221303
/arbeid-og-lonn/statistikker/ledstill/kvartal
221303
Liten nedgang i talet på ledige stillingar
statistikk
2016-05-19T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
ledstill, Ledige stillingar, jobbtilbod, næringsinndeling (for eksempel industri, undervisning, helsetenester …).Sysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Statistikken viser utviklingen i antallet og andelen ledige stillinger, fordelt etter næring. I 1. kvartal 2016 var det 57 500 ledige stillinger i Norge.

Ledige stillingar1. kvartal 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten nedgang i talet på ledige stillingar

Talet på ledige stillingar i 1. kvartal 2016 gjekk noko ned samanlikna med det same kvartalet året før. Nedgangen i talet på ledige stillingar i olje- og gassnæringa samt industrien heldt fram, men i mindre grad enn tidligare. Ein del tenesteytande næringar hadde derimot oppgang.

Ledige stillingar
1. kvartal 2016Endring frå året før
Ledige stillingar57 500-1 100
Prosent ledige stillingar2,0-0,2

1. kvartal 2016 var det 57 500 ledige stillingar. Det er 1 100 færre enn i det same kvartalet året før. I tråd med nedgangen i talet på ledige stillingar gjekk prosentdelen ledige stillingar ned frå 2,2 prosent i 1. kvartal 2015 til 2,0 i same kvartal 2016.

I næringa industri gjekk talet på ledige stillingar ned med 500 frå 1. kvartal 2015 til 1. kvartal i år, dette svarer til ein nedgang på 18 prosent. I bergsverksdrift og utvinning, som er dominert av olje- og gassverksemd, blei talet på ledige stillingar halvert samanlikna med same kvartal året før. Denne næringa har hatt nedgang dei siste tre åra, frå 1 900 ledige stillingar i 1. kvartal 2013 til 300 i same kvartal 2016.

Talet på ledige stillingar i næringa forretningsmessig tenesteyting gjekk ned med 2 000 frå 1. kvartal 2015 til 1. kvartal 2016. Dette svarer til ein nedgang på 24 prosent. Vidare blei det 900 færre ledige stillingar i pleie- og omsorgstenester i institusjon og 700 færre i sosiale omsorgstenester utan botilbod, noko som svarar til ein nedgang på høvesvis 11 og 13 prosent.

Oppgang i nokre tenesteytande næringar

I næringa fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting var det 5 200 ledige stillingar i 1. kvartal 2016. Dette var ein oppgang på 1 800, eller 53 prosent, frå same kvartal året før. Nokre tenesteytande næringar dominert av offentlig sektor hadde ein moderat auke i talet på ledige stillingar.

Liten auke i talet på ledige stillingar i EU

EU hadde 1,7 prosent ledige stillingar i 4. kvartal 2015, opp 0,1 prosentpoeng frå same kvartalet året før. I denne internasjonale gjennomgangen har vi nytta tal frå 4. kvartal 2015 sidan tal for 1. kvartal 2016 førebels ikkje er gjort offentlege for alle landa. Vidare er primærnæringane haldne utanfor.

Det er store skilnader i nivået på prosentdelen ledige stillingar mellom landa i EØS-området. I 4. kvartal 2015 var til dømes prosentdelen ledige stillingar 0,5 i Polen og 0,6 i Portugal. På det same tidspunktet var prosentdelen 1,8 i Sverige og 2,6 i både Storbritannia og Tyskland. Noreg hadde til samanlikning ein prosentdel ledige stillingar på 1,7 i 4. kvartal 2015, når primærnæringane blir haldt utanfor.

 

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB