1114_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/innvarbl/arkiv
1114
Arbeidsløysa blant innvandrarane litt opp
statistikk
2002-02-22T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Innvandring og innvandrere
no
innvarbl, Registrerte arbeidsledige blant innvandrere (avsluttet i Statistisk sentralbyrå), arbeidsmarkedstiltak, innvandrerbakgrunn, landbakgrunn, botidArbeid og lønn, Arbeidsledighet, Innvandring og innvandrere, Arbeid og lønn
false

Registrerte arbeidsledige blant innvandrere (avsluttet i Statistisk sentralbyrå)4. kvartal 2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Arbeidsløysa blant innvandrarane litt opp

Frå november 2000 til november 2001 gjekk den registrerte arbeidsløysa blant første-generasjonsinnvandrarar opp frå 6,8 til 7,3 prosent, mens ho i heile befolkninga gjekk opp frå 2,5 til 2,7 prosent. Alt rekna som del av arbeidsstyrken.

Innvandrarar frå Afrika hadde den største auken med 0,7 prosentpoeng. Innvandrarar frå Sør- og Mellom-Amerika var den einaste gruppa med nedgang i arbeidsløysa i denne perioden. Dei hadde i 4. kvartal 2001 den lågaste arbeidsløysa blant dei ikkje-vestlege innvandrarane med 7,6 prosent. Høgast arbeidsløyse finn vi denne gangen óg blant afrikanske innvandrarar med 13,5 prosent medan innvandrarar frå Asia og Aust-Europa hadde respektive 9,9 og 9,0 prosent. Blant innvandrarar frå Norden og Vest-Europa ligg arbeidsløysa som vanleg berre nokre desimalar over den vi finn registrert for heile folket. Auken i desse gruppene var den same som for heile landet.

Av dei 10 475 heilt arbeidslause førstegenerasjonsinnvandrarane hadde 8 683 ikkje-vestleg landbakgrunn, noko som utgjer 83 prosent av denne gruppa.

Størst auke blant kvinner

Innvandrarkvinner totalt hadde ein høgare auke i arbeidsløysa enn menn. Frå 4. kvartal 2000 til 4. kvartal 2001 var auken i desse gruppene på respektive 0,8 og 0,2 prosentpoeng, men framleis ligg nivået på arbeidsløysa for innvandrarmennene ein del høgare enn for kvinnene. Det vil seie 8,0 prosent kontra kvinnene sine 6,4 prosent.

Ser vi på endringane i dei einskilde innvandrargruppene, hadde afrikanske menn den høgaste auken med 1,2 prosentpoeng medan det blant kvinnene var dei med asiatisk bakgrunn som hadde den høgaste auken med 1,1 prosentpoeng.

I befolkninga totalt låg arbeidsløyseprosenten på 2,9 for menn og 2,5 for kvinner. Kvinnene hadde her óg ein noko høgare auke enn mennene, nemleg 0,3 kontra 0,1 prosentpoeng.

Størst auke blant dei med kortast butid

Det har vore størst auke i arbeidsløysa blant dei med butid på under 4 år, frå 3,8 prosent i november 2000 til 4,5 prosent november 2001 (i prosent av personar i alt, 16-74 år), med andre ord ein auke på 0,7 prosentpoeng. Men framleis er det dei med butid på mellom 4 og 6 år som har det høgste nivået på arbeidsløysa med 5,6 prosent. Den lågare arbeidsløysa blant dei med kortast butid heng naturleg nok saman med at det for mange innvandrarar må ei viss integrering i det norske samfunnet til før ein er klar for å la seg registrere på arbeidskontoret.

Ser vi på dei einskilde gruppene, var det blant dei med kortast butid i Noreg, innvandrarane frå Aust-Europa, som hadde størst auke i arbeidsløysa på 1,3 prosentpoeng. Blant innvandrarar med butid på mellom 4 og 6 år, var det dei frå Asia som hadde størst auke med 0,9 prosentpoeng. Elles er det berre mindre auke å spore i dei einskilde innvandrargruppene med lengst butid i Noreg.

Ikkje-vestlege1) innvandrarar registrert arbeidslause eller på arbeidsmarknadstiltak i prosent av personar 16-74 år i alt, etter bustadfylke. Utgangen av november 2001.

Høgast arbeidsløyse blant innvandrarar i Finnmark

Finnmark hadde den høgaste registrerte arbeidsløysa blant innvandrarane med 6,6 prosent målt i forhold til befolkninga 16-74 år. (NB! Sidan vi her nyttar befolkninga som nemnar, vert prosentdelane noko lågare enn dei som byggjer på arbeidsstyrken). Nordland hadde den nest høgaste arbeidsløysa, med 6,0 prosent. Ser vi på dei fylkesvise endringane frå november 2000 til november 2001, hadde Sogn og Fjordane den største auka med 2,0 prosentpoeng medan Oppland hadde den nest største auka med 1,3 prosentpoeng. Elles kan det nemnast at Finnmark hadde den største nedgangen i arbeidsløysa blant førstegenerasjonsinnvandrarar på 1,8 prosentpoeng. Trass i denne nedgangen ligg dette fylket likevel høgast i arbeidsløyse når det gjeld denne gruppa. Det kan elles nemnast at Finnmark óg hadde den høgaste registrerte arbeidsløysa for heile befolkninga med 3,5 prosent.

Målt i prosent av befolkninga var arbeidsløysa på 2,0 prosent på landsbasis og 4,7 prosent for alle

førstegenerasjonsinnvandrarar.

Stadig færre på arbeidsmarknadstiltak

Nedgangen i talet på deltakarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak held fram. Blant førstegenerasjonsinnvandrarar gjekk dette talet ned frå 5 331 til 4 007 frå november 2000 til november 2001. Dette er ein nedgang på 25 prosent. For heile befolkninga har nedgangen vore enda større. Det dreier seg om ein reduksjon på 32 prosent, frå 17 449 til 11 830 deltakarar i alt.

Ser vi nærare på samansettinga i den totale deltakargruppa, representerer førstegenerasjons-innvandrarane 34 prosent av alle deltakarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak. Langt dei fleste av deltakarane som er førstegenerasjonsinnvandrarar har ikkje-vestleg bakgrunn. Dei vestlege innvandrarane er når det gjeld arbeidsmarknadstiltak, heilt marginale grupper.

Dei fylkesvise tala viser elles at Nordland og Nord-Trøndelag hadde dei høgaste deltakarprosentane for førstegenerasjonsinnvandrarar med respektive 3,4 og 2,9 prosent.

Statistikken kjem ut fire gonger i året.

Tabeller: