6246_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkemengde/arkiv
6246
4 577 457 busette i Noreg ved årsskiftet
statistikk
2004-03-12T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkemengde, Befolkning, folketall, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Befolkning1. januar 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

4 577 457 busette i Noreg ved årsskiftet

Dei endelege tala for folkemengda i Noreg viser at 4 577 457 personar budde i landet ved inngangen til 2004. Dette er 25 200 fleire enn ved førre årsskifte, noko som gir ein auke i 2003 på 0,55 prosent. Veksten i 2003 vart noko mindre enn i 2002, da han var på 0,62 prosent.

Akershus og Rogaland hadde størst auke i folketalet

Alle fylka, med unnatak av Finnmark og Sogn og Fjordane, hadde ein vekst i folketalet i 2003. Finnmark hadde ein nedgang på vel 300 medan nedgangen var på 50 i Sogn og Fjordane. Begge fylka har i mange år hatt stor fråflytting. Sogn og Fjordane har dessutan ein relativ liten del i alderen 20-44 år og ein stor del eldre. Akershus hadde den største auken med 1,1 prosent, etterfølgd av Rogaland med 1,0 prosent og Oslo med 0,9 prosent. Alle desse fylka har stor innflytting frå både inn- og utland samstundes med at dei har ei ung befolkning. Resultatet er at fleire vert fødde og at færre døyr, noko som verkar inn på fødselsoverskotet.

Mange unge vaksne i Oslo

Oslo har klart flest personar i alderen 20-44 år, med nærare 43 prosent av folkemengda. Hedmark har færrast i denne aldersgruppa med 31 prosent, medan landsgjennomsnittet er i underkant av 35 prosent.

Rogaland, Akershus og Vest-Agder er dei fylka med største delen av barn i aldersgruppene under 15 år. Hedmark, som har mange eldre, har den lågaste prosentdelen barn i alderen 0-4 år. Oslo har høgast del barn under eitt år med 1,5 prosent, medan byen har minste delen i alderen 6-15 år. Dette kan tyde på at fleire flyttar ut av kommunen etter at dei har fått barn. Akershus har mange barn i denne aldersgruppa.

Hedmark var det fylket som hadde størst del blant dei over 80 år med 5,6 prosent. Sogn og Fjordane, Oppland og Telemark hadde også ein stor del i denne gruppa samanlikna med dei andre fylka. Finnmark hadde minst del med 3,3 prosent.

 

Kommunar med fleire enn 40 000 innbyggjarar
1. januar 2004 og vekst i prosent 2003
 
  Folkemengde
1. januar 2004
Befolkningsvekst
i prosent 2003
 
0301 Oslo kommune  521 886 0,87
1201 Bergen  237 430 0,85
1601 Trondheim  154 351 1,08
1103 Stavanger  112 405 1,26
0219 Bærum  103 313 0,76
1001 Kristiansand 75 280 0,93
0106 Fredrikstad 69 867 0,84
1902 Tromsø 61 897 1,17
0602 Drammen 56 688 0,43
1102 Sandnes 56 668 1,68
0220 Asker 50 651 0,72
0806 Skien 50 507 0,47
0105 Sarpsborg 49 423 0,77
1804 Bodø 42 745 1,33
0231 Skedsmo 41 359 1,68
0706 Sandefjord 40 992 0,73
0709 Larvik 40 990 0,28
1504 Ålesund 40 001 0,77
 

Dei største kommunane hadde vekst i folketalet

Ser ein på kommunane med fleire enn 40 000 innbyggjarar, hadde alle ein auke i folketalet i 2003. Størst var auken i Sandnes og Skedsmo med 1,7 prosent, og deretter Bodø og Stavanger med 1,3 prosent.

 
Dei 20 kommunane som hadde størst vekst 1
i folketalet i 2003. Prosent   
Dei 20 kommunane som hadde størst reduksjon
i folketalet i 2003. Prosent
1252 Modalen 5,78    2023 Gamvik -5,89
0235 Ullensaker 3,72    1755 Leka -5,36
0941 Bykle 3,18    2028 Båtsfjord -4,74
0831 Fyresdal 2,82    1151 Utsira -4,02
0719 Andebu 2,69    2002 Vardø -4,01
1247 Askøy 2,40    1633 Osen -3,83
1159 Ølen 2,15    1856 Røst -3,74
0111 Hvaler 2,13    1853 Evenes -3,35
1243 Os 1,98    1839 Beiarn -3,11
0238 Nannestad 1,97    2024 Berlevåg -2,93
0612 Hole 1,94    1842 Skjerstad -2,92
1121 Time 1,93    1874 Moskenes -2,88
1432 Førde 1,82    1928 Torsken -2,86
0234 Gjerdrum 1,78    1418 Balestrand -2,86
0935 Iveland 1,77    1524 Norddal -2,84
1939 Storfjord 1,76    1526 Stordal -2,82
0938 Bygland 1,70    1859 Flakstad -2,82
1102 Sandnes 1,68    1849 Hamarøy -2,80
1245 Sund 1,68    2014 Loppa -2,63
0231 Skedsmo 1,68    1818 Herøy -2,51
 
1  I nokre kommunar, særlig dei minste, kan stor vekst kome av at kommunen har asylmottak.

Av alle kommunane hadde Modalen størst auke i folketalet med 5,8 prosent. Modalen er ein liten kommune, så i absolutte tal er dette berre ein auke på 20 personar. Ullensaker hadde den nest største auken i folketalet i 2003 med 3,7 prosent, og held med dette fram utviklinga frå 2002. Av kommunane med størst reduksjon i folketalet finn ein Gamvik på botn med 5,9 prosent, etterfølgd av Leka med 5,4 prosent.

Ein får ikkje alltid eit riktig bilete med å sjå på prosentvise endringar i kommunane, da små endringar i kommunar med lågt folketal kan gi store utslag som ofte er tilfeldige frå eit år til eit anna. Meir interessant er det å leggje merke til at dei fleste av kommunane med auke i folketalet ligg nær eit større bysentrum, medan mange av kommunane der folketalet gjekk ned er utkantkommunar. Befolkningsutviklinga i 2003 syner at sentraliseringa som har funne stad dei siste åra held fram.

Fleire skilde og færre enkjer og enkjemenn

Dei siste åra har det vore ein stabil auke i talet på skilde personar i Noreg, medan det har vore ein svak nedgang i talet på enkjer og enkjemenn . Talet på gifte/registrerte partnarar har også gått ned dei siste åra. Ved årsskiftet hadde 49 prosent av befolkninga aldri vore gift, 37 prosent var gifte eller levde i registert partnarskap, 8 prosent var skilde/separerte eller skilde/separerte partnarar og 6 prosent enkjer/enkemenn/attlevande partnarar. Statistikken er grunna i data frå Det sentrale folkeregister, der den offisielle inndelinga i sivilstand gjeld. Her vert sambuarar ikkje registrerte.

 

Tabeller: