121953_not-searchable
/befolkning/statistikker/ekteskap/aar
121953
Igjen fleire som gifta seg
statistikk
2013-08-21T10:00:00.000Z
Befolkning
no
ekteskap, Ekteskap og skilsmisser, vigslar, giftarmål, vigselstypar (for eksempel borgarleg, statskyrkjeleg, i utlandet), ekteskapslengd, separasjonar, partnarskapBarn, familier og husholdninger, Befolkning
false

Ekteskap og skilsmisser2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Igjen fleire som gifta seg

Etter tre år med nedgang auka talet på inngåtte ekteskap til 24 300 i 2012. Dette er 1 200 fleire enn i 2011. I alt 9 900 par blei skilde og 11 100 separerte i 2012, i begge tilfelle litt færre enn dei siste åra.

Inngåtte ekteskap, skilsmisser og separasjonar
2012Endringer i prosent
2011 - 20122008 - 20122003 - 2012
Inngåtte ekteskap24 3465,25,28,9
Skilsmisser9 929-2,7-2,3-7,7
Separasjonar11 094-1,3-5,5-13,1

Auken i talet på inngåtte ekteskap frå 2011 til 2012 ser ikkje ut til å gjelde ei særskild aldersgruppe. Den aldersavhengige giftarmålsraten, førstegongsvigde per 1 000 ikkje tidlegare gifte, auka i alle aldersgrupper over 25 år, både for menn og kvinner. Giftarmålsraten i 2012 var, slik som dei siste åra, høgast i aldersgruppa 30-34 år, både for kvinner og menn. Sett i høve til 2011 auka giftarmålsraten for menn mest for dei 30-34 år og 50-54 år, medan raten for kvinner auka mest i aldersgruppene 30-34 år og 40-44 år.

Gjennomsnittsalderen til dei førstegongsvigde i 2012 var 34,1 år for menn og 31,3 år for kvinner. Dette er ein auke frå 2011 på høvesvis 0,1 og 0,2 år.

Flest gifta seg sankthansaftan

46 prosent av dei som gifta seg i 2012, valde å gjere det i sommarmånadene juni, juli eller august. Den mest populære dagen var sankthansaftan, laurdag 23. juni, med 829 vigslar. Onsdag 12.12.2012 var den fjerde mest populære dagen å gifte seg dette året, med 633 vigslar.

Datoar med flest vigslar sidan år 2000:

  • 7. juli 2007 (1418 vigslar)
  • 8. august 2008 (1051 vigslar)
  • 24. juni 2000 (995 vigslar)
  • 23. juni 2001 (994 vigslar)
  • 22. juni 2002 (856 vigslar)
  • 8. august 2009 (847 vigslar)
  • 23. juni 2012 (829 vigslar)
  • 1. juli 2000 (828 vigslar)
  • 5. august 2000 (828 vigslar)
  • 23. juni 2007 (807 vigslar)

I 2012 var det 269 par av same kjønn som gifta seg, 102 mannlege par og 167 kvinnelege. Det årlege talet på inngåtte ekteskap mellom personar av same kjønn har lege på det same nivået sidan den nye ekteskapslova kom i 2009.

Skilsmisser vanlegast i aldersgruppa 40-44 år

Den aldersavhengige skilsmisseraten, det vil seie nyskilde per 1 000 gifte og separerte, var i 2012 høgast i aldersgruppa 40-44 år, blant både menn og kvinner. Frå 2011 til 2012 fall raten for menn i alle femårige aldersgruppene frå 25 til 59 år. Skilsmisseraten for kvinner minka i alle aldersgruppene over 25 år, med unntak av kvinnene mellom 30 og 34 år.

Ser ein på fylkesvise skilmisseratar for menn, var det relativt flest som skilde seg i Finnmark, med 14,6 nyskilde menn per 1 000 gifte og separerte menn. Nest flest var det i Oslo, med 13,3. Klart færrast var det i Sogn og Fjordane, med 7,3.

Dei fleste ekteskapa som enda i skilsmisse i 2012, hadde vart 10-14 år, med 12,9 år som gjennomsnitt.

Ut frå skilsmissemønsteret i 2012 er det rekna ut at 40,9 prosent av alle inngåtte ekteskap vil ende i skilsmisse, dersom mønsteret held seg. For 2004 var den tilsvarande prosenten 50,4, som er den høgaste nokonsinne. Frå 1960 og fram til 1994 steig denne prosenten frå 9,5 til 47,4. Dei neste åra minka han noko til 1998, for deretter å stige fram til toppen i 2004. Sidan har prosenten igjen falle.

I 2012 opplevde 9 600 barn under 18 år at foreldra blei skilde og 11 900 barn at foreldra blei separerte. Det er høvesvis 70 og 520 færre enn i 2011. I 4 400 av ekteskapa som blei oppløyste ved skilsmisse i 2012, var det ikkje felles barn. Likeins var det 4 500 separasjonar utan felles barn i ekteskapet.

Av dei barna som opplevde at foreldra blei skilde, var 19 prosent i aldersgruppa 0-5 år, 48 prosent 6-12 år og 33 prosent 13-17 år.

57 par av same kjønn blei separerte i 2012, 18 mannlege par og 39 kvinnelege. Av dei 23 para av same kjønn som skilde seg, var det 6 mannlege og 17 kvinnelege.