203041
203041
Lågaste talet på døde på 37 år
statistikk
2015-02-19T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendringar, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingFødte og døde, Befolkning, Folketall, Flytting, Innvandring og innvandrere, Befolkning
true

Folkemengde og befolkningsendringar4. kvartal 2014

Innhald

Lågaste talet på døde på 37 år

I 2014 vart det fødd 59 100 born i Noreg, noko som var 100 fleire enn førre året. 40 400 personar døydde, 900 færre enn i 2013. Det er det lågaste talet på døde sidan 1977, og då budde det ein million færre her til lands.

Folkemengd og endringane i kvartalet
4. kvartal 2014 4. kvartal 2013 Endringar frå tilsvarande periode året før
Antal
Folketalet ved inngangen av kvartalet 5 156 451 5 096 300 60 151
Fødde 13 358 13 425 -67
Døde 10 521 10 462 59
Fødselsoverskot 2 837 2 963 -126
Innvandring 16 073 17 956 -1 883
Utvandring 9 484 8 334 1 150
Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring 6 589 9 622 -3 033
Folkevekst 9 351 12 756 -3 405
Folketalet ved utgangen av kvartalet 5 165 802 5 109 056 56 746
Figur 1.  Fødselsoverskot, nettoinnflytting og folkevekst. Heile landet
Figur 2. Innvandring, utvandring og nettoinnvandring, etter statsborgarskap. 2014
Figur 3. Nettoinnflytting, innanlandsk og frå utlandet. 2014
Figur 4. Døydde per 1 000
Figur 1.  Fødselsoverskot, nettoinnflytting og folkevekst. Heile landetFigur 2. Innvandring, utvandring og nettoinnvandring, etter statsborgarskap. 2014Figur 3. Nettoinnflytting, innanlandsk og frå utlandet. 2014Figur 4. Døydde per 1 000

I prosent av folketalet var talet på døde i 1977 0,99 prosent, medan det i 2014 var på berre 0,79 prosent. Det prosenttalet er det lågaste som er registrert her til lands så langt attende vi har årlege registreringar, det vil seie heilt sidan 1735. Ei årsak til dette kan vere at det ikkje var mykje utbrot av sesonginfluensa i 2014, som elles ville ha ramma utsette grupper.

Aukande fødselsoverskot

Sett under eitt vart fødselsoverskotet 1 000 høgare i 2014 enn i 2013. Det er høgare enn dei to siste åra, og sidan midten av 1970-talet var det berre i åra 2008-2011 at det var høgare fødselsoverskot. Det var fødselsoverskot i alle fylka, bortsett frå i dei tre fylka Hedmark, Oppland og Telemark. Finnmark hadde så vidt eit fødselsoverskot, det vart fødd 100 fleire enn det døydde. Som dei førre åra er fødselsoverskotet størst i Oslo og Akershus (8 650 samla) samt Rogaland og Hordaland (5 750 samla). I høve til folketalet er det klårt størst fødselsoverskot i Oslo, og deretter i Rogaland.

Samla fertilitetstal for 2014 var 1,76, i 2013 var det 1,78. I 2010 var talet 1,95, men framleis er Noreg eit av landa i Europa med høgast fertilitet. Fertilitetstalet i Noreg varierte frå 1,90 i Rogaland til 1,64 i Hedmark.

Det var som vanleg ein auke i levealderen for menn og kvinner, og etter måten ganske stor frå førre året. Ein gut som vart fødd i 2014 kan rekna med å leve i 80 år, medan ei jente kan venta seg 84,1 år. Dette er ein auke på eit halvt år for jenter frå førre året, og fire månader for gutar.

Lågare innvandring fører til lågare befolkningsvekst

Folketalet i Noreg vaks med 56 750 i fjor, og ved årsskiftet var det registrert 5 165 800 busette her i landet. Dette var 1 000 lågare i vekst enn i 2013 og 4 400 lågare enn gjennomsnittet for åra sidan 2007. Lågare innvandring frå utlandet er hovudårsaka til dette. Befolkningsveksten har vore større i alle åra sidan 2008 enn han var i 2014. Nettoinnvandringa frå utlandet minka med 1 900 frå 2013 til 2014, ned frå 40 100 til 38 200, og har ikkje vore lågare sidan 2006. Nettoinnvandringa er likevel framleis høg, og var til dømes dei siste åtte åra på til saman 336 600, om lag tre gonger så mykje som i dei åtte åra før det igjen. Det vart registrert 70 000 flyttingar til Noreg frå utlandet i 2014, noko som var 5 800 færre enn året før. 31 900 personar flytta frå landet, noko som er 3 800 færre enn førre året.

Minkande nettoinnvandring, men syriske statsborgarar vart ny stor gruppe

Nettoinnvandringa av utalandske statsborgarar har minka frå 48 700 i 2012 gjennom 41 900 i 2013 og til 38 100 i 2014. Av dette var 23 600 nettoinnvandring av europeiske statsborgarar. I 2013 var talet for innvandrarar frå Europa om lag det same. Nettoinnvandringa av ikkje-europeiske statsborgarar gjekk ned, frå 18 000 i 2013 til 14 500 i 2014. Desse utgjer 38 prosent av nettoinnvandringa i 2014. Europeiske statsborgarar stod difor for ein høgare del av den totale nettoinnvandringa i 2014 enn året før, opp frå 57 til 62 prosent.

Statsborgarar frå ni land hadde ei nettoinnvandring på meir enn 1 000, og fem av desse landa er europeiske. Polske og litauiske statsborgarar var framleis dei største gruppene, og utgjorde i alt 42 prosent av dei europeiske statsborgarane. Arbeid og familie er hovudårsaker til innvandringa for desse gruppene. Nettoinnvandringa av spanske statsborgarar ligg på om lag same nivå som dei siste åra, og med ei nettoinnvandring på 1 000 var dei niande største gruppa.

Personar med flyktningbakgrunn frå Eritrea og Somalia utgjorde høvesvis den tredje og sjette største gruppa. Inn som ei ny og stor gruppe kom syriske statsborgarar, som med si nettoinnvandring på 2 100 var den fjerde største gruppa. Nettoinnvandringa frå Somalia og Eritrea minka frå 2013 til 2014, frå 5 200 til 4 200.

Blant dei europeiske landa som hadde størst innvandring var det store skilnader når det gjeld forholdet mellom talet på inn- og utvandringar. Medan 4 600 svenske statsborgarar innvandra – den nest største gruppa – var det 3 800 som utvandra slik at nettoinnvandringa vart liten, berre 800. Det same gjeld tyske statsborgarar, der 1 500 innvandra, men så mange som 1 200 utvandra, slik at nettoinnvandringa berre vart 300. På den andre sida innvandra det 2 100 rumenske statsborgarar, medan berre 200 utvandra, slik at nettoinnvandringa her vart stor, 1 900.

Nær 40 prosent av folkeveksten i Oslo og Akershus

Folketalet voks i alle fylka i 2014, men i 12 av fylka var veksten lågare enn i 2013. Oslo hadde størst folkevekst med 13 200 tilkomne i 2014, noko som utgjer 2 700 fleire tilkomne enn i 2013. I alle åra sidan 2006 har folketalet i Oslo vakse med meir enn 10 000. Medan veksten i Rogaland og Hordaland samla i 2013 var 4 100 høgare enn i Oslo, var den samla veksten i dei to fylka 400 lågare enn i Oslo i 2014. Veksten i Akershus var på 9 100, og samla stod Oslo og Akershus for 39 prosent av folkeveksten i landet. Lågast vekst i 2014, som i året før, såg ein i Sogn og Fjordane, med berre 200 personar. I nokre fylke, som Oslo og Rogaland, var folkeveksten om lag likt fordelt mellom fødselsoverskot og nettoinnflytting. Til samanlikning stod nettoinnflyttinga for heile 90 prosent av veksten i Østfold og Vestfold. I Hedmark, Oppland og Telemark døydde fleire enn det vart fødd. I desse fylka vog nettoinnflyttinga opp for dette slik at dei likevel hadde ein folkevekst.

Akershus og Østfold i særstilling med innalandsk nettoinnflytting

Alle fylka hadde netto total innflytting. I absolutte tal og prosentvis var den samla nettoinnflyttinga størst i Akershus og i Oslo.

Ein kan dele flyttinga inn i to undergrupper: Flytting frå og til utlandet og innalandsk flytting. Slik kan ein sjå på skilnader mellom fylka for desse to undergruppene.

Ni av fylka hadde overskot av innalandsk flytting, der det flytta fleire inn frå resten av landet enn det flytta folk ut til dei andre delane av landet. Akershus og Østfold skiljar seg ut med eit samla innalandsk flytteoverskot på 4 100, noko som var 70 prosent av det samla overskotet for dei fylka som hadde det. Dette er fylke der ein i tillegg til eigne arbeidsplassar har kort pendlaravstand til Oslo. Sør-Trøndelag var det einaste andre fylke som hadde eit innalandsk flytteoverskot av noko størrelse. 10 fylke hadde innalandsk nettoutflytting, der det flytta fleire ut til dei andre delane av landet enn det flytta folk inn frå resten av landet. Flyttetapet er særleg stort frå Sogn og Fjordane og nordover, med unntak av Sør-Trøndelag. I prosent var flyttetapet størst i Finnmark med 0,85 prosent, medan ein såg største relative flyttevinsten i Akershus med 0,52 prosent.

Nettoinnvandringa –frå utlandet var i 2014 størst i Oslo med 7 100. Dei tre fylka Akershus, Rogaland og Hordaland var om lag like i tal, med frå 3 500 til 3 700 kvar seg. I prosent av folketalet var ho derimot størst i to av dei nordlegaste fylka, Finnmark og Troms, saman med Oslo. Nettoinnvandringa frå utlandet vog opp for innalandsk flyttetap og fødselsunderskot. Folketalet voks i alle fylka i landet, men utan innvandringsoverskotet ville folketalet ha gått attende i 9 av dei 19 fylka.

Opprydding i folkeregisteretÅpne og lesLukk

Personar som er i landet kortare enn seks månader vert ikkje registrerte og er difor ikkje medrekna i desse tala. Ein tredel av utvandringane siste året gjeld personar som har flytta frå landet for lengre tid sida utan å melde frå til folkeregisteret. Skattedirektoratet har ein pågåande opprydding i Det sentrale folkeregisteret som utregistrerar desse personane.

Ny tabell: Historien om befolkningen i NorgeÅpne og lesLukk

Lurer du på hvor mange barn som ble født utenfor ekteskap i din bygd i forrige århundre? Eller om det var flere enn dine oldeforeldre som giftet seg borgerlig i 1919? En ny detaljert og søkbar tabell gir utvidet kunnskap om befolkningen i norske herreder og byer fra 1906 til 1968.