123128_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkber/aar
123128
Lågare folkevekst, men fortsatt høgt nivå
statistikk
2013-12-19T10:00:00.000Z
Befolkning
no
folkber, Berekna folkemengd ved årsskiftet, folketal, innbyggjarar, folketilvekst, befolkningFolketall, Befolkning
true

Berekna folkemengd ved årsskiftet1. januar 2014

Innhald

Publisert:

Statistikken blir frå 2014 publisert saman med Folkemengden.

Lågare folkevekst, men fortsatt høgt nivå

Det vil bu om lag 5 109 000 personar i Noreg 1. januar 2014. Folkeveksten for 2013 blir då på 57 800 personar. Dette er 7 600 lågare enn førre året, og den lågaste folkeveksten sidan 2007.

Berekna folketilvekst og folkemengd. Heile landet og dei ti største kommunane.
2013
Folkemengde 1. januar, endelige tallBeregnet folketilvekstBeregnet folkemengde 31. desemberBeregnet folketilvekst. Prosent
Hele landet5 051 27557 7695 109 0441,1
Fredrikstad76 80777777 5841,0
Bærum116 6771 956118 6331,7
Oslo623 96610 280634 2461,6
Drammen65 47367766 1501,0
Kristiansand84 4761 55586 0311,8
Sandnes70 0461 93971 9852,8
Stavanger129 1911 597130 7881,2
Bergen267 9504 051272 0011,5
Trondheim179 6922 425182 1171,3
Tromsø70 3581 26971 6271,8

Ein folkevekst på 57 800 vil likevel vere om lag dobbelt så høg som han var i åra frå og med 1973 til og med 2003. Frå og med 2005 har folketalet i alt vakse med om lag 500 000 personar.

Nettoinnvandring frå utlandet utgjer høgst del av folkeveksten

68 prosent av folkeveksten i 2013 vil kome på grunn av innflyttingsoverskotet frå utlandet, medan 32 prosent kjem av fødselsoverskotet. Til samanlikning var det på midten av 1990-talet fødselsoverskotet som stod for den største parten av folkeveksten, med 70 prosent.

Totalt vil nettoinnvandringa frå utlandet vere på 40 200. Dette vil vere 7 000 lågare enn i 2012, og om lag 2 600 lågare enn gjennomsnittet for dei sju siste åra, men særs mykje høgare enn for åra fram til og med 2006. I tida fram mot 1970 var det tidvis nettoutvandring frå landet.

Eit fødselsoverskot på 17 600 vil vere 600 lågare enn i 2012, og det er lågare enn i åra sidan 2008, men noko høgare enn dei 20 åra før det. I nokre år på 1980-talet var talet særs lågt, og i 1985 ikkje høgare enn 6 800.

Framleis dei sentrale stroka som veks

Som vanleg held folkeveksten i dei store byane og sentrale områda fram. Om lag 60 prosent av veksten finn stad i Oslo, Akershus, Rogaland og Hordaland. Oppland vil ha ein høgare vekst i folketalet enn i 2012 (450 i staden for 100), medan Rogaland og Sør-Trøndelag vil ha ein vekst som er høvesvis 1 350 og 1 200 lågare enn førre året. Oslo veks med 10 300 personar (400 færre enn i 2012), Stavanger med 1 600 (100 færre enn i 2012), Bergen med 4 050 (100 færre enn førre året) og Trondheim med 2 400 (900 færre enn i fjor).

Om berekninganeÅpne og lesLukk

Berekningane er utførte for heile landet, fylka og kommunane. Folkevekst og folkemengd er berekna ut frå dei folkeregisteropplysningane om fødslar, dødsfall og flyttingar som var komne inn før 1. desember 2013. For desember 2013 er det i kvar einskild kommune rekna med om lag tilsvarande endringar i folkemengda som i desember 2012. Dersom mønsteret for flyttingar, fødslar og dødsfall i desember 2013 skulle vise seg å bli mykje ulikt det i desember året før, vil dei endelege tala for folkemengda 1. januar 2014 (og folkeveksten i 2013) avvike i samsvar med dei nye endringane.

For nokre kommunar vil difor berekna folketal 1. januar 2014 sjå ut som om ei utvikling er broten utan at det er tilfellet. Som regel vil dette gjelde små kommunar. Ein lyt difor, særleg for små kommunar, sjå på berekna tal som førebels informasjon.