159789
/arbeid-og-lonn/statistikker/ledstill/kvartal
159789
Nedgang i talet på ledige stillingar
statistikk
2014-05-21T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
ledstill, Ledige stillingar, jobbtilbod, næringsinndeling (for eksempel industri, undervisning, helsetenester …).Sysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Statistikken viser utviklingen i antallet og andelen ledige stillinger, fordelt etter næring. I 1. kvartal 2014 var det 61 000 ledige stillinger i Norge.

Ledige stillingar1. kvartal 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i talet på ledige stillingar

I 1. kvartal 2014 var det 61 000 ledige stillingar, ned 6 500 frå 1. kvartal 2013. Mykje av nedgangen kom i privat sektor.

Ledige stillingar
1. kvartal 2014Endring frå året før
Ledige stillingar61 000-6 500
Prosent ledige stillingar2,3-0,3

Prosentdelen av ledige stillingar gjekk ned frå 2,7 i 1. kvartal 2013 til 2,3 i 1. kvartal 2014. Prosentdelen er talet på ledige stillingar sett i forhold til talet på stillingar i alt, det vil seie summen av arbeidstakarforhold og ledige stillingar.

Nedgang i forretningsmessig tenesteyting og varehandel

Mesteparten av nedgangen i ledige stillingar kom i privat sektor. I 'forretningsmessig tenesteyting' gjekk talet på ledige stillingar ned med 2 000 frå 1. kvartal 2013 til same kvartal i 2014. Denne næringa har likevel framleis ein høg prosentdel ledige stillingar, 5,3 prosent i 1. kvartal 2014. Dette er den høgaste prosentdelen av alle næringane. Varehandel hadde også stor nedgang i talet på ledige stillingar, ned 1 700 i perioden. Det var også nedgang i offentleg sektor, til dømes gjekk talet på ledige stillingar i undervisning ned 1 100 frå 1. kvartal 2013 til same kvartal i 2014.

Næringa 'omsetning og drift av fast eigedom' hadde ein sterk nedgang i prosentdelen ledige stillingar, frå 2,1 i 1. kvartal 2013 til 1,3 i same kvartal 2014. Næringa 'overnattings- og serveringsverksemd' hadde ein nedgang på 0,6 prosentpoeng i den same perioden, til 2,3 prosent i 1. kvartal 2014.

Både 'helsetenester' og 'pleie- og omsorgstenester i institusjon' hadde mange ledige stillingar i 1. kvartal 2014, høvesvis 5 500 og 7 600.

Fleire ledige stillingar i EU

EU hadde 1,5 prosent ledige stillingar i 4. kvartal 2013, opp 0,1 prosentpoeng frå tilsvarande kvartal året før. I denne internasjonale gjennomgangen har vi nytta tal frå 4. kvartal, sidan tal for 1. kvartal 2014 førebels ikkje er gjort offentlege for alle landa. Vidare er primærnæringane haldne utanfor.

Storbritannia hadde 2,0 prosent ledige stillingar i 4. kvartal 2013, 0,2 prosentpoeng meir enn i same kvartal 2013. I Sverige gjekk prosentdelen ledige stillingar opp med 0,1 prosentpoeng i same perioden, til 1,3 prosent i 4. kvartal 2013. Det er store skilnader i nivået på prosentdelen ledige stillingar mellom landa i EØS-området. I 4. kvartal 2013 var prosentdelen ledige stillingar 0,7 i Finland og 2,4 i Belgia. Noreg hadde til samanlikning ein prosentdel ledige stillingar på 2,0 i dette kvartalet.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB