113080_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/ledstill/kvartal
113080
Fleire ledige stillingar
statistikk
2013-09-09T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
ledstill, Ledige stillingar, jobbtilbod, næringsinndeling (for eksempel industri, undervisning, helsetenester …).Sysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Ledige stillingar2. kvartal 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire ledige stillingar

I 2. kvartal var det 74 300 ledige stillingar, ein auke på 2 400 frå same kvartal året før. Auken kom i hovudsak innanfor varehandel og byggje- og anleggsverksemd.

Ledige stillingar
2. kvartal 2013Endring frå året før
Ledige stillingar74 3002 400
Prosent ledige stillingar2,90,0

Sjølv om talet på ledige stillingar auka med 2 400 frå 2. kvartal 2012 til same kvartal i 2013 var delen ledige stillingar i prosent av talet på stillingar i alt 2,9 prosent i begge kvartala. I løpet av det siste året har altså auken i talet på ledige stillingar vore på omtrent same nivå som auken i summen av arbeidstakarforhold og ledige stillingar.

Varehandel og byggje- og anleggsverksemd framleis under gjennomsnittet

I varehandelen var det ein auke på 2 100 ledige stillingar jamført med året før, medan det i byggje- og anleggsverksemd var ein auke på 1 500 ledige stillingar. Begge næringane har likevel framleis ein prosentdel ledige stillingar som er under gjennomsnittet for alle næringane.

Låg prosentdel i industrien

Både industri og næringen bergverksdrift, olje- og gassutvinning hadde ein nedgang i talet på ledige stillingar siste år. Industrien er nå blant dei næringane med lågast prosentdel ledige stillingar, med 1,7 prosent. Bergverksdrift, olje- og gassutvinning har en prosentdel på 3,2, framleis noko høgare enn gjennomsnittet.

Forretningsmessig tenesteyting, som har den høgaste prosentdelen ledige stillingar med 6,0 prosent, hadde ein nedgang på 800 ledige stillingar siste år.

Auke i omsorgstenester

Det var 12 600 ledige stillingar innanfor omsorgstenester med og utan butilbod, 600 fleire enn året før. Dette er næringar der prosentdelen ledige stillingar ligg over gjennomsnittet for alle næringar. I næringa undervisning er det vanleg at talet på ledige stillingar i 2. kvartal ligg om lag dobbelt så høgt som i dei andre kvartala. Grunnen er at mange ledige stillingar blir lyst ut i dette kvartalet for å førebu skolestarten til hausten. Prosentdelen ledige stillingar i 2. kvartal 2013 er likevel ikkje høgare enn det som er gjennomsnittet for andre næringar.

Færre ledige stillingar i EU

EU hadde 1,4 prosent ledige stillingar i 1. kvartal 2013, ned 0,1 prosentpoeng frå same kvartal året før. I denne internasjonale samanlikninga nyttar vi tal frå 1. kvartal sidan tal for 2. kvartal 2013 førebels ikkje er gjort offentlege for alle landa. Det er store skilnader i nivået på prosentdelen ledige stillingar mellom landa i EØS-området. I 1. kvartal 2013 var prosentdelen ledige stillingar 0,4 prosent i Polen, 1,7 prosent i Sverige og 2,6 prosent i Tyskland. Noreg hadde til samanlikning ein prosentdel ledige stillingar på 2,7 prosent i dette kvartalet.