221831
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/styre/aar
221831
Menn styrer framleis aksjeselskapa
statistikk
2016-03-11T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
styre, Styre og leiing i aksjeselskap, styrerepresentantar, styreverv, daglege leiarar, styreleiarar, aksjeselskapEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap, Virksomheter, foretak og regnskap, Innvandring og innvandrere
false
Andel mannlige styrerepresentanter i aksjeselskap er på samme nivå som i tidligere år. Åtte av ti i aksjeselskap er menn, mens det er seks av ti i allmennaksjeselskap.

Styre og leiing i aksjeselskap1. januar 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Menn styrer framleis aksjeselskapa

Fordelinga mellom mannlege og kvinnelege styrerepresentantar i aksjeselskap er uendra. Vel åtte av ti styrerepresentantar i aksjeselskapa er menn, medan dette talet er seks av ti i allmennaksjeselskap.

Styrerepresentantar og daglege leiarar i aksjeselskap
20162015 - 2016
AntallAndelEndring i prosent
Styrerepresentantar i AS
I alt547 547100,03,7
Menn448 11581,83,5
Kvinner99 43218,24,4
Styrerepresentantar i ASA
I alt1 277100,0-3,0
Menn74658,4-3,9
Kvinner53141,6-1,7
 
Daglege leiarar i AS
I alt219 342100,04,3
Menn184 32484,04,0
Kvinner35 01816,06,0
Daglege leiarar i ASA
I alt222100,0-5,9
Menn20692,8-7,6
Kvinner167,223,1

Dermed ligg delen kvinnelege styrerepresentantar i allmennaksjeselskap (ASA) på nivået som er fastsett i kravet om kjønnsrepresentasjon i ASA.

I aksjeselskapa (AS) er 18 prosent av styrerepresentantane kvinner. Den høgaste delen kvinner finn vi innanfor næringane lønt arbeid i private hushald med 78 prosent, anna tenesteyting med 53 prosent samt helse- og sosialtenester med 40 prosent av styrerepresentantane. Den høgaste delen mannlege styrerepresentantar er innanfor byggje- og anleggsverksemd med 91 prosent, og transport og lagring, samt bergverksdrift og utvinning med høvesvis 87 prosent

72 prosent av aksjeselskapa har berre mannlege styrerepresentantar. Dess større styret er, dess høgare er delen føretak som har både menn og kvinner i styret.

Få kvinner er daglege leiarar

Delen aksjeselskap som har ei kvinne som dagleg leiar ligg på 16 prosent. Kvinner leiar 65 prosent av aksjeselskapa innanfor anna tenesteyting og 43 prosent av aksjeselskapa innanfor helse- og sosialtenester.

Delen kvinnelege leiarar i allmennaksjeselskap er på 7,2 prosent. Denne delen auka med 2,6 prosentpoeng frå 2004 til 2016.

Vanlegast å vere dagleg leiar i eitt aksjeselskap

74 prosent av dei daglege leiarane i både aksjeselskap og allmennaksjeselskap driv eitt føretak, medan 21 prosent leiar to eller tre. 1 prosent av kvinnene og 5 prosent av mennene er daglege leiarar i fleire enn tre føretak.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB