Innhald
Om statistikken
Omgrep
-
Namn og emne
-
Namn: Ekteskap og skilsmisser
Emne: Befolkning
-
Ansvarleg seksjon
-
Seksjon for befolkningsstatistikk
-
Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane
-
Rate: Hendingar i ein periode dividert med relevant middelfolkemengd. Perioden er oftast eitt år. Ved periodar på fem år blir årleg gjennomsnitt for femårsperioden publisert. Døme: Giftermålsrate (-hyppighet) for førstegongsgifte kvinner er talet på førstegongsgifte kvinner per 1 000 av middelfolkemengd av ikkje tidlegare gifte kvinner i ei aldersgruppe.
Middelfolkemengd: Gjennomsnitt av folkemengd ved byrjinga og slutten av året.
Kohort: Ei gruppe personar (eit kull) som har opplevd same (demografiske) hending i same kalenderår (eller periode), til dømes fødsel eller vigsel: Fødselskohorten (fødselskullet) 1970 er dei personane som blei fødd i 1970. Ekteskapskohorten (ekteskapskullet) 1985 er dei ekteskapa som blei inngått i 1985/dei personane som blei vigd i 1985.
Busett: Kven som skal reknast som busett i Noreg og kvar i Noreg ein person skal reknast som busett, er fastlagt i lov om folkeregistrering av 16. januar 1970. Forskriftene til loven blei sist endra med verknad frå 1. oktober 1998.
Definisjon av dei viktigaste kjennemerka Barn: Opplysningar om talet på involverte barn er til og med publiseringa av tal for 2005 henta frå melding om skilsmisse/separasjon. Frå 2006 slutta DSF å overføre talet på barn frå desse meldingane. I statistikken som er publisert frå og med 2006 har vi derfor rekna ut talet på barn ved å nytte opplysningar om foreldre/barn - relasjonar frå DSF. Samstundes rekna vi ut nye tal basert på foreldre/barnrelasjonane attende til 2001. Ein samanlikning av dei to tidsseriane tyder på at talet på barn har vore noko underrapportert i meldingane om skilsmisse/separasjon..
Sivilstand: Med bakgrunn i lov om registrert partnarskap som gjeld frå 1. august 1993 blei omgrepet ekteskapelig status erstatta med sivilstand som i tillegg omfattar fire nye verdiar. Fylgjande verdiar for sivilstand er tatt i bruk frå og med 1. januar 1994: ugift (ikkje tidlegare gift), gift, enkje/enkjemann, skilt, separert, registrert partnar, separert partner, skilt partnar og attlevande partnar.
Alder er som regel (frå og med 1961) oppgitt som alder ved hendinga. I nokre høve (t.d til kohortberekningar), er det brukt alder ved utgangen av året. Før 1961 er alder gitt som alder ved utgangen av året.
Bustad er bustadsfylke eller -kommune då vigselen/partnarskapet/separasjonen/skilsmissa fann stad.
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Ekteskap og skilsmisser, Årleg.