Over 135 000 tapte arbeidsdagar i 2020

Publisert:

I 2020 gjekk over 135 000 arbeidsdagar tapt i totalt sju arbeidskonfliktar. Samanlikna med tidlegare år med hovudoppgjer er dette talet på tapte arbeidsdagar lågt.

I dei sju arbeidskonfliktane i 2020 gjekk totalt 135 768 arbeidsdagar tapt, viser statistikken Fagforeiningsmedlemmer og streikar. Konfliktane involverte til saman 9 377 arbeidstakarar. Av desse var om lag 70 prosent tilsett i næringa transport og lagring, noko som medførte 34 351 tapte arbeidsdagar i denne næringa. Innan næringa forretningsmessig tenesteyting var 2 800 av dei tilsette i konflikt, og næringa stod for omtrent 75 prosent av alle tapte arbeidsdagar.

Det er vanlegvis fleire arbeidskonfliktar og tapte arbeidsdagar i år med hovudoppgjer. Gjennomsnittleg tal på tapte arbeidsdagar for dei ti åra med hovudoppgjer i perioden frå 2000 til 2018 var om lag 219 600, medan det gjennomsnittlege talet på arbeidstakarar involvert var i overkant av 28 000. Samtidig var det i gjennomsnitt nærmare 14 arbeidskonfliktar. 2020 var altså eit år der alle tre indikatorar for omfanget av arbeidskonfliktar var lågare enn normalen.

Lønnsoppgjeret i 2020 vart utsett frå våren til hausten. Dette førte til at meklingane hos Riksmeklaren kom i gang seinare enn normalt, og at enkelte streikar, innanfor nokre av forhandlingsområda, ikkje vart iverksett før i 2021. Desse konfliktane vil først inngå i statistikken for 2021.

Figur 1. Arbeidstakarar i arbeidskonflikt og tapte arbeidsdagar. År med hovudoppgjer 2000-2020

Arbeidstakarar involvert Tapte arbeidsdagar
2000 93889 496568
2002 9865 150775
2004 9873 141179
2006 29109 146758
2008 12963 62568
2010 66938 500009
2012 41820 360643
2014 8983 148009
2016 8858 165798
2018 3502 24142
2020 9377 135768

For dei arbeidstakarane som var i arbeidskonflikt i 2020, var gjennomsnittleg tal på tapte arbeidsdagar per arbeidstakar omtrent 14,5. Tilsvarande tal for hovudoppgjera i perioden 2000-2018 samla sett var i overkant av 10.

Framleis medlemsauke i hovudsamanslutningane for arbeidstakarar

De fire hovudsamanslutningane for arbeidstakarar, LO, UNIO, YS og Akademikerne, hadde alle ein auke i talet på medlemmer i 2020. Med unntak av YS opplevde alle også ein auke i talet på yrkesaktive medlemmer. Som dei to føregåande åra var auken i absolutte tal størst for LO, med i underkant av 17 700 nye medlemmer, medan Akademikerne igjen hadde den sterkaste prosentvise auken i medlemsmassen, med ein auke på 5 prosent.

Figur 2. Medlemmer i hovudsamanslutningane for arbeidstakarar, 2005-2020

LO YS UNIO Akademikerne
2005 822629 201713 244253 142937
2006 834221 206361 267748 131005
2007 844438 209334 274175 137250
2008 865392 216104 280976 143848
2009 865573 217600 288044 148189
2010 871360 217457 295621 154313
2011 880938 222114 300486 162562
2012 895257 226624 311091 170387
2013 897740 221578 322058 177948
2014 909552 222038 331824 186753
2015 913732 215878 339812 193536
2016 917122 215591 349219 199174
2017 925605 217724 359054 203102
2018 936711 222392 367978 208597
2019 952394 225794 375181 220005
2020 970054 228824 380803 231000

Faktaside

Kontakt