Over 20 000 tapte arbeidsdagar i 2019

Publisert:

I 2019 gjekk 21 532 arbeidsdagar tapt i totalt åtte arbeidskonfliktar. Samanlikna med tidlegare år med mellomoppgjer er dette talet på tapte arbeidsdagar høgt.

I dei åtte arbeidskonfliktane i 2019 gjekk totalt 21 532 arbeidsdagar tapt, viser statistikken Fagforeiningsmedlemmer og streikar. Konfliktane involverte til saman 1 934 arbeidstakarar. Av desse var 748 tilsett i samferdsel og 670 i helse- og sosialtenester, noko som innebar høvesvis 8 101 og 10 799 tapte arbeidsdagar i dei to næringane, eller nærmare 90 prosent av alle dei tapte arbeidsdagane i 2019. Ved førre mellomoppgjer i 2017 gjekk 8 942 arbeidsdagar tapt i 10 arbeidskonfliktar. Her var berre 401 arbeidstakarar involvert.

Det er vanlegvis færre arbeidskonfliktar og tapte arbeidsdagar i år med mellomoppgjer. Gjennomsnittleg tal på tapte arbeidsdagar for dei ni åra med mellomoppgjer i perioden frå 2001 til 2017 var om lag 6 900, mens det gjennomsnittlege talet på arbeidstakarar involvert var 445. Samtidig var det i gjennomsnitt nærmare fem arbeidskonfliktar. 2019 var altså et år der alle tre indikatorar for omfanget av arbeidskonfliktar var høgare enn normalen.

Figur 1. Arbeidstakarar i arbeidskonflikt og tapte arbeidsdagar. År med mellomoppgjer

Arbeidstakarar involverte Tapte arbeidsdagar
2001 29 619
2003 95 962
2005 591 10998
2007 519 3954
2009 36 180
2011 114 526
2013 1385 10849
2015 831 25329
2017 401 8942
2019 1934 21532

For dei arbeidstakarane som var i arbeidskonflikt i 2019, var gjennomsnittleg tal på tapte arbeidsdagar per arbeidstakar i overkant av 11. Tilsvarande tal for mellomoppgjera i perioden 2001-2017 samla sett var nærmare 16.

Stadig medlemsauke i hovudsamanslutningane for arbeidstakarar

De fire hovudsamanslutningane for arbeidstakarar, LO, UNIO, YS og Akademikerne, hadde alle ein auke i talet på medlemmer i 2019. Alle desse opplevde også ein auke i talet på yrkesaktive medlemmer. Som i fjor var auken i absolutte tal størst for LO, med i underkant av 15 700 nye medlemmer, mens Akademikerne igjen hadde den sterkaste prosentvise auken i medlemsmassen på 5,5 prosent.

Figur 2. Medlemmer i hovudsamanslutningane for arbeidstakarar

LO YS UNIO Akademikerne
2005 822629 201713 244253 142937
2006 834221 206361 267748 131005
2007 844438 209334 274175 137250
2008 865392 216104 280976 143848
2009 865573 217600 288044 148189
2010 871360 217457 295621 154313
2011 880938 222114 300486 162562
2012 895257 226624 311091 170387
2013 897740 221578 322058 177948
2014 909552 222038 331824 186753
2015 913732 215878 339812 193536
2016 917122 215591 349219 199174
2017 925605 217724 359054 203102
2018 936711 222392 367978 208597
2019 952394 225794 375181 220005

Faktaside

Kontakt