166639_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/ledstill/kvartal
166639
Moderat auke i talet på ledige stillingar
statistikk
2015-02-18T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
ledstill, Ledige stillingar, jobbtilbod, næringsinndeling (for eksempel industri, undervisning, helsetenester …).Sysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Statistikken viser utviklingen i antallet og andelen ledige stillinger, fordelt etter næring. I 4. kvartal 2014 var det 52 700 ledige stillinger i Norge.

Ledige stillingar4. kvartal 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Moderat auke i talet på ledige stillingar

I 4. kvartal 2014 var det 52 700 ledige stillingar, 1 800 fleire enn i same kvartal året før. Auken kom i tenesteytande næringar. I olje- og gassverksemd og industri var det tvert om ein nedgang.

Ledige stillingar
4. kvartal 2014Endring frå året før
Ledige stillingar52 7001 800
Prosent ledige stillingar2,00,0

Sjølv om det var ein moderat auke i talet på ledige stillingar frå 4. kvartal 2013 til same kvartal 2014, var prosentdelen ledige stillingar uendra på 2,0 prosent. Dette heng saman med et det også var ein auke i talet på arbeidstakarforhold i same periode. Prosentdelen ledige stillingar er talet på ledige stillingar i prosent av talet på stillingar i alt, det vil seie summen av arbeidstakarforhold og ledige stillingar.

Auke i helse og omsorg

Auken i talet på ledige stillingar kom i ein del tenesteytande næringar. Sterkast auke var det i næringa pleie- og omsorgstenester i institusjon, med 2 000 fleire ledige stillingar i 4. kvartal 2014 enn i same kvartal året før. I helsetenester var auken på 1 900 ledige stillingar i den same perioden. Ser vi på prosentdelen ledige stillingar, var auken i desse to næringane på høvesvis 1,0 og 0,9 prosentpoeng. I næringa forretningsmessig tenesteyting auka talet på ledige stillingar med 1 400 frå 4. kvartal 2013 til 4. kvartal 2014, noko som svarte til ein auke i prosentdelen ledige stillingar på 0,7 prosentpoeng.

Nokre tenesteytande næringar hadde nedgang i talet på ledige stillingar frå 4. kvartal 2013 til 4. kvartal 2014. I næringa fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting gjekk talet på ledige stillingar ned med 800 og prosentdelen ned med 0,6 prosentpoeng i løpet av denne perioden. Varehandel hadde også ein nedgang, der med 700 og 0,2 prosentpoeng.

Nedgang i olje og gass

I næringa bergsverksdrift og utvinning, som er dominert av olje- og gassverksemd, gjekk talet på ledige stillingar ned med 500 frå 4. kvartal 2013 til same kvartal i 2014. Ser vi på prosentdelen ledige stillingar, var nedgangen på 0,8 prosentpoeng. Også i industrien var det ein nedgang i løpet av denne perioden, ned 600 og 0,3 prosentpoeng.

Fleire ledige stillingar i EU

EU hadde 1,6 prosent ledige stillingar i 3. kvartal 2014, opp 0,2 prosentpoeng frå same kvartal året før. I denne internasjonale gjennomgangen har vi nytta tal frå 3. kvartal sidan tal for 4. kvartal 2014 førebels ikkje er gjort offentlege for alle landa. Vidare er primærnæringane haldne utanfor.

Det er store skilnader i nivået på prosentdelen ledige stillingar mellom landa i EØS-området. I 3. kvartal 2014 var til dømes prosentdelen ledige stillingar 0,4 i Kypros og 0,6 i Spania. På same tidspunkt var prosentdelen 2,7 i Tyskland og 2,4 i både Belgia og Storbritannia. Noreg hadde til samanlikning ein prosentdel ledige stillingar på 2,1 i 3. kvartal 2014.