23337_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23337
Svak auke i talet på nye føretak
statistikk
2010-03-05T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak4. kvartal 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak auke i talet på nye føretak

11 795 nye føretak vart registrerte i 4. kvartal 2009, ein auke på 280 i høve til same perioden i 2008.

Nye føretak i alt, nyetableringar og overtakingar. 2001-2009

Totalt vart det registrert 45 468 føretak i 2009, ein nedgang på 9 prosent samanlikna med 2008. Talet på nye føretak er det lågaste sidan 2003, og er om lag 17 prosent lågare enn i toppåret 2006. 93 prosent av dei nye føretaka i 2009 var nyetableringar, medan resten var overtakingar.

Flest innanfor tenesteytande næringar

Nesten 15 prosent av dei nyetablerte føretaka i 2009 høyrde til næringshovudområdet fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting, medan 13 prosent var innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Færre aksjeselskap, fleire NUF

Aksjeselskap hadde den største nedgangen frå 2008 til 2009 med 24 prosent færre nyetableringar. Talet på norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) auka i same perioden med over 13 prosent. Totalt 3 748 NUF vart etablerte i 2009, og er det høgaste talet på nyetablerte NUF sidan 2001 då statistikken vart etablert.

Nye føretak kan fordelast på overtakingar (eigarskifte) der føretaket vert registrert for å ta over ei eksisterande verksemd, og nyetableringar der føretaket representerer heilt nye verksemder (reelle nyetableringar).

Tala omfattar alle føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.

Tabeller: