92583_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/ledstill/kvartal
92583
Nedgang i talet på ledige stillingar
statistikk
2013-02-20T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
ledstill, Ledige stillingar, jobbtilbod, næringsinndeling (for eksempel industri, undervisning, helsetenester …).Sysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Ledige stillingar4. kvartal 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i talet på ledige stillingar

Det var 57 800 ledige stillingar i 4. kvartal 2012. Dette er ein nedgang på 4 400 stillingar frå same kvartal året før.

Ledige stillingar
4. kvartal 2012Endring frå året før
Ledige stillingar57 800-4 400
Prosent ledige stillingar2,3-0,2

I dei tre siste kvartala i 2012 har det vore nedgang i talet på ledige stillingar når ein samanliknar med tilsvarande kvartaler året før. Prosentdelen ledige stillingar var 2,3 prosent i 4. kvartal 2012, 0,2 prosentpoeng lågare enn i 4. kvartal 2011.

Nedgang i pleie- og omsorgstenester, auke i offentleg administrasjon

Det var ein nedgang på 3 200 ledige stillingar innanfor pleie- og omsorgstenester i institusjon frå 4. kvartal 2011 til 4. kvartal 2012. Denne næringa hadde ein nedgang i alle kvartal i 2012 samanlikna med kvartala året før. Likevel er denne næringa framleis blant dei med høgast prosentdel ledige stillingar. Også i teknisk tenesteyting og byggje- og anleggsverksemd var det nedgang i talet på ledige stillingar i dette tidsrommet. Nedgangen i desse næringane var på høvesvis 1 900 og 1 000 stillingar. Overnattings- og serveringsverksemd hadde ein auke på 900 ledige stillingar frå 4. kvartal 2011 til 4. kvartal 2012. Denne næringa hadde også ein auke i 3. kvartal 2012.

Framleis flest ledige stillingar i forretningsmessig tenesteyting

Det var ein auke i talet på ledige stillingar i forretningsmessig tenesteyting i 4. kvartal 2012, både når ein ser på absolutte og relative tall. Dei 9 000 ledige stillingane i forretningsmessig tenesteyting svarer til 5,9 prosent av alle stillingane i denne næringa. Varehandel hadde 6 300 ledige stillingar i 4. kvartal, noko som svarer til 1,7 prosent ledige stillingar. Innanfor pleie- og omsorgstenester i institusjon svarer dei 4 900 ledige stillingane til 3,3 prosent.

Framleis høg prosentdel ledige stillingar i Tyskland

I Tyskland var prosentdelen ledige stillingar 2,3 prosent i 3. kvartal 2012. Tyskland er blant landa med høgast prosentdel ledige stillingar i EU, ein posisjon landet har hatt dei siste par åra. Til samanlikning låg prosentdelen ledige stillingar i EU sett under eitt, på 1,4 prosent, medan prosentdelen var 2,4 i Noreg. I Sverige var prosentdelen ledige stillingar på det same tidspunktet,1,3 prosent. Storbritannia hadde ein prosentdel på 1,8.

Nyare tal er førebels ikkje publiserte for alle landa, og samanlikninga mellom landa er derfor gjort for 3. kvartal 2012.

Om internasjonal samanlikning: I denne internasjonale samanlikninga er primærnæringane haldne utanfor. For meir informasjon, sjå heimesidene til Eurostat: Ledige stillinger (på engelsk). 

Forholdet til NAV-statistikken om ledige stillingarÅpne og lesLukk

NAV publiserer kvar månad statistikk over tilgang av ledige stillingar fordelt på yrke.

NAV sine tal for behaldning av ledige stillingar utgjer mellom 30 og 40 prosent av tala på ledige stillingar som statistikken frå SSB viser. Hovudårsaka er at NAV i sine tal ikkje får med ledige stillingar som berre er lyste ut gjennom uformelle kanalar og på ein del nettsider (inkludert heimesider til bedriftene). I tillegg er det visse forskjellar i målinga/definisjonar som trekkjer den same vegen.

Dei to statistikkjeldene supplerer til ein viss grad kvarandre ved at tala frå NAV gir fordeling av ledige stillingar etter yrke, medan statistikken frå SSB gir fordeling etter næring. Vidare gir NAV tal for kvar månad, medan SSB berre dekkjer ein månad i kvart kvartal. Dessutan er SSB-tala baserte på ei utvalsundersøking, medan tala frå NAV er ei totalteljing av den populasjonen dei dekkjer.