23316_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23316
12 prosent fleire nye føretak i fjor
statistikk
2005-03-04T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

12 prosent fleire nye føretak i fjor

I 2004 vart det registrert 12 prosent fleire nye føretak enn i 2003, i alt 46 967 nye føretak. Det vart registrert 12 721 nye føretak i 4. kvartal 2004, ein auke på 16 prosent samanlikna med 4. kvartal 2003. Tala omfattar alle føretak unnateke primærnæringane og offentleg forvaltning.

Det syner statistikk frå Bedrifts- og føretaksregisteret i Statistisk sentralbyrå.

Auke i alle kvartala

Det vart registrert fleire nye føretak i alle kvartala i 2004 samanlikna med tilsvarande kvartal i 2003. Størst var auken frå fjerde kvartal 2003 til fjerde kvartal 2004 med 16 prosent. Til saman er auken frå 2003 til 2004 på 4 988 føretak. Nye føretak kan fordelast på eigarskifte (føretaket vert registrert for å ta over ei eksisterande verksemd) og nyetableringar (representerer heilt nye verksemder). 92 prosent av dei nye føretaka er nyetableringar. Nyetableringane auka med 11 prosent, medan eigarskifta auka med 21 prosent.

Prosentfordeling føretak og tilsette i nye føretak

Nye føretak etter organisasjonsform. 2004

Flest nyetableringar innanfor forretningsmessig tenesteyting

Flest nyetablerte føretak i 2004 finst innanfor eigedomsdrift, utleigeverksemd og forretningsmessig tenesteyting (36 prosent) og varehandel (15 prosent). Den største auken i nyetableringar frå 2003 til 2004 er innanfor helse- og sosialtenester og finansiell tenesteyting og forsikring (25 prosent), deretter kjem andre sosiale og personlege tenester (19 prosent) og byggje- og anleggsverksemd (17 prosent). Den største nedgangen er innanfor hotell- og restaurantverksemd, der det i 2004 vart registrert 176 færre nyetableringar enn i 2003, ein nedgang på heile 15 prosent. Men talet på eigarskifte auka her med 10 prosent.

Ujamn geografisk fordeling av nyetableringane

Eitt av fem nyetablerte føretak i 2004 vart registert i Oslo. Akershus hadde 12 prosent og Hordaland 9 prosent av alle nyetableringane. Færrast nyetableringar vart registrerte i Finnmark (1 prosent), Sogn og Fjordane, Aust-Agder og Nord-Trøndelag (2 prosent).

Det var fleire nyetableringar i 2004 enn i 2003 i alle fylka, unnateke Finnmark som hadde ein nedgang på 1 prosent. Den største relative auken var i Sogn og Fjordane (22 prosent), Vest-Agder (20 prosent), Oppland og Nord-Trøndelag (18 prosent). Lågast vekst i nyetableringar hadde Aust-Agder (4 prosent). Den største absolutte auken var i Oslo med 867 fleire nyetableringar i 2004 enn i 2003.

Flest nye enkeltpersonføretak, men flest tilsette i aksjeselskap

Nesten to av tre nye føretak i 2004 var enkeltpersonføretak (figur 1). Delen enkeltpersonføretak av alle nye føretak gjekk ned frå 66 prosent i 2003 til 62 prosent i 2004. Vel eitt av fire nye føretak i 2004 var aksjeselskap. Men aksjeselskapa utgjer vel halvparten av alle eigarskifta. Aksjeselskap hadde den største absolutte auken frå 2003 til 2004 med 1 862 fleire føretak (17 prosent). Nyetablerte føretak har få tilsette, dei fleste tilsette i nye føretak finst i eigarskifta. Eigarskifta utgjorde berre 8 prosent av nye føretak i 2004, men hadde 79 prosent av alle tilsette (figur 2). I 2004 var 81 prosent av dei tilsette i nye føretak i aksjeselskap, mot berre 10 prosent i enkeltpersonføretak.

Meir i Statistikkbanken

I Statistikkbanken er nye føretak fordelte etter nyetableringar og eigarskifte, næring, organisasjonsform og fylke. Her finn du òg bestandstal per 1. januar 2001-2004 og opphøyrde føretak i 2001-2003.

Tabeller: