6232
/befolkning/statistikker/folkemengde/aar-per-1-januar
6232
266 300 med utanlandsk statsborgarskap
statistikk
2008-03-13T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkemengde, Befolkning, folketall, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Befolkning1. januar 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

266 300 med utanlandsk statsborgarskap

Av dei 4 737 200 personane som budde i Noreg ved siste årsskiftet, var 266 300, eller 5,6 prosent, utanlandske statsborgarar. Det totale folketalet auka med 56 000 i fjor, medan talet på utanlandske borgarar auka med 28 000. Det er no fleire polske enn danske statsborgarar busett i landet.

266 300, eller 5,6 prosent av alle busette i Noreg per 1. januar 2008 hadde utanlandsk statsborgarskap. Veksten i talet på utanlandske statsborgarar var på heile 28 000. I 2006 var veksten på 16 000, medan han i åra 2003-2005 varierte mellom 7 000 og 9 000.

Langt dei fleste er europearar

167 400 eller 63 prosent av dei utanlandske statsborgarane har eit europeisk statsborgarskap. 54 800 eller 21 prosent har eit asiatisk statsborgarskap, og 25 400 eller 10 prosent eit afrikansk. 10 800 eller 4 prosent har eit nord- eller mellomamerikansk statsborgarskap, og 5 400 eller 2 prosent eit søramerikansk. 1 300 eller 0,5 prosent har statsborgarskap frå eit av landa i Oseania. Med 25 000 fleire europeiske statsborgarar enn året før stod europearane for mest heile veksten i talet på utanlandske statsborgarskap.

Det er inn- og utvandringar og overgang til norsk statsborgarskap som har mest å seie for talet på busette med utanlandsk statsborgarskap. Overgang til norsk statsborgarskap krev normalt ei viss butid i Noreg. Frå midten av 1980-åra har det vore ei stor overvekt av ikkje-vestlege statsborgarar bland dei som har søkt om og fått innvilga norsk statsborgarskap. Til dømes er nesten alle innvandrarar frå Vietnam norske statsborgarar, medan det berre er eit fåtal av dei som har kome frå Sverige som har skifta statsborgarskap.

Kva einskildland kjem dei frå?

Talet på polske statsborgarar auka mest også i 2007. Det var ved årsskiftet mest dobbelt så mange polske statsborgarar busett som året før, og det er tredje året på rad at talet doblar seg. Det er no 26 800 polske statsborgarar busett her i landet, og dei er den nest største gruppa med utanlandsk statsborgarskap. Det er berre svenskar det er fleire av (29 900), medan den tredje største gruppa er danskar (20 500). Gruppene med størst vekst bortsett frå polakkane (som var 13 200 fleire enn førre året), kom frå Tyskland (3 100 fleire) og Litauen (2 100 fleire). Det var størst nedgang blant dei med irakisk statsborgarskap (1 500 færre enn førre året). Det heng saman med at mange av dei som tidlegare har innvandra frå Irak fekk innvilga norsk statsborgarskap i fjor.

Kor bur dei?

Det var flest utanlandske statsborgarar busett i Oslo og Akershus, der dei stod for 11 og noko under 7 prosent av folketalet, med 62 500 og 34 400 busette. I Rogaland og Buskerud var det òg over 6 prosent utanlandske statsborgarar. Færrast var det i Nord-Trøndelag og Nordland, der dei stod for om lag 3 prosent av folketalet i kvart av fylka. Fylket med størst vekst i talet på utanlandske statsborgarar var Rogaland, der det budde noko over 4 500 fleire 1. januar 2008 enn ved førre årsskiftet - men Oslo følgde rett etter med tett under 4 500 fleire enn året før.

Kor gamle er dei?

Det er store skilnader i alderssamansettinga mellom grupper av utanlandske statsborgarar. Medan 35 prosent med eit afrikansk statsborgarskap er under 20 år, gjeld det berre for 16 prosent av dei frå Sør-Amerika, og 9 prosent av dei frå Nord- eller Mellom-Amerika. Og medan kvar tredje frå Nord- eller Mellom-Amerika er 50 år eller over, gjeld dette berre 3 prosent av dei frå Afrika.

Når det gjeld einskildland, ser ein dei same skilnadene. Over 40 prosent av dei med somalisk eller afghansk statsborgarskap er under 20 år, jamfør mindre enn kvar tiande frå USA og Storbritannia. Og medan meir enn kvar tredje frå USA og Storbritannia er 50 år eller over, gjeld dette mindre enn kvar tiande frå fleire av dei ”største” landa. Av dei med statsborgarskap frå Somalia og Litauen er berre 3 prosent 50 år og eldre. Medan kvar tredje med dansk statsborgarskap er 50 år eller over, gjeld det berre kvar femte svenske.

Tabeller

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB