6258
/befolkning/statistikker/folkemengde/arkiv
6258
333 900 med utanlandsk statsborgarskap
statistikk
2010-03-11T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkemengde, Befolkning, folketall, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Befolkning1. januar 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

333 900 med utanlandsk statsborgarskap

Av dei 4 858 200 personane som budde i Noreg 1. januar, var 333 900, eller 6,9 prosent, utanlandske statsborgarar. Talet på desse voks med 31 000 i 2009. Polske statsborgarar utgjer den største gruppa, før svenske statsborgarar, medan tyskarane er på tredjeplass.

66 prosent av dei utanlandske statsborgarane hadde eit europeisk statsborgarskap, 19 prosent hadde eit asiatisk statsborgarskap og 9 prosent eit afrikansk. 75 prosent av veksten i talet på utanlandske statsborgarar sytte europearar for. At det no bur 5 300 islandske statsborgarar i Noreg – 1,7 prosent av folkemengda på Island – vil seie det same som om 82 600 norske statsborgarar skulle bu til dømes i Danmark.

Prosent utanlandske statsborgarar. Fylke. 1. januar 2010

Det er særleg inn- og utvandringar, men òg overgang til norsk statsborgarskap som fører til endringar i talet på busette med utanlandsk statsborgarskap. Overgang til norsk statsborgarskap krev normalt ei viss butid i Noreg. Frå midten av 1980-åra har det vore ei stor overvekt av ikkje-europeiske statsborgarar blant dei som har søkt om og fått norsk statsborgarskap. Til dømes er nesten alle innvandrarane frå Vietnam norske statsborgarar, medan det berre gjeld eit fåtal av svenskane.

Utanlandske statsborgarar, etter verdsdel. 1. januar 2010

Polske statsborgarar er største gruppa

Talet på polske statsborgarar voks mest i 2009, slik det har vore kvart år sidan 2004. Det var ved årsskiftet 46 700 polske statsborgarar busette, 7 500 fleire enn førre året. Svenske statsborgarar utgjer den nest største gruppa (35 800), medan tyske statsborgarar (20 800) no gjekk forbi danske (20 700) som tredje største gruppa. Dei gruppene som voks mest var polske, svenske, litauiske, tyske og eritreiske statsborgarar. Nokre få grupper hadde nedgang, størst var nedgangen blant dei med iransk statsborgarskap (300 færre enn førre året).

Kor held dei til?

Det var flest utanlandske statsborgarar busette i Oslo, Rogaland og Akershus. I desse fylka stod dei for høvesvis 13 (Oslo) og 8 prosent av folketalet. 45 prosent av alle dei utanlandske statsborgarane i Noreg budde i desse tre fylka. Fylket med minst utanlandske statsborgarar, både i tal og som del av folketalet, var Nord-Trøndelag med 4 700 eller 3,6 prosent.

Aldersfordeling blant utvalde statsborgarskap. 1. januar 2010

Aldersfordeling blant statsborgarskap. Verdsdel. 1. januar 2010

Kjønn og alder – store skilnader mellom gruppene

Det er store skilnader i kjønns- og alderssamansetjinga mellom grupper av utanlandske statsborgarar. Ser ein på statsborgarane frå Hellas, Polen og Slovakia, er om lag 70 prosent menn, medan det berre gjeld 15 prosent av statsborgarane frå Thailand og 18 prosent av dei frå Filippinane. 20 prosent av alle utanlandske statsborgarar er under 20 år. Men medan 36 prosent med afrikansk statsborgarskap er under 20 år, er berre 10 prosent av dei frå Nord- eller Mellom-Amerika og 7 prosent av dei frå Oseania i denne aldersgruppa. 15 prosent av alle utanlandske statsborgarar er 50 år eller over, men medan kvar tredje frå Nord- eller Mellom-Amerika er 50 år eller over, gjeld dette berre 4 prosent av dei frå Afrika og 7 prosent av dei frå Asia.

Skilnader i alderssamansetjinga mellom bydelane

I Oslo er det òg store skilnader i alderssamansetjinga til innbyggjarane i bydelane. I dei fire bydelane Gamle Oslo, Grünerløkka, Sagene og St. Hanshaugen er mellom 5 og 7 prosent av innbyggjarane 67 år og over, medan det same gjeld mellom 14 og 16 prosent i Ullern, Østensjø og Nordstrand.

I Østensjø og Nordstrand bur det i alt 5 700 personar som er 80 år og over, 6 prosent av alle i kvar av bydelane. Det vil seie at ein firedel av alle i Oslo i den aldersgruppa bur i desse to bydelane.

Folkemengd, etter alder, kjønn og sivilstand. 1. januar 2010

I Bergen og Trondheim ser ein ikkje same skilnaden mellom bydelane. I Stavanger er vel 7 prosent av innbyggjarane i bydelen Hundvåg 67 år og over, medan det gjeld 13 prosent av dei som bur i Hillevåg.

Bydelar og grunnkrinsar

Folketalet i grunnkrinsane i kommunane og i bydelane i dei fire kommunane som har ei slik inndeling, vert no publisert.

Ny ekteskapslov

januar 2009 vart ekteskapslova endra slik at to personar med same kjønn kan inngå ekteskap. Frå same tida vart det ikkje lenger mogleg å inngå registrert partnarskap. Dei som allereie var registrerte partnarar, kunne anten halde fram som det, eller be om å få partnarskapet sitt gjort om til ekteskap.

 

At det var 1 466 færre registrerte partnarar 1. januar 2010 samanlikna med eitt år tidlegare, heng saman med den nye lova og at mange gjorde om partnarskapet sitt til ekteskap.

 

Fleire detaljar kan ein finna i tabellane 30 og 34 og i Statistikkbanken.

Tabeller

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB