23361_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23361
12 640 nye føretak
statistikk
2006-12-01T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak3. kvartal 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

12 640 nye føretak

Det vart registrert 12 640 nye føretak i Noreg i 3. kvartal 2006. Samanlikna med 3. kvartal 2005 er dette ein auke på 9,7 prosent. Tala omfattar alle føretak unnateke primærnæringane og offentleg forvaltning.

Det viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretaksregister.

Auke på 10,4 prosent

I dei tre første kvartala i 2006 vart det registrert til saman 41 354 nye føretak, mot 37 457 nye føretak i same periode i 2005. Dette er ein auke på 3 897, eller 10,4 prosent, føretak.

Nye føretak kan fordelast på eigarskifte (føretaket vert registrert for å ta over ei eksisterande verksemd) og nyetableringar (representerer heilt nye verksemder). Om lag 95 prosent av nyregistreringane i 3. kvartal 2006 er nyetableringar.

Tala for 2005 er oppdaterte i høve til tidlegare kvartalspubliseringar, og føretak registrert ut frå endringar i overgangsregel E i skattelova er haldne utanfor (sjå Nye føretak, 4. kvartal 2005 publisert 24. februar 2006 for ei forklaring av overgangsregel E og endringa).

Meir i Statistikkbanken

I Statistikkbanken finn du òg nyregistreringar og nyetableringar fordelte etter næring, organisasjonsform, fylke og kommune. Her finst òg bestandstal per 1. januar 2001-2005 og opphøyrde føretak i 2001-2004.

Tabeller: