6266_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkber/aar
6266
4 801 100 personar i Noreg ved årsskiftet
statistikk
2008-12-12T10:00:00.000Z
Befolkning
no
folkber, Berekna folkemengd ved årsskiftet, folketal, innbyggjarar, folketilvekst, befolkningFolketall, Befolkning
false

Berekna folkemengd ved årsskiftet1. januar 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

4 801 100 personar i Noreg ved årsskiftet

Statistisk sentralbyrå har berekna at det vil bu om lag 4 801 100 personar i Noreg ved årsskiftet. Folkeveksten for 2008 blir då på 63 900 personar, noko som er den høgaste veksten som er registrert.

Endelige folketall ble publisert 19. februar 2009. Se nye tall

Fødselsoverskott, nettoinnflytting og folketilvekst. Heile landet. 1951-2008

Opp mot 30 prosent av folkeveksten vil kome på grunn av fødselsoverskott, medan vel 70 prosent kjem frå innflyttingsoverskottet frå utlandet. Til samanlikning utgjorde fødselsoverskottet for to år sidan 42 prosent av folkeveksten, medan innflyttingsoverskottet frå utlandet då utgjorde 58 prosent.

Folkeveksten i dei store byane og sentrale områda held òg fram. Oslo veks med 15 500 personar, noko som er 3 600 fleire enn førre året. Bergen vil vekse med 4 100, noko som er 1 000 fleire enn i 2007. Trondheim veks med 3 200, noko mindre enn i fjor. Drammen og dei fire byane i Østfold (Halden, Sarpsborg, Fredrikstad og Moss) er òg område med stor vekst. Ein kommune som Ullensaker i Akershus er berekna til å få ein vekst på 1 200 personar, noko som er ein auke på heile 4,5 prosent. Nokre andre kommunar, særleg i Akershus og Rogaland, vil òg få stor vekst.

Om berekningane

Berekningane er laga for heile landet, fylka og kommunane. Folketala er berekna ut frå dei folkeregisteropplysningane om fødde, daude, inn- og utflyttingar som var komne inn fram til 1. desember 2008. Folkeveksten for desember i år er sett lik som han var i desember 2007. Dersom mønsteret for flyttingar, fødslar og dødsfall endrar seg mykje i desember i år samanlikna med desember i fjor, vil folketalet endre seg i takt med desse nye meldingane.

For nokre kommunar vil det sjå ut som ei utvikling er broten, men dette har si årsak i berekningsmetoden. Dette vil særleg gjere seg gjeldande for små kommunar, og ein lyt difor særleg for slike kommunar sjå på tala som ei førebels berekning.

Tabeller: