23261_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23261
Færre nyetablerte føretak i fjor
statistikk
2009-04-29T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak2001-2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre nyetablerte føretak i fjor

Talet på nyetablerte føretak gjekk i 2008 ned for andre året på rad. I fjor vart det etablert 46 567 føretak, ein nedgang på 4,9 prosent frå året før.

For aksjeselskap (AS) var nedgangen endå større, med 17 prosent færre nyetableringar i 2008 enn i 2007. Også talet på norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) vart redusert frå 2007 til 2008 - ned 3,9 prosent - etter å ha auka kvart år frå 2001. Derimot vart det etablert 3 prosent fleire enkeltpersonføretak (ENK) i 2008 enn i 2007.

Nyetablerte føretak, etter organisasjonsform og år. 2004-2008

Frå og med statistikkåret 2008 er den nye næringsstandarden SN2007 gjeldande (les meir om den nye næringsstandarden her: http://www.ssb.no/vis/omssb/1gangspubl/art-2009-02-27-01.html ). For samanlikninga si skuld vert tal for 2008 også publiserte etter den føregåande næringsstandarden (SN2002).

Etter SN2002 var næringa eigedomsdrift, utleigeverksemd og forretningsmessig tenesteyting dominerande, med om lag ein tredel av alle føretaka i både bestanden og nyetablerte føretak. I den nye næringsstandarden har denne næringa vorte splitta på fleire næringar, slik at inga einskild næring dominerer i ei næringsfordeling etter SN2007

Fordelt på næring etter den nye næringsstandarden (SN2007) vart det i 2008 etablert flest føretak i næringane byggje- og anleggsverksemd og fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting, med omlag 14 prosent kvar. 10,8 prosent av nyetableringane var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner. Ikkje meir enn 2,9 prosent av nyetablerte føretak i 2008 var klassifiserte som industriføretak etter den nye næringsstandarden.

Nyetablerte AS gjekk mest tilbake frå 2006 til 2008

Samanlikna med 2006, som er året med flest nyetableringar så langt, vart det etablert 4 807 (9 prosent) færre føretak i 2008. Talet på nyetablerte AS gjekk ned med nesten 24 prosent i denne perioden, medan det vart etablert knapt 2 prosent færre ENK i 2008 samanlikna med 2006. Medan 35 prosent av nyetablerte føretak i 2006 var organiserte som AS og 55 prosent som ENK, hadde fordelinga endra seg til knapt 30 prosent AS og 59 prosent ENK i 2008.

Næringsvis fordeling (etter næringsstandarden SN2002) av nyetablerte føretak syner størst nedgang frå 2006 til 2008 innanfor eigedomsdrift, utleigeverksemd og forretningsmessig tenesteyting, med 19,4 prosent, og varehandel, reparasjon av motorvogner og hushaldsvarer, med 14,2 prosent. Auke i talet på nyetablerte føretak er det innanfor finansiell tenesteyting og forsikring (43,5 prosent), andre sosiale og personlege tenester (7,5 prosent) og undervisning (4,6 prosent).

Bestanden av føretak

Talet på føretak gjekk ned med 4 112 (1,2 prosent) frå 1. januar 2008 til 1. januar 2009 (talet for 2009 er estimert, og endeleg bestand vert publisert i 2010). Ni av ti føretak er enten AS eller ENK, med noko fleire AS enn ENK. I 2008 vart NUF den tredje vanlegaste organisasjonsforma blant føretaka, og er no vanlegare enn selskap med delt ansvar (DA) og ansvarlege selskap (ANS).

Etter den nye næringsstandarden er dei største næringane varehandel, reparasjon av motorvogner (16 prosent), byggje- og anleggsverksemd (14 prosent), omsetning og drift av fast eigedom (13 prosent) og fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting (12 prosent).

Nedgang i informasjonssektoren

Informasjonssektoren

Informasjonssektoren er sett saman av IKT-sektoren og innhaldssektoren. IKT-sektoren omfattar næringar som produserer varer og tenester for informasjonssamfunnet. Innhaldssektoren omfattar næringar som produserer innhald som tekst, lyd og bilete for informasjonssamfunnet.

Innføringa av den nye næringsstandarden har medført ny definisjon av informasjonssektoren, slik at talet på nyetableringar etter SN2007 ikkje er likt talet på nyetableringar etter SN2002. Sidan den nye næringsstandarden er meir detaljert, vil ein del føretak som tilhøyrer informasjonssektoren etter SN2002 ikkje være med i informasjonssektoren definert etter SN2007. Etter SN2002 vart det etablert 3 856 føretak totalt innanfor informasjonssektoren - fordelt på 2 584 innan IKT-sektoren og 1 272 innan innhaldssektoren - medan det etter SN2007 vart etablert 3 182 føretak - fordelt på 2 508 i IKT-sektoren og 674 i innhalds- og mediesektoren.

Innanfor informasjonssektoren (definert etter næringsstandarden SN2002) vart det i 2008 etablert 3 856 nye føretak, det lågaste talet sidan 2001. Samanlikna med 2007 var det ein nedgong på nesten 4 prosent, og frå 2001 er nedgangen på 10 prosent. Talet på nyetableringar i alle næringar gjekk derimot opp med 31 prosent frå 2001 til 2008.

For IKT-sektoren har det vore ein jamn nedgang kvart år frå 2001, og i 2008 vart det etablert 24 prosent (842) færre føretak enn i 2001. Innanfor innhaldssektoren har utviklinga vore motsett fram til og med 2006. Her har det vore ei auke i talet på nyetablerte føretak kvart år, men også innanfor denne sektoren har talet på nyetableringar gått ned i både 2007 og 2008. Medan 79 prosent av nyetableringane innanfor informasjonssektoren i 2001 var innanfor IKT-sektoren, var berre 67 prosent innanfor IKT-sektoren i 2008.

Tala omfattar alle føretak unnateke primærnæringane og offentleg forvaltning. Nye føretak 2008 er oppdaterte i høve til dei kvartalsvise publiseringane. Tala for bestanden per 1. januar 2009 og oppløyste føretak 2008 er estimerte.

Tabeller: