6252_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkemengde/arkiv
6252
4 503 000 busette ved årsskiftet
statistikk
2001-04-19T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkemengde, Befolkning, folketall, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Befolkning1. januar 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

4 503 000 busette ved årsskiftet

Det var busett 4 503 000 personar i Noreg 1. januar 2001. Folketalet auka med 25 000 i 2000, ein auke på 0,6 prosent. Året før steig folketalet med 0,7 prosent.

Til emnesiden

 Folkemengd etter alder 1. januar 2001. Heile landet.

Mest på grunn av eit bortimot halvert innvandringsoverskot frå utlandet frå 1999 til 2000, vart folketilveksten 8 200 personar lågare enn førre året.

Flest 0-5-åringar i Rogaland

I heile landet er 8 prosent av folketalet barn under skolepliktig alder. Flest 0-5-åringar er det i Rogaland, Finnmark og Akershus med respektive 9,2, 8,9 og 8,6 prosent.

Hedmark har høgaste delen av alle fylka i aldersgruppene mellom 50 og 90 år, og lågast blant nokon av dei yngre. Oslo har flest unge vaksne i aldersgruppa 25-34 år, slik ein kunne vente.

Flest eldre 80 år og over er det i Sogn og Fjordane, der 5,3 prosent av folketalet er 80 år og over, deretter følgjer fylka Hedmark (5,2), Oppland (5,1) og Telemark (5,1). Færrast er det i Akershus med 3 prosent. For heile landet sett under eitt er 4,4 prosent av folketalet 80 år og over.

 Folkemengd etter alder. 1. januar 2001. Hedmark og Rogaland.

Flest i aldersgruppa 30-34 år

Dei store fødselskulla frå åra 1966-1970 er personar som no er i aldrane 30-34 år. Dei utgjer den største 5-årige aldersgruppa, og står for 7,8 prosent av heile folketalet. I 1971 utgjorde dei 5,3 prosent av det totale folketalet.

I 1971 utgjorde dei som var under 15 år, heile 33 prosent av folketalet, mot 20 prosent i 2001. Personar i yrkesaktiv alder, 20-66 år, utgjer ein større del av folketalet no (61 prosent), enn for 30 år sidan (57 prosent). Personar over 66 år står for 14 prosent, mot 11 prosent i 1971.

Annankvar 30-årig kvinne er ugift

 Menn og kvinner, ved ulike aldrar, som aldri har vore gifte. 1971 og 2001

Halvparten av alle 30-årige kvinner har aldri vore gifte. I 1971 hadde kvar tiande 30-årige kvinne aldri vore gift. Blant 30-årige menn har så mange som 66 prosent aldri vore gift, og i 1971 var talet berre 20 prosent.

Ved årsskiftet hadde 35 prosent av dei busette ugifte personar 15 år og over aldri vore gifte. 30 år tidlegare, i 1971, var tilsvarande del 27 prosent. Frå 1971 har denne gruppa auka med 468 000 personar til 1 273 000. Denne utviklinga har samanheng med at fleire vel sambuarskap framfor tradisjonelt ekteskap, og at giftermålsalderen stig.

Dei kommunane som har flest 0-5-åringar
i forhold til folketalet. Prosent
Kommune Barn 0-5 år i prosent av folkemengda
1120 Klepp 11,01
1246 Fjell 11,01
2012 Alta 10,84
1127 Randaberg     10,37
1122 Gjesdal 10,28
1432 Førde 10,20
1662 Klæbu 10,19
0618 Hemsedal 10,12
1146 Tysvær 9,93
1256 Meland 9,85
1142 Rennesøy 9,85
0233 Nittedal 9,85
1516 Ulstein 9,84
1026 åseral 9,80
1027 Audnedal 9,80
1119 Hå 9,80
1124 Sola 9,79
1221 Stord 9,72
1102 Sandnes 9,70
1129 Forsand 9,68
Dei kommunane som har flest personar 80 år
og over i forhold til folketalet. Prosent
Kommune Eldre 80 år og over i prosent av folkemengda
1915 Bjarkøy 12,46
1644 Holtålen 9,33
1227 Jondal 9,11
1842 Skjerstad 9,05
1412 Solund 8,96
1524 Norddal 8,96
1917 Ibestad 8,87
1234 Granvin 8,78
1867 Bø 8,52
1613 Snillfjord 8,39
0432 Rendalen 8,36
1633 Osen 8,16
1838 Gildeskål 8,11
1223 Tysnes 8,00
1265 Fedje 7,85
1711 Meråker 7,79
1632 Roan 7,79
1636 Meldal 7,77
1151 Utsira 7,76
1417 Vik 7,71

Tabeller: