1110_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/innvarbl/arkiv
1110
Aukande arbeidsløyse også blant innvandrarar
statistikk
2002-08-29T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Innvandring og innvandrere
no
innvarbl, Registrerte arbeidsledige blant innvandrere (avsluttet i Statistisk sentralbyrå), arbeidsmarkedstiltak, innvandrerbakgrunn, landbakgrunn, botidArbeid og lønn, Arbeidsledighet, Innvandring og innvandrere, Arbeid og lønn
false

Registrerte arbeidsledige blant innvandrere (avsluttet i Statistisk sentralbyrå)2. kvartal 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Aukande arbeidsløyse også blant innvandrarar

For førstegenerasjonsinnvandrarar totalt har det vore auke i den registrerte arbeidsløysa frå 6,5 til 7,8 prosent frå mai 2001 til mai 2002. For heile befolkninga steig ho frå 2,3 til 2,9 prosent, alt rekna som del av arbeidsstyrken.

Innvandrarar frå Afrika hadde den største auken i prosentpoeng med 2,0, og dei ligg òg høgast når det gjeld arbeidsløyse med 14,6 prosent. Dette er eit nivå som ligg fem gonger høgare enn arbeidsløysa for heile befolkninga. Elles finn vi ei arbeidsløyse på 10,6 og 9,2 prosent for innvandrarar frå respektive Asia og Aust-Europa. Innvandrarar frå Norden og Vest-Europa elles hadde ei arbeidsløyse berre nokre desimalar høgare enn den vi finn for heile landet med respektive 3,1 og 3,6 prosent. Desse skilnadane mellom innvandrargruppene syner seg som eit stabilt mønster når det gjeld registrert arbeidsløyse.

Arbeidsløyse blant innvandrarar er i det heile teke eit fenomen som gjer seg mest gjeldande blant dei med ikkje-vestleg bakgrunn. Av dei 11 602 registrerte arbeidslause førstegenerasjonsinnvandrarane i 2. kvartal 2002, kjem 9 616 frå ikkje-vestlege land, noko som utgjer ein del på 83 prosent.

Størst prosentvis auke blant dei vestlege

Ser vi på endringane i dei absolutte tala på registrerte ledige, finn vi derimot den største prosentvise auken i dei vestlege innvandrargruppene. Innvandrarar frå Norden og Vest-Europa hadde ein auke på respektive 29 og 28 prosent frå mai 2001 til mai 2002. Dei tilsvarande tala for innvandrarar frå Afrika og Asia var litt over 25 prosent i begge gruppene. For heile befolkninga steig talet på registrerte arbeidslause med 22 prosent. For førstegenerasjonsinnvandrarar samla var auken på om lag 25 prosent. Den desidert største prosentvise auken i ei einskild innvandrargruppe, finn vi blant dei frå Nord-Amerika og Oseania der talet på arbeidslause steig med over 60 prosent. Men det må i denne samanhengen strekast under at det her er snakk om ei svært lita gruppe som auka frå 109 til 178 personar.

Fleire arbeidslause kvinner

Kvinner, både i heile befolkninga og blant innvandrarane, hadde elles den største prosentvise auken i talet på registrerte ledige frå mai 2001 til mai 2002. Auken var på respektive 24 og 28 prosent. Dei tilsvarande tala for menn var 21 og 23 prosent. Til tross for desse skilnadene i auke, er det framleis mennene som har den høgaste arbeidsløyseprosenten. I heile befolkninga låg ho på 3,0 prosent kontra kvinnene sine 2,7 prosent. Blant førstegenerasjonsinnvandrarane var skilnadene enda større, nemleg 8,5 prosent (menn) kontra 7,0 prosent (kvinner).

Mest auke for dei med butid under sju år

Det var mest auke i arbeidsløysa blant dei med butid på under sju år. Både blant dei med den kortaste butida, det vil seie under fire år, og dei med ei butid på mellom fire og seks år auka arbeidsløysa med om lag 1 prosentpoeng frå mai 2001 til mai 2002. Det er i den sistnemnde gruppa vi finn høgast arbeidsløyse, nemleg 6,0 prosent (i prosent av personar 16-74 år i alt). Dei med butid på under fire år hadde ei arbeidsløyse på 5,0 prosent, medan dei med butid på over sju år låg på 4,8 prosent. Den litt lågare arbeidsløysa blant dei med kortast butid heng naturleg nok saman med at det for mange innvandrarar må til ei viss integrering i det norske samfunnet før ein er klar for å la seg registrere på arbeidskontoret.

Ikkje-vestlege innvandrarar registrert arbeidslause eller på arbeidsmarknadstiltak i prosent av personar 16-74 år i alt, etter bustadfylke. Utgangen av mai 2002

Vest-Agder med høgast arbeidsløyse

Vest-Agder hadde den høgast registrerte arbeidsløysa blant innvandrarane med 5,9 prosent målt i høve til befolkninga 16-74 år. (NB! Sidan vi her nyttar befolkninga som nemnar, vert prosentdelane noko lågare enn dei som byggjer på arbeidsstyrken.) Av andre fylke med høg arbeidsløyse i denne gruppa kan nemnast Østfold og Finnmark med respektive 5,8 og 5,7 prosent. Den lågaste arbeidsløysa finn vi i Akershus og Troms med respektive 3,2 og 3,6 prosent.

Målt i prosent av befolkninga var den registrerte arbeidsløysa på 2,1 prosent for alle busette og 5,0 prosent for alle førstegenerasjonsinnvandrarar.

Ser vi på endringane frå mai 2001 til mai 2002, er det mest auke å spore i Oslo, Aust-Agder og Nord-Trøndelag. I alle desse tre fylka steig arbeidsløysa blant innvandrarane med 1,2 prosentpoeng. Det kan elles nemnast at Oslo hadde den største auken i arbeidsløyse blant alle busette òg, nemleg 0,8 prosentpoeng.

Færre innvandrarar på arbeidsmarknadstiltak

Nedgangen i talet på deltakarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak held fram. Blant førstegenerasjonsinnvandrarar gjekk dette talet ned frå 4 522 deltakarar i mai 2001 til 3 848 i mai 2002. Dette er ein nedgang på 15 prosent. For heile befolkninga var nedgangen på 7 prosent. I absolutte tal gjekk deltakinga ned frå 13 761 til 12 527 personar i alt.

Målt i prosent av befolkninga frå 16-74 år, gjekk prosentdelen deltakarar blant førstegenerasjonsinnvandrarar ned frå 2,0 til 1,7 prosent i denne perioden. I alle grupper av førstegenerasjonsinnvandrarar har det vore nedgang i denne prosentdelen, men framleis har innvandrarar frå dei ikkje-vestlege landa dei desidert høgaste deltakardelane. I heile befolkninga har denne deltakardelen lege stabilt på 0,4 prosent.

Ser vi nærare på samansetjinga i den totale deltakargruppa, representerer førstegenerasjonsinnvandrarane 31 prosent av alle deltakarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak. Av dei 3 848 deltakarane som er førstegenerasjonsinnvandrarar, har heile 3 621 ikkje-vestleg bakgrunn. Dei vestlege innvandrarane er når det gjeld arbeidsmarknadstiltak, heilt marginale grupper. Dette er i det heile teke stabile trekk med omsyn til deltakinga på slike tiltak.

Fleire innvandrarkvinner enn -menn på tiltak

Innvandrarkvinner har litt høgare deltakardel enn -menn, nemleg 1,7 kontra 1,6 prosent (målt i prosent av befolkninga 16-74 år). Størst skilnad i deltaking finn vi blant dei frå Aust-Europa. Her hadde kvinnene ein deltakardel på 2,4 prosent mot mennene sin del på 1,9 prosent. Også blant innvandrarar frå Asia er det ein viss skilnad, nemleg 2,5 prosent for kvinner og 2,1 prosent for menn.

I alt tok 1 824 innvandrarmenn del i ordinære arbeidsmarknadstiltak ved utgangen av mai 2002. Dei utgjorde 28 prosent av alle mannlege deltakarar medan innvandrarkvinnene med sine 2 024 deltakarar utgjorde 34 prosent av alle kvinnene på tiltak.

Dei fylkesvise tala viser elles at Nord- Trøndelag og Nordland hadde den høgaste deltakarprosenten for førstegenerasjonsinnvandrarar med respektive 3,1 og 2,8. Elles hadde Sør-Trøndelag ein deltakarprosent på 2,5. Akershus hadde den lågaste deltakinga med 0,8 prosent.

Statistikken kjem ut fire gonger i året.

Tabeller: