1100_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/innvarbl/arkiv
1100
Auka arbeidsløyse, også blant dei vestlege
statistikk
2003-11-26T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Innvandring og innvandrere
no
innvarbl, Registrerte arbeidsledige blant innvandrere (avsluttet i Statistisk sentralbyrå), arbeidsmarkedstiltak, innvandrerbakgrunn, landbakgrunn, botidArbeid og lønn, Arbeidsledighet, Innvandring og innvandrere, Arbeid og lønn
false

Registrerte arbeidsledige blant innvandrere (avsluttet i Statistisk sentralbyrå)3. kvartal 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auka arbeidsløyse, også blant dei vestlege

Arbeidsløysa stig framleis i alle innvandrargrupper. Ikkje-vestlege innvandrarar utanom Aust-Europa hadde størst auke. Men personar frå mange vestlege land opplevde også eit sprang i arbeidsløysa.

Den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarar auka totalt frå 9,1 prosent i august 2002 til 11,0 prosent i august 2003. I heile befolkninga steig ho frå 3,5 til 4,3 prosent, alt rekna som del av arbeidsstyrken.

Ein innvandrar blir her rekna som ein person som er fødd i utlandet av utanlandsk fødde foreldre (også kalla førstegenerasjonsinnvandrar).

Personar frå Afrika: 20 prosent ledige

Innvandrarar frå Afrika ligg høgast når det gjeld registrert arbeidsløyse, med over 20 prosent. Dette er nesten fem gonger så høg arbeidsløyse som i heile befolkninga. Elles finn vi ei arbeidsløyse på 14,5 prosent blant innvandrarar frå Asia, medan dei frå Aust-Europa og Sør- og Mellom-Amerika ligg så vidt under 12 prosent. Nordiske innvandrarar hadde lågast arbeidsløyse med 4,9 prosent, eit nivå som ligg 0,6 prosentpoeng over arbeidsløysa i heile befolkninga. Innvandrarar frå Vest-Europa elles har hatt noko større auke det siste året enn dei nordiske og ligg no på 5,3 prosent. Arbeidsløysa i denne gruppa steig med 1,4 prosentpoeng, ein auke på storleik med den vi finn blant dei med austeuropeisk bakgrunn. Elles hadde innvandrarar frå Afrika størst auke i prosentpoeng med 3,3, medan dei andre ikkje-vestlege innvandrarane hadde ein auke på litt over 2 prosentpoeng.

Vestlege grupper auka mest

Ser vi på endringane i dei absolutte tala på arbeidslause, er det personar frå Vest-Europa (utanom Norden) som hadde størst auke med over 40 prosent. Ei anna vestleg gruppe, dei frå Nord-Amerika og Oseania, hadde ein auke på nærare 40 prosent. Elles hadde innvandrarar frå Afrika og Norden ein auke på litt under 30 prosent. På landsbasis auka talet på registrerte arbeidslause i alt med 23 prosent, medan gruppa av registrerte ledige førstegenerasjonsinnvandrarar auka med 25 prosent.

Flest menn ledige

I heile befolkninga var det i 3. kvartal i år registrert ei arbeidsløyse på 4,5 prosent blant menn og 4,1 prosent blant kvinner. Blant innvandrarane var dei tilsvarande tala 11,7 og 10,3 prosent. Menn hadde også den største auken både i heile befolkninga og blant innvandrarar med 1,0 og 2,1 prosentpoeng i dei respektive gruppene kontra 0,6 og 1,8 prosentpoeng blant kvinnene.

Ikkje-vestlege innvandrarar registrert arbeidslause eller på ordinære arbeidsmarknadstiltak i prosent av personar i alt 16-74 år, etter bustadfylke. Utgangen av august 2003

Høgast arbeidsløyse i Møre og Romsdal og Østfold

Møre og Romsdal og Østfold hadde i august 2003 den høgaste registrerte arbeidsløysa blant innvandrarane, med respektive 9,1 og 8,8 prosent målt i forhold til innvandrarbefolkninga i alderen 16-74 år. Vi gjer merksam på at vi her nyttar befolkninga som nemnar, og at prosentdelane dermed blir noko lågare enn dei som byggjer på arbeidsstyrken. Den lågaste arbeidsløysa blant første
generasjonsinnvandrarane finn vi i Akershus og Troms med respektive 5,0 og 5,3 prosent.

Målt i prosent av befolkninga var den registrerte arbeidsløysa på 3,1 prosent for alle busette og 7,0 prosent for alle innvandrarar.

Ser vi på endringane frå august 2002 til august 2003, finn vi størst auke i Møre og Romsdal der den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarane steig med 2,1 prosentpoeng . Telemark hadde den nest største auken med 1,9 prosentpoeng.

Også dette kvartalet finn vi fylke som gjekk "mot straumen" med omsyn til den generelle auken i arbeidsløysa. Finnmark hadde ein liten nedgang på 0,4 prosentpoeng i arbeidsløysa blant innvandrarar - trass i ein viss auke i arbeidsløysa blant busette elles i dette fylket.

Mange fleire på arbeidsmarknadstiltak

Talet på deltakarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak gjorde eit stort sprang frå 6 260 i august 2002 til heile 15 387 i august 2003. Dette er meir enn ei dobling. Også blant deltakarar med innvandrings
bakgrunn var det ein markant vekst frå 2 064 til 3 889 deltakarar.

Målt i prosent av befolkninga steig deltakardelen frå 0,2 prosent til 0,5 prosent på landsbasis. For innvandrarar gjekk dette talet opp frå 0,9 til 1,6 prosent. Dei frå Afrika og Asia hadde dei høgaste deltakardelane med respektive 2,7 og 2,2 prosent.

Ser vi nærare på samansetjinga i den totale deltakargruppa, representerer innvandrarane 25 prosent av alle deltakarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak. Dette er ein litt lågare del enn tidlegare då innvandrardelen låg stabilt på over 30 prosent i lengre tid, noko ein må sjå på bakgrunn av den store tilstrøyminga av deltakarar utan innvandringsbakgrunn.

Av dei 3 889 deltakarane som er innvandrarar, har heile 3 571 ikkje-vestleg bakgrunn, det vil seie 92 prosent. Dei vestlege innvandrarane er når det gjeld arbeidsmarknadstiltak heilt marginale grupper.

Vi ser elles ingen skilnader i deltakinga på arbeidsmarknadstiltak hos menn og kvinner målt i prosent av befolkninga i 3. kvartal 2003. Dette gjeld både på landsbasis og i gruppa av førstegenerasjons
innvandrarar. I absolutte tal, finn vi derimot ei lita overvekt av menn i begge grupper.

Dei fylkesvise tala viser elles at Aust-Agder hadde den høgaste deltakarprosenten for innvandrarar med 2,6 prosent. Nest høgast deltakardel finn vi i Sør-Trøndelag med 2,4 prosent.

Tabeller: