92581_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/ledstill/kvartal
92581
Moderat nedgang i ledige stillingar
statistikk
2013-05-15T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
ledstill, Ledige stillingar, jobbtilbod, næringsinndeling (for eksempel industri, undervisning, helsetenester …).Sysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Ledige stillingar1. kvartal 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Moderat nedgang i ledige stillingar

Det var 67 600 ledige stillingar i 1. kvartal 2013. Det er ein reduksjon på 1 600 frå 1. kvartal 2012. I 4. kvartal var nedgangen frå same kvartalet året før 4 400. Tempoet i nedgangen som har funne stad dei siste 3 kvartala av 2012, er dermed blitt lågare.

Ledige stillingar
1. kvartal 2013Endring frå året før
Ledige stillingar67 600-1 600
Prosent ledige stillingar2,7-0,1

Sjølv om det samla talet på ledige stillingar hadde ein nedgang jamført med same kvartalet året før, var det til dels store skilnader mellom ulike næringar. Nokre næringar hadde også ein auke. Nedgangen i talet på ledige stillingar var størst innanfor industri og offentleg administrasjon, med ein nedgang på høvesvis 1 300 og 1 200. Forretningsmessig tenestyting hadde ein nedgang på 500 ledige stillingar frå 1. kvartal 2012 til 1. kvartal 2013. I den same perioden vart det 400 fleire ledige stillingar i varehandel. Denne næringa hadde ein nedgang i dei tre siste kvartala av 2012 samanlikna med dei tilsvarande kvartala i 2011.

Auke i sosiale omsorgstenester og i pleie og omsorg

Det var ein auke på 1 300 ledige stillingar i sosiale omsorgstenester utan bustadtilbod frå 1. kvartal 2012 til 1. kvartal 2013. Talet på ledige stillingar har her variert ein god del gjennom heile 2012. Det var også ein auke i pleie- og omsorgstenester på 500. Helsetenester hadde ein auke på 700.

Flest ledige stillingar i forretningsmessig tenesteyting

Trass i nedgangen var det framleis flest ledige stillingar i forretningsmessig tenesteyting, som hadde 10 200 ledige stillingar i 1. kvartal 2013. Deretter følgde varehandel med 7 500 ledige stillingar, mens pleie- og omsorgstenester hadde 7 200. Dei næringane som har mange sysselsette, har som oftast også mange ledige stillingar sidan mange då skal erstattast ved naturleg avgang og skifte av jobb. Talet på ledige stillingar blir sjølvsagt også påverka av om næringa er inne i ei nedgangs- eller oppgangstid.

2,7 prosent ledige stillingar

Samla var prosentdelen ledige stillingar 2,7 i 1. kvartal 2013. Dette er ein liten nedgang frå same kvartalet året før. I forretningsmessig tenesteyting var det 6,7 prosent ledige stillingar, noko som er ein nedgang på 0,7 prosentpoeng frå i fjor. I sosiale omsorgstenester utan bustadtilbod var det 2,5 prosent ledige stillingar, som utgjer ein oppgang på 0,7 prosentpoeng. Prosentdelen ledige stillingar innanfor informasjon og kommunikasjon var på 3,7 , ned 0,5 prosentpoeng frå i fjor.

Tyskland høgst prosentdel ledige stillingar

I 4. kvartal 2012 hadde Tyskland den høgste prosentdelen ledige stillingar blant landa i EØS-området, med 2,7 prosent ledige stillingar. Nyare tal er førebels ikkje gjort offentlege for alle landa, samanlikninga mellom landa er derfor gjort for 4. kvartal 2012.

Noreg hadde den nest høgste prosentdelen ledige stillingar, med 2,3 prosent, i 4. kvartal 2012. Sverige og Finland hadde høvesvis 1,2 og 1,5 prosent ledige stillingar , medan prosentdelen for EU samla var 1,4. Den lågaste delen ledige stillingar hadde Portugal med 0,3 prosent. I denne internasjonale samanlikninga er primærnæringane haldne utanfor.