1106_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/innvarbl/arkiv
1106
Auken i arbeidsløysa held fram
statistikk
2003-02-20T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Innvandring og innvandrere
no
innvarbl, Registrerte arbeidsledige blant innvandrere (avsluttet i Statistisk sentralbyrå), arbeidsmarkedstiltak, innvandrerbakgrunn, landbakgrunn, botidArbeid og lønn, Arbeidsledighet, Innvandring og innvandrere, Arbeid og lønn
false

Registrerte arbeidsledige blant innvandrere (avsluttet i Statistisk sentralbyrå)4. kvartal 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auken i arbeidsløysa held fram

Auken i arbeidsløysa held fram. Den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarar auka frå 7,2 prosent i november 2001 til 8,6 prosent i november 2002. For heile Noregs befolkning steig ho frå 2,7 til 3,3 prosent, alt rekna som del av arbeidsstyrken.

Ein innvandrar reknast her som ein person som er fødd i utlandet av utanlandskfødde foreldre, også kalla ein førstegenerasjonsinnvandrar.

Det er blant innvandrarar frå Afrika at den registrerte arbeidsløysa har auka mest, med 2,4 prosentpoeng, og dei ligg også høgast når det gjeld arbeidsløyse, med 16 prosent. Dette er fem gonger høgare enn arbeidsløysa for heile befolkninga. Elles finn vi ei arbeidsløyse på 11,5 og 9,8 prosent for innvandrarar frå respektive Asia og Aust-Europa. Innvandrarar frå Sør- og Mellom-Amerika hadde den lågaste arbeidsløysa blant dei ikkje-vestlege med 9,1 prosent. Innvandrarar frå Norden hadde ei arbeidsløyse berre nokre desimalar høgare enn den vi finn for heile landet. Ein kan elles merke seg at innvandrarar frå resten av Vest-Europa har hatt ein auke det siste året som har gjeve denne gruppa ei arbeidsløyse på 4,3 prosent - med andre ord 1 prosentpoeng over nivået for heile landet.

Kvar sjette arbeidslaus er innvandrar

Det var registrert 13 107 heilt arbeidslause innvandrarar ved utgangen av november 2002. Desse utgjer om lag 17 prosent, eller kvar sjette person, av heile gruppa på 77 706 registrerte ledige. Trass i auken i arbeidsløysa også blant dei vestlege innvandrarane, er arbeidsløyse i det heile eit fenomen som gjer seg mest gjeldande blant dei med ikkje-vestleg bakgrunn. Av dei 13 107 registrerte arbeidslause innvandrarane i 4. kvartal 2002, kjem 10 819 frå ikkje-vestlege land, det vil seie nærare 83 prosent.

Noko høgare prosentvis auke blant vestlege

Ser vi på endringane i dei absolutte tala på registrerte ledige, finn vi at arbeidsløysa auka litt meir i prosent blant dei vestlege innvandrarane enn i heile innvandrarbefolkninga og heile befolkninga. Både dei frå Norden og Vest-Europa elles hadde ein auke på 30 prosent frå november 2001 til november 2002. Innvandrarar frå Afrika og Sør- og Mellom-Amerika hadde ein auke på respektive 28 og 27 prosent. For heile befolkninga steig talet på registrerte arbeidslause med 21 prosent. For innvandrarar samla var auken på 25 prosent.

Flest menn registrert ledige

Menn, både i heile befolkninga og blant innvandrarane, hadde den største prosentvise auken i talet på registrerte ledige frå november 2001 til november 2002. Auken var på respektive 23 og 26 prosent. Den tilsvarande auken for kvinner totalt var 18 prosent og for dei kvinnelege innvandrarane 23 prosent. Arbeidsløysa i heile befolkninga var på 3,6 prosent blant menn og 2,9 prosent blant kvinner i 4. kvartal 2002. Blant innvandrarane var dei tilsvarande tala 9,6 og 7,5 prosent.

Ikkje-vestlege innvandrarar registrert arbeidslause eller på ordinære arbeidsmarknadstiltak i prosent av personar i alt 16-74 år, etter bustadfylke. Utgangen av november 2002

Høgast arbeidsløyse i Finnmark

Fylket med høgast registrert arbeidsløyse blant innvandrarar i november 2002 var Finnmark med 7,1 prosent målt i forhold til innvandrarbefolkninga 16-74 år. (NB! Sidan vi her nyttar befolkninga som nemnar, vert prosentdelane noko lågare enn dei som byggjer på arbeidsstyrken.) Fylket med nest høgast arbeidsløyse var Østfold, med 6,9 prosent. Den lågaste arbeidsløysa finn vi i Troms og Akershus med respektive 3,3 og 3,6 prosent.

Målt i prosent av befolkninga var den registrerte arbeidsløysa på 2,4 prosent for alle busette og 5,5 prosent for alle innvandrarar.

Ser vi på endringane frå november 2001 til november 2002, finn vi at auken i den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarane var størst i Møre og Romsdal, der ho steig med 1,8 prosentpoeng. Nest etter dette fylket hadde Østfold høgast auke med 1,4 prosentpoeng. Oslo, Vestfold og Aust-Agder hadde også ein viss auke, alle med 1,2 prosentpoeng.

Elles kan nemnast at Sogn og Fjordane også dette kvartalet gjekk "mot straumen", med ein nedgang i arbeidsløysa blant innvandrarar på 1 prosentpoeng - trass i ein svak auke i befolkninga elles.

Nokre fleire på arbeidsmarknadstiltak

Nedgangen i talet på deltakarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak ser no ut til å snu. For deltakarar totalt steig talet frå 11 830 i november 2001 til 14 383 i november 2002. Blant innvandrarar gjekk dette talet opp frå 4 014 til 4 402 deltakarar. Målt i prosent av befolkninga er deltakardelen likevel uendra, 0,4 prosent i heile befolkninga og 1,8 prosent i innvandrarbefolkninga.

Ser vi nærare på samansetjinga i den totale deltakargruppa, er nær 31 prosent av deltakarane på ordinære arbeidsmarknadstiltak innvandrarar. Av dei 4 402 deltakarane som er innvandrarar, har heile 4 158 ikkje-vestleg bakgrunn. Dei vestlege innvandrarane er når det gjeld arbeidsmarknadstiltak, heilt marginale grupper. Dette er i det heile stabile trekk med omsyn til deltakinga på slike tiltak.

Dei fylkesvise tala viser elles at Nordland og Aust-Agder hadde dei høgaste deltakarprosentane for innvandrarar med respektive 3,0 og 2,7 prosent.

Tabeller: