166629
/arbeid-og-lonn/statistikker/ledstill/kvartal
166629
Framleis nedgang i talet på ledige stillingar
statistikk
2014-09-08T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
ledstill, Ledige stillingar, jobbtilbod, næringsinndeling (for eksempel industri, undervisning, helsetenester …).Sysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Statistikken viser utviklingen i antallet og andelen ledige stillinger, fordelt etter næring. I 2. kvartal 2014 var det 66 000 ledige stillinger i Norge.

Ledige stillingar2. kvartal 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis nedgang i talet på ledige stillingar

I 2. kvartal 2014 var det 66 000 ledige stillingar. Det er 8 300 færre enn i 2. kvartal 2013. I 1. kvartal 2014 var nedgangen 6 500. Det meste av nedgangen kom i privat sektor.

Ledige stillingar
2. kvartal 2014Endring frå året før
Ledige stillingar66 000-8 300
Prosent ledige stillingar2,5-0,4

I tråd med nedgangen i talet på ledige stillingar gjekk prosentdelen ledige stillingar ned frå 2,9 i 2. kvartal 2013 til 2,5 i det same kvartalet i 2014. Prosentdelen er talet på ledige stillingar i prosent av talet på stillingar i alt. Med stillingar i alt meiner vi her summen av arbeidstakarforhold og ledige stillingar.

Nedgang i varehandel og byggje- og anleggsverksemd

Mesteparten av nedgangen i ledige stillingar kom i privat sektor. I varehandel gjekk talet på ledige stillingar ned med 3 600 frå 2. kvartal 2013 til same kvartalet i 2014. Dette utgjer ein reduksjon på 1,0 prosentpoeng. Forretningsmessig tenesteyting hadde derimot ein auke på 0,2 prosentpoeng. Denne næringa hadde den største prosentdelen ledige stillingar av alle næringane, 6,2 prosent i 2. kvartal 2014. Det var samstundes næringa med flest ledige stillingar: 9 600. Byggje- og anleggsverksemd hadde stor nedgang i talet på ledige stillingar, ned 1 100 i løpet av perioden.

Men det var også nedgang i delar av offentleg sektor, til dømes hadde helsetenester og offentleg administrasjon ein nedgang på høvesvis 1 000 og 300 frå 2. kvartal 2013 til det same kvartalet i 2014. Det var 6 100 ledige stillingar i undervisning i 2. kvartal 2014, omtrent uendra frå same kvartal året før.

Næringa omsetning og drift av fast eigedom hadde ein nedgang i prosentdelen ledige stillingar, frå 2,3 i 2. kvartal 2013 til 1,3 eitt år seinare. Både næringa pleie- og omsorgstenester i institusjon og næringa sosiale omsorgstenester utan butilbod hadde mange ledige stillingar i 2. kvartal 2014, høvesvis 7 400 og 5 800.

Fleire ledige stillingar i EU

EU hadde 1,6 prosent ledige stillingar i 1. kvartal 2014, opp 0,1 prosentpoeng frå tilsvarande kvartal året før. I denne internasjonale gjennomgangen har vi nytta tal frå 1. kvartal sidan tal for 2. kvartal 2014 førebels ikkje er gjort offentlege for alle landa. Vidare er primærnæringane haldne utanfor.

Tyskland hadde den største delen ledige stillingar med 2,9 prosent, opp frå 2,6 prosent i 1. kvartal 2013. Storbritannia hadde 2,1 prosent ledige stillingar, 0,4 prosentpoeng fleire enn i same kvartalet 2013. I Sverige gjekk prosentdelen ledige stillingar opp med 0,2 prosentpoeng i den same perioden, til 1,9 prosent i 1. kvartal 2014. Det er store skilnader i nivået på prosentdelen ledige stillingar mellom landa i EØS-området. I 1. kvartal 2014 var til dømes prosentdelen ledige stillingar 0,5 i Polen og 2,2 i Belgia. Noreg hadde til samanlikning ein prosentdel på 2,4 i dette kvartalet.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB