53387
/befolkning/statistikker/folkemengde/aar-per-1-januar
53387
Fleire menn enn kvinner for første gong
statistikk
2011-03-11T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkemengde, Befolkning, folketall, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Befolkning1. januar 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire menn enn kvinner for første gong

For første gong er vi fleire menn enn kvinner i Noreg, i alt 1 400 fleire. Kjønnsfordelte folketal finst tilbake til 1769. Flyttingar frå og til utlandet dei siste åra har betydd mest for omskiftet til mannsoverskot, men skiftet er eit resultat av ulike demografiske tilhøve dei siste hundre åra.

Kvinner per 1 000 menn. 1769-2011

Omskiftet frå eit kvinneoverskot på over 36 000 for berre fem år sidan til eit mannsoverskot på 1 400 ved siste årsskiftet, er eit resultat av ulike, samverkande demografiske tilhøve. At det kvart år blir fødd 4-6 prosent fleire gutar enn jenter, bidreg støtt til å redusere eit kvinneoverskot.

Vidare har vi heilt sidan 1997 hatt den spesielle situasjonen at det har døydd fleire kvinner enn menn, noko som heng saman med at det no er fleire kvinner enn menn i aldrane det døyr flest. Dette kjem av dei sterkt fallande fødselstala dei første 15 åra etter 1920, og at desse kvinnene lever om lag 6-7 år lenger enn mennene.

Det klårt viktigaste tilhøvet bak dette omskiftet til mannsoverskot er likevel flyttingane frå og til utlandet, som etter 2005 har bidrege til mannsoverskotet i folkemengda med om lag 20 000.

Kvinneoverskot sidan 1769

Dei eldste folketala fordelte på kjønn er frå folketeljinga i 1769. I historisk perspektiv har kvinneoverskotet i folkemengda variert mykje, mellom vel 1 100 kvinner per 1 000 menn i 1769 og 1 007 i 1960, men kvinnene har alltid vore i fleirtal. Etter midten av 1960-talet steig høvetalet til 1 022 rundt 1990, for så å minka att. Målt i personar var kvinneoverskotet størst i 1910, over 87 000, medan det i 1960 var nede på vel 12 000.

Kvinner/menn i dei tre største gruppene med utanlandsk statsborgarskap. 1. januar 2006 og 1. januar 2011

Utanlandske statsborgarar. Landsgjennomsnitt 7,5 prosent. Kommune. 1. januar 2011. Prosent

Framleis flest polske statsborgarar

Talet på utanlandske statsborgarar i Noreg voks med 35 400 i 2010, til 369 300 1. januar 2011, og utgjorde 7,5 prosent av folkemengda ved årsskiftet. 2008 var det einaste året det var større vekst i talet på utlendingar, med 36 700.

Det var talet på polske statsborgarar som voks mest i 2010, slik som kvart år sidan 2004. Det budde 55 200 polske statsborgarar her i landet ved årsskiftet, eller 8 500 fleire enn eitt år før. Svenske statsborgarar utgjer den nest største gruppa utlendingar, med 39 200 busette. Deretter følgjer tyskarar med 22 400 busette, danskar med 20 900 og litauarar med 16 400 busette.

Den største veksten i talet på utlendingar, etter polakkane, stod dei litauiske og svenske statsborgarane for, med ein vekst i folketalet på respektive 6 000 og 3 400.

Mange polske menn og svenske kvinner

Av dei utanlandske statsborgarane her i landet var over halvparten, vel 53 prosent, menn. I 2006 var tilsvarande prosent 49. Denne endringa har samanheng med dei mange mannlege, polske statsborgarane i alderen 30-39 år som har kome hit til landet for å arbeide. Menn i denne aldersgruppa utgjorde bortimot 25 prosent av alle dei busette polakkane.

Medan polske menn var den største gruppa av mannlege utlendingar, var svenske kvinner den største gruppa blant kvinner. I aldersgruppa 20-29 år var det nokre fleire kvinner enn menn blant svenske statsborgarar, medan menn var i fleirtal blant svenske statsborgarar i alderen 30-66 år.

Sett i høve til folketalet var det flest utanlandske statsborgarar i kommunane Træna, Hemsedal, Oslo og Fjaler, med respektive 15,5, 15,0, 13,5 og 13,5 prosent. Færrast var det i Bindal, Åfjord, Beiarn og Rindal, der dei utgjorde under 1,5 prosent av folketalet.

Det er særleg inn- og utvandringar, men òg overgang til norsk statsborgarskap, som fører til endringar i talet på busette med utanlandsk statsborgarskap.

Folkemengd, etter alder, kjønn og sivilstand. 1. januar 2011

Talet på busette per kvadratkilometer. 1. januar 2011

Bydelar og grunnkrinsar

Folketalet i grunnkrinsane i kommunane og i bydelane i dei fire kommunane som har ei slik inndeling, vert publisert som tabellar i tilknyting til denne publiseringa.

Dei busette på kartet

99,8 prosent av dei busette kan plasserast på kartet. Dette gir høve til å illustrere kor tett folk er busette, ved hjelp av rutenettkart.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB