23373_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23373
11 292 nye føretak
statistikk
2004-11-26T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak3. kvartal 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

11 292 nye føretak

Det vart registrert 11 292 nye føretak i Noreg i tredje kvartal 2004. Dette er ein auke på 1 203 (12 prosent) i høve til same kvartal i fjor. Tala omfattar alle føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.

Det viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretaksregister.

Auke i høve til førre kvartal

I høve til andre kvartal 2004 er det ein auke på 1 288 (13 prosent) i talet på nyregistreringar. I dei tre fyrste kvartala i 2004 vart det registrert 3 232 fleire nye føretak enn i same periode i 2003. Dette utgjer ein auke på 10 prosent.

Om lag 94 prosent av nyregistreringane er nyetableringar. Det vil seie at føretaket ikkje er registrert for å ta over ei eksisterande verksemd i samband med eit eigarskifte.

Meir i Statistikkbanken

I Statistikkbanken finn du òg nyregistreringar og nyetableringar fordelte etter næring, organisasjonsform og fylke. Her finst òg bestandstal per 1. januar 2001-2004 og opphøyrde føretak i 2001-2003.

Tabeller: