6236
/befolkning/statistikker/folkemengde/arkiv
6236
Innpå dobla vekst i talet på utanlandske statsborgarar
statistikk
2007-03-08T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkemengde, Befolkning, folketall, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Befolkning1. januar 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Innpå dobla vekst i talet på utanlandske statsborgarar

Det totale folketalet auka med 40 900 i fjor. Vel 16 000 av veksten stod utanlandske statsborgarar for, noko som er bortimot ei dobling frå året før. Talet på polske statsborgarar auka med 6 900.

Av dei 4 681 100 busette her i landet ved siste årsskiftet hadde 238 300, eller vel 5 prosent, utanlandsk statsborgarskap. Det er vel 16 000 fleire enn året før, og syner ein vekst som var borti mot dobla frå 2005.

Fleire polakkar

Talet på polske statsborgarar auka mest i 2006, til å bli den tredje største gruppa med utanlandsk statsborgarskap, med 13 600 busette. Det var berre svenskar og danskar det var fleire av med respektive 27 900 og 20 300.

Ser ein bort frå nordiske statsborgarar, var dei med statsborgarskap frå Polen, Tyskland, Irak, Storbritannia og Somalia dei største einskilde gruppene, med mellom 13 600 og 10 800 i kvar gruppe.

Av fylka var det flest utanlandske statsborgarar i Oslo og Akershus, der dei stod for 11 og 6 prosent av folketalet med 58 000 og 31 000 busette. Færrast var det i Nord-Trøndelag og Nordland, der dei stod for om lag 3 prosent av folketalet i kvart av fylka.

 

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB