23247_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23247
Nedgangen i nyetablerte føretak held fram
statistikk
2010-04-27T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak2001-2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgangen i nyetablerte føretak held fram

Talet på nyetablerte føretak gjekk i 2009 ned for tredje året på rad. I fjor vart det etablert rundt 42 000 føretak, ein nedgang på 10 prosent frå året før.

For aksjeselskap (AS) var nedgangen endå større, med 25 prosent færre nyetableringar i 2009 enn i 2008. Det vart registrert 5,1 prosent færre enkeltpersonføretak (ENK) i 2009 enn året før. Talet på nyetablerte norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) auka derimot med 13,4 prosent i same periode.

Talet på nyetablerte AS nesten halvert frå 2006 til 2009

I 2009 vart det etablert 10 349 AS mot 18 046 i 2006, ein nedgang på ikkje mindre enn 42,7 prosent. Til samanlikning gjekk det totale talet på nyetablerte føretak ned med 18,1 prosent i den same perioden. Samstundes gjekk talet på ENK ned 6,8 prosent, medan det vart etablert 55,5 prosent fleire NUF.

Nyetablerte føretak, etter organisasjonsform og år. 2004-2008

Færre nyetableringar i nesten alle næringar

Frå og med statistikkåret 2008 er den nye næringsstandarden SN2007 gjeldande (les meir om den nye næringsstandarden) . For samanlikninga si skuld vert tal for 2008 også publiserte etter den føregåande næringsstandarden (SN2002).

Innan nesten alle næringar vart det etablert færre føretak i 2009 samanlikna med 2008. Størst var nedgangen innan omsetning og drift av fast eigedom, med 1 506 færre nyetableringar (-34,3 prosent), byggje- og anleggsverksemd med 1 230 færre nyetableringar (-18,5 prosent) og finansierings- og forsikringsverksemd med 653 færre føretak (-26,2 prosent). Tre firedelar av den totale nedgangen var i desse tre næringane. Dei einaste næringane der det vart etablert fleire føretak i 2009 var varehandel, reparasjon av motorvogner (+4,4 prosent), helse- og sosialtenester (+1,3 prosent), overnattings- og serveringsverksemd (+6 føretak) og løna arbeid i private hushald (+ 5 føretak). Auken i desse næringane var i tillegg heller unnselig.

Om lag 4 av 10 nyetablerte føretak i 2009 vart etablert innan næringane fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting, byggje- og anleggsverksemd og varehandel, reparasjon av motorvogner.

Færre føretak per 1. januar

Frå 1. januar 2009 til 1. januar 2010 gjekk talet på føretak ned med 6 667 eller 1,9 prosent, viser førebelse tal. Det endelege talet på føretak per 1. januar 2010 vert publisert i 2011. Ni av ti føretak er anten eit aksjeselskap eller eit enkeltpersonføretak, med om lag like mange AS som ENK. Den tredje vanlegaste organisasjonsforma er NUF, med nesten 3 prosent av alle føretak.

Flest føretak per 1. januar 2010 var det innan næringane varehandel, reparasjon av motorvogner (14,8 prosent), byggje- og anleggsverksemd (13,7 prosent), omsetning og drift av fast eigedom (12,6 prosent) og fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting (12,2 prosent).

Nedgang i informasjonssektoren

Talet på nyetablerte føretak innan informasjonssektoren gjekk ned med 2,3 prosent frå 2008 til 2009. For nyetablerte føretak innan alle næringar var det i same periode ein nedgang på 9,7 prosent. Medan det vart fleire nyetableringar innan innhaldssektoren (+1,5 prosent), vart det færre innan IKT-sektoren (-3,3 prosent). Men fortsatt vert det etablert flest føretak innan IKT-sektoren; tre av fire nyetableringar i informasjonssektoren var i 2009 innan IKT-tenester.

Informasjonssektoren

Informasjonssektoren er sett saman av IKT-sektoren og innhaldssektoren. IKT-sektoren omfattar næringar som produserer varer og tenester for informasjonssamfunnet. Innhaldssektoren omfattar næringar som produserer innhald som tekst, lyd og bilete for informasjonssamfunnet.

Innføringa av den nye næringsstandarden har medført ny definisjon av informasjonssektoren, slik at talet på nyetableringar etter SN2007 ikkje er likt talet på nyetableringar etter SN2002. Sidan den nye næringsstandarden er meir detaljert, vil ein del føretak som tilhøyrer informasjonssektoren etter SN2002 ikkje være med i informasjonssektoren definert etter SN2007. I 2008 vart det etter SN2002 etablert 3 856 føretak totalt innan informasjonssektoren - fordelt på 2 584 innan IKT-sektoren og 1 272 innan innhaldssektoren. Etter SN2007 vart det etablert 3 182 føretak - fordelt på 2 508 i IKT-sektoren og 674 i innhalds- og mediesektoren.

Tal for 2001-2008 etter SN2002 vart publiserte 29.04.2009. Sjå tabell 8 og tabell 9 .

Om tala

Tala omfattar alle føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning. Nye føretak 2009 er oppdaterte i høve til dei kvartalsvise publiseringane. Tala for føretak per 1.1.2010 og oppløyste føretak 2009 er estimerte. Metoden for utrekning av omsetning vart endra for statistikkåret 2008, noko som har ført til ein auke i tilfanget på føretak. Ein del av auken i talet på føretak frå 1. januar 2008 til 1. januar 2009 kan tilskrivas denne endringa og er difor ikkje resultat av ein reell auke i talet på føretak.

Tabeller: