land. Fødselsoverskottet har vore større før, men innflyttingsoverskottet på 7 500 i første kvartal i 2007 var 2 200 høgare enn det var i den same perioden året før, 5 300, det største til då.

Nettoinnflytting. Innalandsk og frå utlandet i prosent av folkemengda. 1. kvartal 2007

Fødselsoverskott, nettoinnflytting og folketilvekst, 1. kvartal. 1983-2007

Mest i Oslo og Akershus

Halvparten av folketilveksten kom i Oslo og Akershus. I sju av fylka gjekk folketalet ned, mest i Nordland (over 300), Finnmark (nær 150) og Oppland (100). I Finnmark var flyttetap årsaka til at folketalet gjekk ned, i Oppland var årsaka fødselsunderskott, medan begge tilhøve bidrog i Nordland, men flyttetapet bidrog mest.

Alle fylka i landet hadde innflyttingsoverskott frå utlandet, men berre sju av dei opplevde innanlands flytteoverskott. Den klart største innanlands flyttevinsten oppnådde Oslo (1 000) og Akershus (600). Størst innanlandsk flyttetap fekk Nordland (400). I høve til folketalet var flyttetapet likevel størst i Finnmark og Sogn og Fjordane.

293 av dei 431 kommunane i landet, eller vel to av tre, hadde innanlands flyttetap i første kvartal 2007.

Størst fødselsunderskott i Hedmark

I første kvartal 2007 vart det fødd 14300  born, noko som er 100 færre enn i det same kvartalet i fjor.

11 500  personar døydde, 800 fleire enn i fjor. Seks av fylka hadde fødselsunderskott i første kvartal, størst i Hedmark (nærare 200) og Oppland (over 100). Størst fødselsoverskott i første kvartal oppnådde Oslo (1100 ), Rogaland (700), Akershus (500) og Hordaland (400).

I alt 253, eller mest tre av fem kommunar, hadde ikkje fødselsoverskott. Kommunane med størst fødselsunderskott var Larvik, Hamar, Fredrikstad og Kongsvinger.

Framleis mange polakkar

12 600  personar flytta til Noreg, medan 5 100  flytta frå landet i første kvartal 2007, mot høvesvis 10 500 og 5 200 førre året. Ser ein bort frå dei 1 700 norske statsborgarane som flytta til landet i første kvartal, utgjorde europeiske statsborgarar i alt 62 prosent av dei 10 900 utan norsk statsborgarskap som kom. Det var klart flest polske statsborgarar som kom til Noreg i første kvartal - 2 900 - meir enn dobbelt så mange som i same kvartal i fjor, då det kom 1 400. Andre store grupper i år var statsborgarar frå Sverige (1 100), Tyskland (700), Litauen (500) og Danmark (400).