23275_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23275
Nedgang i talet på nyetablerte føretak
statistikk
2008-04-25T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak2001-2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i talet på nyetablerte føretak

Auken i nyetablerte føretak har stagnert. Totalt vart det etablert 48 952 nye føretak i 2007, ein nedgang på 4,7 prosent samanlikna med 2006.

I 2007 vart det etablert 2 422, eller 4,7 prosent, færre føretak enn i 2006. For aksjeselskap (AS) er nedgangen endå større, med 7,4 prosent. Talet på nyetablerte norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) har derimot halde fram den sterke veksten, og auka med 1 030 føretak, eller 42,8 prosent, frå 2006 til 2007.

Nyetablerte føretak, etter organisasjonsform og år. 2004-2007

Samanlikna med 2006 har talet på nyetableringar i 2007 gått ned eller er omtrent uendra for dei fleste næringane. Størst nedgang er det innanfor eigedomsdrift, utleigeverksemd og forretningsmessig tenesteyting, der talet på nyetableringar gjekk ned med 12,3 prosent, og varehandel, som hadde 10,3 prosent færre nyetableringar. Dei einaste næringane med ein tydeleg oppgang var finansiell tenesteyting og forsikring samt byggje- og anleggsverksemd, som auka med høvesvis 53,9 og 6 prosent.

Nyetablerte føretak frå 2004 til 2007

For perioden 2004 til 2007 har talet på nyetableringar totalt gått opp med 5 884, eller 13,7 prosent. Veksten i AS har vore mykje større enn veksten i enkeltpersonføretak (ENK). I 2004 var 25,1 prosent av dei nyetablerte føretaka eit AS, 64,2 prosent var eit ENK og 3,1 prosent var NUF. I 2007 var 34,1 prosent av nyetablerte føretak eit AS, 54,4 prosent var eit ENK og 7,0 prosent vart etablerte som NUF.

Samanlikna med 2004 vart det i 2007 etablert 15,1 prosent fleire føretak innanfor eigedomsdrift, utleigeverksemd og forretningsmessig tenesteyting. Innanfor byggje- og anleggsverksemd var det 43,2 prosent fleire nyetableringar. I varehandel vart det derimot etablert 19,6 prosent færre føretak i 2007 samanlikna med 2004.

Informasjonssektoren er sett saman av IKT-sektoren og innhaldssektoren. IKT-sektoren omfattar næringar som produserer varer og tenester for informasjonssamfunnet. Innhaldssektoren omfattar næringar som produserer innhald som tekst, lyd og bilete for informasjonssamfunnet.

Informasjonssektoren

Nedgangen i nyetablerte føretak frå 2006 til 2007 innanfor informasjonssektoren var på 5,9 prosent og er større enn totalt for alle nyetablerte føretak. Nedgangen er òg større innanfor IKT-sektoren, med 7,4 prosent, enn innanfor innhaldssektoren, med 2,9 prosent.

Frå 2001 til 2007 har talet på nyetableringar innanfor informasjonssektoren gått ned med 7 prosent, medan talet for alle nyetableringar har auka med 37,7 prosent. Men utviklinga for IKT-sektoren og innhaldssektoren har vore ulik. Flest nyetableringar er det innanfor IKT-sektoren, men innhaldssektoren utgjer ein stadig større del av dei nyetablerte føretaka innanfor informasjonssektoren, og har auka frå 27,2 prosent i 2001 til 34,3 prosent i 2007.

Tala omfattar alle føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning. Tal for bestanden per 1. januar 2007 og oppløyste føretak i 2006 er oppdaterte i høve til førre publisering. Nye føretak i 2007 er oppdaterte i høve til dei kvartalsvise publiseringane.

Tabeller: