6254
/befolkning/statistikker/folkemengde/arkiv
6254
Folketalet auka med 33 000
statistikk
2000-04-11T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkemengde, Befolkning, folketall, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Befolkning1. januar 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Folketalet auka med 33 000

Ved årsskiftet var det 4 478 500 busette her i landet. Folketalet auka med 33 000, eller 0,7 prosent, i 1999. Det er den største veksten i folketalet som er registrert sidan første halvdel av 1950-talet. Det var det store innflyttingsoverskotet frå utlandet på 19 300 som førte til den store folketilveksten.

 Gifte menn og kvinner. 1971-2000

Ved årsskiftet var 38 prosent av dei busette gifte personar, mot 47 prosent 1. januar 1978. På 21 år vart talet på gifte redusert med heile 212 000. I fjor stansa denne utviklinga opp og snudde til ein svak auke. Ugifte (aldri gifte) utgjorde 48 prosent, og dei før gifte (enkjer/enkjemenn, separerte og skilde) 14 prosent. Personar med annan sivilstand - registrerte, separerte, skilde og attlevande partnarar - utgjorde 0,4 promille av folketalet.

Kvar femte person er under 15 år

20 prosent av dei busette her i landet er under 15 år. Rogaland er det fylket som har flest i denne aldersgruppa, nær 23 prosent. Deretter kjem Akershus og Vest-Agder med 22 prosent. Færrast under 15 år, 17 prosent, har Oslo.

Folkemengd etter kjønn, alder og sivilstand, 1. januar 2000

Flest eldre i Hedmark og Oppland

Nærare 14 prosent av folkemengda i landet er i alderen 67 år og over. Flest eldre er det i Hedmark og Oppland med rundt 17 prosent. Deretter kjem Telemark (16 prosent) og Sogn og Fjordane (15 prosent). Det er dei same fylka som har flest i aldersgruppa 80 år og over, men her har Sogn og Fjordane aller flest rekna i prosent.

Færrast i alderen 67 år og over, rundt 11,5 prosent, er det i Akershus, Rogaland og Finnmark.

Dei 20 kommunane som hadde størst
vekst1 i folketalet i 1999. Prosent
Kommune Prosent
0618 Hemsedal 7,0
1145 Bokn 4,4
1151 Utsira 4,1
0238 Nannestad 3,6
1551 Eide 3,3
0441 Os 3,2
0137 Våler 3,2
1142 Rennesøy 3,1
0714 Hof 3,0
0235 Ullensaker 2,8
0125 Eidsberg 2,8
0938 Bygland 2,8
1034 Hægebostad 2,8
1742 Grong 2,7
0935 Iveland 2,6
0227 Fet 2,6
0545 Vang 2,6
1265 Fedje 2,6
1144 Kvitsøy 2,5
1018 Søgne 2,5
1  I nokre kommunar, særleg dei minste, kan stor vekst
skuldast at kommunen har asylmottak.
Dei 20 kommunane som hadde størst
reduksjon i folketalet i 1999. Prosent
Kommune Prosent
2027 Unjárga - Nesseby -5,5
1857 Værøy -4,3
1749 Flatanger -3,7
1835 Træna -3,7
2002 Vardø -3,4
2015 Hasvik -3,0
1412 Solund -2,6
1845 Sørfold -2,6
1917 Ibestad -2,5
1940 Gáivuotna - Kåfjord -2,5
1572 Tustna -2,4
1665 Tydal -2,4
1632 Roan -2,3
1850 Tysfjord -2,3
1854 Ballangen -2,2
1723 Mosvik -2,1
1571 Halsa -2,1
1926 Dyrøy -2,1
1413 Hyllestad -2,0
1724 Verran -2,0
Frigitt 11. april 2000 (C) Statistisk sentralbyrå

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB